Kan ei felles skriveoppgave vere limet i skolebasert kompetanseutvikling?

Vi har mange 1-10-skular i Noreg. Å samle seg om eit utviklingsarbeid som gjeld heile skulen kan ofte vere utfordrande for desse skulane. 

Vi har mange 1-10-skular i Noreg. Å samle seg om eit utviklingsarbeid som gjeld heile skulen kan ofte vere utfordrande for desse skulane. Med denne ressursen vil vi vise eit døme på at eit felles skrivetema kan vere limet som held fast på fellesskapskjensla ved skulen. Vi vil slå eit slag for at fellesopplevingar med utgangspunkt i skriving kan vere eit supplement til aktivitetsdagar og skulegardsfestar. Ein kan til dømes tenkje seg årlege skriveveker, forankra i skriveplanar, på same vis som haustdagen og skidagen er forankra i aktivitetskalenderen. Temaet må sjølvsagt endrast frå eitt år til det neste, men med litt fantasi og med kompetansemåla i læreplanen som utgangspunkt, kan ein finne skrivetema som er motiverande for alle elevane frå 1. til 10. trinn. Når ein til dømes arrangerer felles skriveveker, opnar det seg også naturlege arenaer der elevane blir autentiske mottakarar for kvarandre sine tekstar.

Skolebasert kompetanseutvikling

Ein svært heldig bieffekt av å bruke skriving som utgangspunkt for ei fellesoppleving er at det vert skapt ein naturleg arena i personalet for å diskutere kva god skriveopplæring er. Kva kjenneteiknar ein god tekst på tredje trinn? Kva kan ein forvente av ein skrivar på åttande trinn? Kva slags støtte kan vi som lærarar tilby elevane før skrivinga tar til, og undervegs i skriveprosessen?

At lærarar utvekslar gode skriveoppgåver og diskuterer kva god skriveopplæring er, på tvers av fag og klassesteg, trur vi kan vere svært nyttig i ein implementeringsfase av ei satsing på skriving, noko som er heilt i tråd med intensjonane for skolebaserte kompetanseutvikling:

«Kompetanseutviklingen skal foregå på skolen for alle ansatte. God organisasjonskultur er en forutsetning for kollektiv endring, og derfor blir også måter skolen lærer på kollektivt, som organisasjon, viktig i dette arbeidet». (Rammeverk for skolebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet 2012–2017)

1814 – 2014

 Eidsvoldsbygningen

 «Enig og tro til Dovre faller» runget gjennom Rikssalen den 20. mai 1814. Med denne eden viste eidsvollsmennene sitt samhold, de la krangel og stridigheter bak seg, og med hender som holdt sammen i en broderkjede avsluttet de seks intense uker på Eidsvoll. Oppdraget deres var sluttført; de hadde erklært Norge som en fri nasjon etter mer enn 400 år i union med Danmark, de hadde valgt en konge for landet og gitt den nye nasjonen en grunnlov. Grunnlaget for det norske demokratiet var lagt. (http://www.eidsvoll1814.no/)

Grunnlova 1814–2014

I det følgjande undervisningsopplegget, «Grunnlova 1814-2014», skisserer vi korleis alle elevane på ein 1-10 skule kan arbeide med same tema, dei historiske hendingane kring skrivinga av Grunnlova på Eidsvoll i 1814. Undervisningsopplegget er forankra i fleire læreplanmål og i «prinsipp for god skriveopplæring»

