Til hovedinnhold

Hovednavigasjon og hjelpeverktøy

Frå dikt til teikneserie og film

Ved å studere og prøve ut modalitetar i ulike medium og sjå på samspelet mellom dei, kan elevane få ei utvida forståingsramme for å kunne tolke ein tekst.

Omforming frå ein modalitet til ein annan

I Kunnskapsløftet si beskriving av å kunne lese i norsk, les vi at «å kunne lese i norsk er å skape mening fra tekster fra nåtid og fortid i et bredt utval sjangre», og i kompetansemåla finn vi at elevane skal kunne «beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder» (LK 06). Elevane skal også kunne «lese og analysere tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og formidle mulige tolkninger». I arbeidet med å planlegge og omforme ein tekst blir elevane utfordra i lesinga ved at dei må diskutere og reflektere over ulike alternative måtar å tolke på for så å kome fram til ei sjølvstendig tolking av teksten. Å setje eigne ord på korleis ein forstår eit dikt er faktisk også ei slags omforming av tekst, ein må reflektere over kva det vil seie å tolke eit dikt.

Å lese handlar altså om å skape meining i ein skriftleg tekst. Ofte er teksten samansett av ulike modalitetar som til saman utgjer ei heilskapleg ramme for korleis vi kan tolke og forstå teksten. Modalitetar er ulike uttrykksmåtar, som skrift, bilete, lyd, rørsle osb., som alle er med på å skape meining både kvar for seg og i samspel. Når ein verbaltekst blir framstilt ved hjelp av andre modalitetar som t.d. teikningar, illustrasjonar, foto, diagram eller på andre måtar er visualisert eller dramatisert, har teksten blitt omforma eller re-designa (Anne Løvland, 2013). Omforming frå ein modalitet til ein annan er i seg sjølv ein strategi som kan fremje læring.

Omforming frå dikt til teikneserie

Dikt er ein sjanger som i seg sjølv innbyr til omforming fordi det gjerne har ein struktur og ei form med mange tomme rom som må fyllast med meining. I eksempel 1, nedanfor, har teikneserieskaparen Lise Myhre, som er kjend for teikneserien Nemi, teke fatt i diktet «Eg er sorg og glede» av Tor Jonsson og sett det inn i si tolking av diktet som ein teikneserie. Med utgangspunkt i diktet og teikneserien kan elevane få ta del i ein tolkingsprosess der dei diskuterer korleis Lise Myhre har valt ut moment i diktet som kjem i forgrunnen i omforminga, og kva moment som kjem i bakgrunnen eller blir borte. I si tolking av diktet har kunstnaren plassert eg-personen i eit Nemi-univers der ho i dette tilfellet berre brukar nyansar av svart og kvitt. Kva gjer slike grep med forståinga vår av diktet? Når vi skal omforme eit dikt til ein teikneserie rår vi over ei rekkje visuelle verkemiddel som elevane må velje frå når dei skal tolke og omforme sjølve.

Eksempel en frå Nynorsksenteret, Nemi

Omforming frå dikt til animasjonsfilm

Eksempel 2 viser ei omforming frå eit dikt til ein animasjonsfilm med lyd. Animatøren Magnhild Winsnes har vorte inspirert av diktet «Kra kra» av Marit Tusvik til å lage filmen «Kråkebollebilly». I filmen ser vi at kunstnaren har framheva eigenskapar ved kråkebollen som ho meiner er med på å understreke temaet i diktet. Dei kvasse piggane ho har gitt kråkebollen, er ei visualisering av ein undertekst som ikkje er direkte uttrykt verbalt, men som gjerne kan lesast inn mellom tomromma i teksten. Temaet vennskap og prosessen med å skaffe seg vener har teiknaren prøvd å konkretisere ved at ulike ting og ord blir leika med og kopla saman. Ikkje alle passar like godt saman, kan det sjå ut til, men korleis kan vi tolke resultatet som kjem ut av leiken med orda? Dette eksemplet kan vere eit utgangspunkt for ein samtale om korleis ein kan tolke og framstille også det som ikkje er direkte formulert i eit dikt. Sjølv om målgruppa for animasjonsfilmen først og fremst er yngre barn, vil både tema, tolkings- og omformingsprosess vere minst like aktuelt for elevar på ungdomstrinnet.

Eksempel to frå Nynorsksenteret, Kråkebollebilly

Arbeid med omforming i skulen

Ved å studere og prøve ut modalitetar i ulike medium og sjå på samspelet mellom dei, kan elevane få ei utvida forståingsramme for å kunne tolke ein tekst. I dei fleste teikneseriar får vi informasjon både gjennom skrift og bilete. Den eine modaliteten påverkar korleis vi forstår den andre, og modalitetane kan ha ulike roller som til saman gir oss ei heilskapleg forståing (Arild Torvund Olsen, Nynorsksenteret 2013).

I opplegget nedanfor har nokre klassar arbeidd med sjangeren teikneserie for å tolke og omforme tekstar innanfor ulike relevante sjangrar og medium i norskfaget. Oppgåva var å lage ein teikneserie på ei side ut frå eit dikt på nynorsk. Det vart sett av seks timar av ei veke til gjennomføring. Teikneserien «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» av Øystein Runde vart gjeven til kvar elev. Kvar lærar fekk i oppgåve å finne nynorske dikt som var konkrete nok til å vere grunnlag for teikneseriar.

