Til hovedinnhold

Hovednavigasjon og hjelpeverktøy

Korleis kan ein betra elevane sine ferdigheiter i sidemål?

- om skuleutvikling og endring av praksis. Grep som eit norsklærarkollegium ved ein bokmålsskule tok for å endra praksis.

Utgangspunktet på skulen

Lærarane skildra utgangspunktet slik: «Hovudmålet til elevane våre er bokmål. Dei har få naturlege språkmøte med nynorsken og har sjeldan eit personleg forhold til nynorsk. Før prosjektet starta, opplevde vi at elevane mangla motivasjon til å arbeide med sidemålet, og vi leitte etter motiverande måtar å drive god opplæring i nynorsk.» Skulen er ein ungdomsskule i Oslo-området med seks parallellar og eit fagleg sterkt og engasjert norskkollegium.

«Sidemålsfilteret»

I litteratur om andrespråkslæring har Stephen Krashens hypotese om eit «affektivt filter» som kan hemma eller letta innlæringa av eit språk vore sentral (Krashen, 1983). Tanken er at eit «affektivt filter» som kan handla om at stress eller manglande motivasjon, kan vera til hinder for språklæring. Dette «sidemålsfilteret» er det mogleg for skulen og eit norsklærarkollegium å gjera noko med. Når alle norsklærarane på eit steg synte at dei meinte alvor med nynorsksatsinga med å byrja og halda fram med å skriva vekeplanar på nynorsk, vart elevane møtte med ei felles, gjennomtenkt haldning.

Hypotesen har vorte skulda for å vera forenklande fordi han har ei noko mekanisk forståing av språktileigning (sjå t.d. Hertzberg, 2001). Like fullt kan omgrepet vera skildrande for nokre problem med sidemålsundervisninga som har med kjensler eller haldningar å gjera.

Læreplanen, grunnleggjande ferdigheiter og sidemål

Å lesa og å skriva nynorsk er ein del av arbeidet med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter. Synnøve Skjong omtalar synet på «literacy» i Kunnskapsløftet slik: «Dette gjer kunnskap om og forståing av den norske språksituasjonen saman med meistring av bokmål og nynorsk til ein del av det norske danningsgrunnlaget eller til literacy på norsk» (Skjong, 2011, s. 39). På norsk vert ofte omgrepa skriftkunne eller lesekompetanse brukt for å setje ord på kva literacy er. Meir om omgrepet literacy. Å lata elevane møta nynorsk som bruksspråk på skulen, er ein didaktisk konsekvens av vekta på literacy i Kunnskapsløftet. I læreplanen for norsk vert det slått fast at på ungdomssteget skal elevane lesa tekstar på bokmål og nynorsk og skriva ulike typar tekstar på hovudmål og sidemål.

Skuleutvikling

«Om ein vil lukkast med skuleutviklingsarbeid, er det viktig å forankra det på skulen», skriv Sigrun K. Ertesvåg. Leiinga må vera med, og personalet som deltek, må stø opp om det. Ein vil aldri kunne rekne med at alle vil støtte opp om intervensjonen, men ein tommelfingerregel kan vere at om ikkje leiinga og 80-85 prosent av dei tilsette forpliktar seg til intervensjonen, bør ein ikkje starte opp (Ertesvåg 2012, s. 46). I utgangspunktet var det norsklærarane som skulle ha tiande steget som vart samde om ei nynorsksatsing. Bibliotekaren var med som ein ressursperson. Ho hadde eit godt overblikk over ungdomslitteratur på nynorsk, og hadde ei viktig rolle i å kjøpa inn fleire bøker på nynorsk, tilrå bøker for elevar og lærarar, og synleggjera nynorskbøker på biblioteket. Leiinga var positive til prosjektet. Det varierte noko i kva grad dei var direkte med i arbeidet, men i det andre året av prosjektet leidde rektor fellesmøte for norskseksjonen på dei tre stega. Prosjektet vart forankra i norskkollegiet, bibliotekar og til dels i leiinga.

Ein viktig faktor om ein ynskjer ei stabil endring av praksisar ved skulen, og ikkje berre eit prosjekt som går over, er å etablera rutinar (Ertesvåg, 2012, s. 30). Gjennom prosjektet har norsklærarane, fyrst på tiandesteget og sidan på alle tre stega, etablert ein felles årleg planleggingsdag som vert brukt på å planleggja arbeidet med nynorsk. Der vert mellom anna dei morosame tinga som forfattarbesøk, dramaveke og liknande fordelte på trinna. Dei har også jamleg felles seksjonsmøte om nynorsksatsinga leidde av rektor gjennom året. Arbeidet med å etablera rutinar har også handla om nynorsk som bruksspråk ved skulen. Norsklærarane som hadde tiande fyrste året i satsinga etablerte nynorsk som vekeplan- og fronterspråk i sine klassar, og har halde fram med det når dei har fått nye klassar. For desse har dette vore ein rutine som har kravd involvering og samsnakking, og dermed har det fungert stabiliserande for satsinga. Med at nynorsksatsinga vart utvida til heile ungdomssteget vart denne rutinen gjennomført i stor grad, men ikkje heilt konsekvent.