Prinsipper for god skriveopplæring

I samband med 17. mai-feiringa skal det vere ei tekstutstilling der alle elevane får stille ut tekstane sine. Heile bygda vert inviterte til 17. maiarrangementet, og gjennom at tekstane til elevane vert publiserte på denne måten, får dei reelle mottakarar. Skrivinga blir halden fram som viktig, noko som er med på å skape motivasjon for å skrive. For elevane vert det ekstra viktig å lage produkt dei kan vere stolte av å vise fram. Tekstutstillinga blir ein felles publiseringsarena for heile skulen og er med på å knytte elevane saman på tvers av årssteg. Vi viser her døme på korleis elevar på åttande trinn skriv artiklar, korleis elevane på femte trinn lagar brosjyrar og korleis elevane på fyrste trinn lagar figurdikt.
Sjølv om opplegget som vi beskriv i denne ressuren fann stad ved 200-årsjubileet for Grunnlova, er tematikken likevel aktuell kvart år i samband med feiringa av nasjonaldagen. Dette opplegget kan også tilpassast andre emne, som til dømes FN og menneskerettar, miljøvern, Nobels fredspris eller Stortingsval.

Grunnlovsjubileet 1814 – 2014, 8. trinn

 Kompetansemål etter 10. årssteg i samfunnsfag

 Utforskaren

  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar

 Historie

  • finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  • presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
  • gjere greie for idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og beskrive følgjer dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg

 

 Førskrivefase

I oppstarten av arbeidet med eit nytt emne er det formålstenleg å aktivere elevane sine 

VØL-oppslagstavle

forkunnskapar. Her kan ein nytte ulike førskrivingsstrategiar, til dømes eit VØL-skjema, der V-en i skjemaet viser kva elevane veit om emnet, og Ø-en viser kva elevane ønskjer å vite og  L-en viser kva elevane har lært etter å ha arbeidd med temaet, anten før sjølve skrivinga tar til eller etter at skriveprosessen er ferdig. Døme på eit VØL-skjema

Tenkeskriving er ein annan aktivitet ein kan nytte i denne fasen av skriveprosessen. Kva kan eleven frå før? Kva skjedde i perioden før Noreg fekk den nye Grunnlova? Veit elevane noko om den amerikanske og den franske revolusjonen?

Tenkeskriving i grunnskolen

For samfunnsfaglæraren går jobben i stor grad ut på å trekkje linjer frå ein periode til ei annan – læraren må hjelpe elevane til å sjå dei store linjene i historia. Tidslina kan vere ein god reiskap i dette arbeidet. Ved hjelp av tidslinja vert det enklare å hekte ny kunnskap på allereie erverva kunnskap.

I denne fasen treng elevane vidare å lese og skrive seg til meir kunnskap om emnet.  Læreboka er ei kjelde elevane kan bruke, men for dette temaet finst det også mange gode nettstader. Skular som til dømes har geografisk nærleik til Eidsvoll kan besøke museet, mens skular andre stader i landet kan bruke nettsida deira aktivt.

Eidsvoll 1814

Skriveppgåva som elevane får lyder slik:

Skriv ein fagtekst der du gjer greie for årsakene til at Noreg fekk sin eigen Grunnlov i 1814. Teksten din skal stillast ut på tekstutstillinga 17. mai.

  • Bygg opp teksten som ein artikkel
  • Bruk emneorda som støtte i skrivinga

Emnehjelp/ordbank

 Union med Danmark
 Flåteranet
 Hungersnaud
 Aukande nasjonalkjensle
 Grunnlov
 Napoleon
 Maktfordeling
 Menneskerettar

 Eidsvoll
 Kristian Fredrik
 Karl Johan
 Falsen
 Stormannsmøtet
 Riksforsamlinga
 Kielfreden
 Mossekonvensjonen

For nokre elevar kan denne oppgåva vere til hjelp før sjølve skrivinga av fagteksten tar til

 

 ÅRSAKER TIL DET SOM SKJEDDE I 1814
 Studer lista over årsakene til at Noreg fekk eiga Grunnlov og kom i union med  Sverige.

