Skrivestrategiar når elevane skriv nynorsk

Når ein skriv nynorsk er det særleg viktig med emnehjelp på nynorsk.

Elevane les og ser lite nynorsk rundt seg, difor må skulen gje nødvendig hjelp til å utvikla elevane sine språkkunnskapar og språklege tryggleik, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål.

Når elevar skriv om eit fagleg tema, påverkar kjeldene elevtekstane sterkt. Når ein arbeider med skriving som grunnleggjande ferdigheit på nynorsk, er det difor viktig å ha tilgjengelege tekstlege førebilete på nynorsk. Det kan vera modelltekstar og mønstertekstar, og det kan vera faglege kjelder i tillegg til læreboka. Nettleksikon som Nynorsk wikipedia og Allkunne, dessutan nettavisa Framtida.no og tekstbasen til Nynorsksenteret kan vera til god hjelp i dette arbeidet.

Å lesa fagstoff på nynorsk vil også vera ei støtte når det gjeld syntaks, bindeord og anna når ein skriv på nynorsk. Til dømes vert bruk av passivformer framheva som eit trekk ved naturfagleg skriving.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!