Då nynorsksatsinga vart utvida til å gjelda alle tre stega på skulen, delvis etter ynske frå norsklærarane på dei andre stega, var lærarane opptekne av å finna element som kunne vera felles for alle trinna. Lærarane hadde eit felles planleggingsseminar og jamlege møte, men dei ville ha noko som også var felles for elevane. Dei avgjorde at dei ville ha ei nynorskveke. VEKA 2014 vart ho heitande fyrste gongen. Veka starta og avslutta med fellessamlingar for alle elevane og lærarane, og gjennom veka arbeidde elevane i grupper med trinnspesifikke oppgåver. Dei brukte norsktimane til dette, men fekk «låna» nokre timar frå andre fag. Det vart ikkje stilt krav til lærarar i andre fag om bidrag, men nokre greip høvet og brukte nynorsk i kommunikasjonen med elevane i faget sitt denne veka.

To år er ikkje nok til å vita om eit utviklingsarbeid kjem til å ha varig effekt. Det ein kan seia er at denne satsinga har element med potensial til å verta rutinar, og som er mogleg for andre å ta i bruk.

Kva vart gjort?

Eksempel på aktivitetar gjennom året:

  • Arbeid med lesestrategiar knytt til tekstar på nynorsk
  • Dramaveke der elevane set opp nynorske stykke som Verdas mest forelska par, Bikubesong osb.
  • Nynorske bøker stilte ut i biblioteket
  • Skrivekurs med nynorskforfattar om å skriva spennande
  • Elevane vart presenterte for nye nynorske ungdomsbøker
  • Skulens årlege skrivekonkurranse var på nynorsk dette året
  • Veka 2014 der elevane på kvart steg arbeidde i grupper gjennom veka med å laga eit produkt på nynorsk (teikneserie/reklame/musikkvideo)
  • Nynorsk lærebok i mat og helse

Eit stabilt element var kommunikasjonen frå lærarane og vekeplanar på nynorsk gjennom året. Ein del av desse aktivitetane var moglege å gjennomføre av di skulen hadde fått ekstern pengestøtte (som teaterkurs på Det Norske Teatret, skrivekurs med forfattar), medan andre kunne gjennomførast innanfor dei vanlege rammene.

Kva seier lærarane om den nye praksisen?

Det var berre to av lærarane som skreiv nynorsk til vanleg frå før, og desse vart mykje brukte til å lesa over tekstar før dei skulle ut. For dei andre lærarane innebar dette å utsetja seg sjølve for noko av det same som elevane vert utsette for når dei skriv på sidemålet.

Ein av lærarane skildrar det slik: «Når nynorsk ikkje er mitt skriftspråk eller det eg skriv til vanleg, så har ein lettare for å gjera feil og må sjekka meir at ting er rett, og då vert det ein barriere for å setja i gang. Ein må våga litt, og våga å gjera feil, for det gjer ein jo. Av og til seier me til elevane «Ok, no er det ein feil på denne vekeplanen, den kan de finna». Samtidig kan det vera litt fint å kjenna på den kjensla av å vilja ha det rett og vera redd for at ein ikkje får det til, for det er kanskje litt sånn elevane har det.»

Ein av lærarane skildrar korleis satsinga har ført til meir fagleg samarbeid mellom lærarane på steget hennar:

«Eg trur det er viktig at ein snakkar saman og at det er rom for å ikkje vera perfekt, at ein ikkje vert halshoggen om ein gjer feil. Og det er viktig at me er trygge på at me kan hjelpa kvarandre. Dette prosjektet har ført til at me som har norsk på trinnet har måtta møtast oftare og snakka saman, og det har vore nyttig. Det har blitt eit fagforum.»

Elevane har særleg uttrykt at det har vore morosamt med teaterverkstad, drama og skrivekurs. Elles har det vore nemnt at dei føler dei kan fleire ord og uttrykk for å binde teksta saman. Det er lettare å skrive nynorsk enn tidlegare. Nynorsk er mindre framand.

Litteratur

Ertesvåg, S. K. (2012). Leiing av endringsarbeid i skulen. Oslo: Gyldendal akademisk.

Hertzberg, F. (2001). Tusenbenets vakre dans. Rhetorica Scandinavica, 2001(18), 92-105.

Krashen, S. (1983). Second language acquisition and second language learning. Oxford: Pergamon Press.

Skjong, S. (2011). Norskspråkleg kompetanse etter LK06: toskriftkompetanse i alle fag.

I B. K. Jansson & S. Skjong (Red.), Norsk = nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen (s. 33-48). Oslo: Samlaget.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!