  • Storbritannia røva dei dansk-norske krigsskipa i København
  • I januar 1814 vart Kielfreden inngått
  • Kristian Fredrik ønskte å bli konge i Noreg
  • Karl Johan ønskte å utvide territoriet sitt
  • Det var hungersnaud i Noreg under krigen mot Storbritannia
  • Norske embetsmenn ønskte eit meir sjølvstendig Noreg

 a) Skriv årsakene ned på eit ark og ranger dei etter kor viktige de meiner at dei er.
 b) Kva for årsaker vil de seie er grunnleggjande og kva for årsaker er utløysande?        Skriv G framfor dei årsakene som er grunnleggjande og U framfor dei årsakene de  meiner er utløysande.
 c) Skriv ned årsakene på eit ark slik at dei dannar ein sirkel. Trekk ein strek mellom  dei årsakene som de meiner har ein samanheng med kvarandre.

Skrivefase

I skrivefasen kjem elevane i gang med skrivinga. Dei treng ofte hjelp til å avkode oppgåva, slik at dei har klart føre seg kva dei skal skrive om. Her kan det vere lurt at læraren hjelper elevane med å tolke oppgåveteksten. Det kan til dømes gjerast ved at læraren tek oppgåveteksten opp på skjerm eller tavle og samtalar med elevane om kva oppgåva ber om. I denne samanhengen er viktig å tydeleggjere kva som er formålet og kven som er mottakarane for teksten.

Vidare vil det vere ulikt frå elev til elev kor mykje støtte han eller ho treng i skrivefasen. For nokon vil det å få sjå modelltekstar vere det som gir rammer for skrivinga, mens for andre kan meir konkrete skriverammer vere til god hjelp. Det finst ulike skriverammer – frå dei meir rigide med forslag til startsetningar, til dei meir opne som berre viser ein struktur for teksten. Når skriverammer vert tekne i bruk i skriveopplæringa, er det viktig at læraren driv tilpassa opplæring og går i dialog med kvar einskild elev om kva for støtte han eller ho treng. 

Her ser du eit døme på ei open skriveramme til denne oppgåva

 Innleiing:

 

 

 TEMA:

 Temasetning:


 

 

 TEMA: 

 Temasetning:


 

 

 TEMA: 

 Temasetning:


 

 

 Avslutning:

 

 

Skrivestrategier for førskrivingsfasen

Døme på ei open skriveramme (pdf)

Revisjonsfase

Læraren samlar inn fyrsteutkasta av teksten og gir respons etter prinsippa for læringsfremmande undervegsvurdering (sjå «Fem teser for funskjonell respons på elevtekster»). Det er viktig at responsen motiverer for revidering og at han er forma på ein slik måte at eleven kan nyttiggjere seg han. Her kan læraren til dømes gi videorespons, sjå lenke nedanfo, eller kommentarar i margen. Elevane kan òg gi respons til kvarandre. Det kan vere greitt for elevane å ha ei kriterieliste for kva dei skal sjå etter når dei gir elevrespons. 

 Tema

 

 Kjem tema klart fram i teksten?

 Er det noko som er uklart? Kva?
 Overskrift

 

 

 

 Vert lesaren fengja av overskrifta?

 På kva måte gjer ho lesaren interessert?

 Passar overskrifta til teksten? Kvifor?

 Om ikkje, kva kunne gjort oversktifta betre?
 Innleiing

 

  Vekkjer innleiinga interesse hos deg? Kvifor?

 Om ikkje, kvifor?

 Vert temaet for teksten presentert? 
 Hovuddel

 

 

 Avsnitt 1, 2, 3

 Vert temaet for avsnittet presentert i kvart avsnitt?

 Er det oversikteleg kva som er temaet for det einskilde avsnittet?

 Svarar kommentarsetningane på temaet for avsnittet?
 Avslutning

 

 

   Er teksten skriven med ein sirkelkomposisjon som gjer at avslutninga tek  opp att tråden frå innleiinga?

 Vert det konkludert i avslutninga?  Husk at det ikkje skal kome noko nytt  her.

 Er avslutninga ei oppsummering av temaet for teksten?

Skrivestrategier, se videorespons

Elevane reviderer tekstane dei har skrive på bakgrunn av responsen dei får frå læraren. 