Klassen starta med eit to timars teikneseriekurs. Først tok dei for seg symbolbruk og korleis skrift kan nyttast på ulike måtar, t.d. i snakkebobler, tenkjebobler, tekstboksar og lydeffektar. Her vart det lagt opp til at elevane sjølve skulle få komme fram med eigen kunnskap om emnet. Deretter gjekk dei gjennom «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di». Teikneserien gjev ei lettfatteleg og god innføring i visuelle verkemiddel, med hovudvekt på ulike teikneperspektiv.

Elevane studerte så fleire døme på teikneseriar som var laga med utgangspunkt i ulike dikt. Dikta som elevane skulle arbeide med vart presenterte, og deretter samtala klassen om idear til korleis teksten kunne gjerast om til bilete. Kvar elev fekk så velje seg eit dikt. Elevane planla og utarbeidde teikneserien individuelt. Med utgangspunkt i det dei hadde lært i det innleiande teikneseriekurset måtte dei også ta stilling til kva verkemiddel dei skulle ta i bruk for å få fram innhaldet i teikneserien.

Før dei starta arbeidet med den verkelege teikneserien, laga elevane ei skisse av figurane og ei grovskisse av korleis teikneserien skulle sjå ut. Den ferdige serien vart teikna på A3-ark for betre å få fram detaljane i teikningane og deretter kopiert over i A4. Til slutt presenterte elevane teikneseriane for kvarandre. Elevar med like dikt gjekk saman for å samanlikne og diskutere løysingane dei hadde nytta.

Røynslene til lærarane

Lærarane oppsummerer røynslene sine slik:

Elevane synte eit imponerande engasjement. Tilbakemeldingane var også heilt klare; det her hadde vore «kjempekjekt». Mange gav uttrykk for at det var ekstra kjekt å nytte dikt som bakgrunn for teikneserieskapinga. Dei opplevde det som ein spennande og utfordrande vri, som motiverte meir enn å skape ein teikneserie «ut frå eige hovud».

Seks timar heldt til å gjere ferdig teikneseriane. Dei ivrigaste arbeidde også med oppgåva heime. Ytterlegare ein time gjekk med til presentasjon.

Det var fleire spennande utfordringar undervegs. For nokre var det vanskeleg å teikne dei ideane dei hadde, andre syntest det var ei utfordring å bestemme seg for kva dei skulle formidle av diktet gjennom teikningane sine. Desse utfordringane gav ein god prosess når dei skulle tolke og forstå kva diktet eigentleg handla om. Det var spennande å sjå korleis elevane løyste det, ofte på ulikt vis.

Bruk av biletperspektiv, verkemiddel og symbolbruk varierte også ein del. Mange brukte fleire ulike biletperspektiv og gjorde slik teikneserien variert og spennande. Andre måtte ha hjelp til å sjå korleis ein kunne komme bort frå det same perspektivet i kvar rute.

Prosessen rundt det å bestemme korleis diktet skulle formidlast språkleg i serien, var også utfordrande for mange, og det gav mange ulike løysingar. Skulle diktet skrivast i tekstboksar, som snakkebobler eller begge deler? Var det nødvendig å ta med alt? Kunne ein formidle noko av diktet gjennom bileta og noko gjennom tekst? Spørsmåla var mange, og elevane fekk også her arbeide mykje med innhald og tolking

Vurdering

Det kan vere ei utfordring å vurdere i kva grad eleven har nådd dei nemnde kompetansemåla. For at elevane skal forstå føremålet med oppgåva, er det viktig at dei frå starten av prosessen er med på å diskutere kva som skal vurderast og formulere kjenneteikn på måloppnåing. Det må klargjerast kva som eigentleg er elevproduktet. Kva er ei god tolking av ein tekst, og kva skal leggast vekt på i vurdering av elevproduktet? Sjølvsagt er det ikkje teikneferdigheitene til eleven som skal vurderast her. Vurderinga kan gjerne vere knytt til ei handling der eleven formulerer korleis han har tenkt, og der han må grunngi val han har gjort i omformingsprosessen. Dette kan vere både ei munnleg framføring og eit refleksjonsnotat eleven skriv undervegs.

Som eit alternativ til å teikne sjølve, kan elevane ta i bruk digitale verktøy når dei skal lage eigne teikneseriar. Desse ressursane ligg på nettet og er gratis tilgjengelege. Eit døme på dette er creazaeducation

Forslag til fleire omformingsoppgåver

Litteratur

Løvland, Anne (2013). «Hva har du lært om nyrene?». Karakteristiske trekk ved elevars omforming av læringstekstar. I D. Skjelbred og A. Veum (red.), Literacy i læringskontekster, s.98-s.108. Cappelen Damm Akademisk.

Olsen, Arild Torvund. «Forankring og avløysing – samspelet mellom skrift og bilete»

Utdanningsdirektoratet: Læreplan i norsk

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!