Sluttføringsfase

I sluttføringsfasen legg elevane siste hand på verket. Dei må vaske teksten sin for skrivefeil, finne ut kvar eventuelle bilete skal plasserast og gjere teksten fin og lesbar for dei som skal besøke tekstutstillinga på 17. mai.

Les meir om gode sluttføringsstrategiar

Grunnlovsjubileet 1814 – 2014, 5. trinn

 Kompetansemål 5.-7. årssteg i samfunnsfag
 Utforskaren:

  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart
  • bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett
  • skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder

 Historie:

  • fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida, og gjere greie nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden

I dette opplegget får elevane denne oppgåva:

Lag ein brosjyre der du presenterer sentrale hendingar i samband med at vi fekk Grunnlova. Brosjyrane skal stillast ut på tekstutstillinga 17. mai.

Førskrivefase

  • For å aktivere forkunnskapane hos elevane brukast tenkeskriving: Kva veit eg om grunnlovsjubileet?
  • Gjennomgang av fagstoff ved læraren. Kva skjedde før og i 1814? Hekte ny kunnskap på det elevene allereie kan om 1814. Læraren bruker bilete som støtte. Læresamtale og dialog i klassa undervegs i gjennomgangen.

Skrivefasen

I skrivefasen vert elevane delt i grupper med tre elevar i kvar gruppe, og dei jobbar med å lage strukturerte tankekart over det dei no kan om emnet. I den prosessen går det føre seg ein viktig samtale kring fagstoffet. Elevane må forklare for kvarandre og får slik styrka kunnskapen dei har om perioden:

Tankekart 1

 

Tankekart 2

 

Hendingane vert deretter sytematiser på ei tidsline:

Tidslinje

Læraren viser fram skriveramma for brosjyren og går gjennom korleis ho kan brukast som støtte for den endelege brosjyren:

Skriveramme for brosjyre 

 Side

 Bilete

 Overskrifter 

 Skriv inn  stikkord

 Side 1  (Forside)  Framsidebilete (Flagg,  Eidsvolls- bygningen el.)

 

 Tittel

 

 Namn på dei i gruppa
 
 Side 2

 

 Bilete som passar til teksten.

 (Krig, fred, konger)

 

 Kielfreden:

 -Kva skjedde mellom Sverige     og Danmark- Norge?
 
 Side 3

 Bilete av riksforsamlinga

 

 

 

 

 Riksforsamlinga:

 - Når var det?

 - Kven var med?

 - Kvar i Noreg kom dei frå?

 - Korleis kom dei seg dit?
 
 Side 4  Bilete av Falsen

 

 

 Christian Magnus Falsen:

 - Kven var han?

 - Kva for rolle hadde han i          arbeidet med Grunnlova?  
 
 Side 5

 Bilete

 

 

 Noregs Grunnlov:

 - Når vart ho vedtatt?

 - Kva handlar ho om?
 
 Side 6  

 

 Oppsummering.

 Referansar, kjelder
 

Elevane sit saman i grupper og fyller ut skriveramma. Dei bruker både bøker og Internett for å finne meir stoff om emnet. 

Her er eit døme på ei utfylt skriveramme

Utfylt skriveramme

Lærarane er tett på elevane i skriveprosessen og rettleier dei undervegs i arbeidet. Etter at skriveramma er fylt ut og planlegginga av kva som skal vere med i brosjyren er ferdig, skriv elevane dei små sammendraga som skal vere på dei ulike stadene i brosjyremalen.

Elevane set inn bilete som passar til teksten.

 

Revisjon og sluttføringsfase

Elevane og læraren les gjennom brosjyra saman og blir einige om eventuelle endringar som må gjerast.

Døme på ferdig elevbrosjyre

Elevbrosjyre

Elevbrosjyre 2

Elevbrosjyre 3

 

Grunnlovsjubileet 1814 – 2014, 1. trinn

 Kompetansemål etter 4. årssteg i samfunnsfag:

  • formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei
  • samtale om kvifor og korleis ein feirar 17. mai og 6. februar, og fortelje om nasjonaldagane i nokre andre land.

 Kompetansemål etter 2.årstrinn i norsk:

  • skrive enkle beskrivende og fortellende tekster
  • skrive etter mønster fra enkle eksempeltekster og ut fra andre kilder for skriving
  • samtale om innhold og form i eldre og nyere sanger, regler og dikt

Førskrivefase

Det kan òg vere formålstjenleg å arbeide i tverrfaglege skriveprosessar. I dette opplegget synliggjer vi korleis kompetansemål i samfunnsfag kan brukast i førskrivefasen, medan kompetansemål frå norskfaget dannar grunnlaget for sjølve skriveoppgåva.

Elevane får i oppgåve å lage figurdikt om 17.mai. Før sjølve diktskrivinga tar til, treng elevane kunnskap om emnet. Her vil det vere ulikt frå elev til elev på kva for førkunnskapar dei har. Nokre veit kanskje at 17. mai er «bursdagen til Noreg» og at ein da kan ete så mykje is ein vil, medan andre sit inne med kunnskap om kva ein nasjonaldag er og kanskje også noko om den historiske hendinga som fann stad på Eidsvoll i 1814.

Læraren tar utgangspunkt i kompetansemålet i læreplanen som seier at ein skal samtale om kvifor og korleis ein feirar 17.mai. Det er naturleg å samtale med elevane kring desse spørsmåla:

  • Kvifor feirar vi 17. mai?
  • Kva skjedde på Eidsvoll i 1814?
  • Korleis var det i Noreg på den tida Grunnlova vart skriven?
  • Kva gjer vi når det er 17. mai?

Her kan læraren med fordel støtte klasseromsdialogen med bilete. I tillegg til bilete kan læraren gjerne lese høgt for elevane sine i førskrivefasen. Fleire barnebøker vart gitt ut i samband med grunnlovsjubileet.

Litteraturanmeldelser i Dagbladet

Skrivefase

I skrivefasen flyttar klassen seg frå dei historiske hendingane på Eidsvoll, mot det dei sjølv forbind med 17. mai.

Oppgåva går ut på å skrive 17. mai-dikt utifrå eit fast mønster, nemleg eit figurdikt forma som ein gut eller ei jente. Skriveprosessen startar med modellering av figurdiktmalen på tavla. 

Slik ser malen til figurdiktet ut: 

 

namn
kva har du på deg?
noko du liker med 17.mai
noko du gjer på 17.mai
kva er 17.mai?
namn

 

Før sjølve skrivinga tar til, kan det vere hensiktsmessig å idémyldre rundt kva dikta kan handle om. Her kan læraren til dømes lage tankekart og skrive sitt eige figurdikt på tavla. Her er det fint at lærraren samtaler med elevane om dei vala han/ho tar i utforminga av sitt eige dikt.

Elevane arbeider individuelt med figurdikta sine, medan læraren går rundt og hjelper dei som treng ekstra støtte.

Publisering

For elevane kan det liggje ekstra motivasjon i  å syne fram det ferdige diktet for klassekameratane. AIle elevane presenterer dikta sine, og dikta vert hengde opp i klasserommet.  I tillegg er figurdikta på plass under tekstutstillinga i samband med 17. maifeiringa i bygda. Det er stor stas for ein fyrsteklassing å syne fram diktet sitt for mor, far, besteforeldre eller andre han feirar dagen saman med!

Tilpassa opplæring

Elevane har kome ulikt i skriveutviklinga si, nokre elevar skriv med store bokstavar, nokre med små. Læraren er til stades i klasserommet og rettleier og støttar elevane medan dei skriv og fargeleggjer figurdikta sine.

Veileda skriving med dei yngste elevane

Her er døme på ferdige figurdikt

 

Figurdikt 1 Figurdikt 2  Figurdikt 3
Figurdikt 4 Figurdikt 5 Figurdikt 6

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!