Litterær samtale på 10. trinn - Veien til verdens ende

Elevane på 10. trinn les eit utdrag frå Veien til verdens ende [1] av Sigurd Hoel.

Dette er ein tekst som kan få elevane til å stille viktige spørsmål både om den verda vi lever i og det ansvaret vi har som medmenneske. Tekstutdraget handlar om ein gutegjeng som piner ein geitekilling til han druknar. Kvifor gjer dei det, og kven har skulda, er spørsmål som veks fram av teksten. Vi lever i eit samfunn der vald, og også gruppevald, stadig blir omtala i media, så elevane skulle ha moglegheit til å trekkje parallellar til eigne erfaringar frå eigen kvardag.

Førlesingsaktivitet

Timen starta ved at elevane samtalte to og to om kva dei la i omgrepet gruppepress og om dei nokon gong hadde lese noko som handla om gruppepress, sett film om nokon som vart utsette for gruppepress, eller om dei sjølv hadde vore med på noko dei angra på fordi dei ikkje turde å stå imot gruppepresset. Nokre av elevpara vart så inviterte til å dela kva dei snakka om med heile klassen. Hensikta med ei slik førlesingsaktivitet var å førebu elevane på tematikken i teksten dei skulle lese.

Læraren les teksten høgt for elevane

Deretter valte læraren å lese teksten høgt for elevgruppa som sat samla rundt eit langbord. Læraren var godt førebudd til høgtlesinga. Dette innebar og ei tolking av teksten, for læraren understreka nok si eiga forståing av teksten gjennom tonefall, trykk og tempo. Men fordelen med høgtlesinga var at alle elevane fekk del i same tekstoppleving uavhengig av kva tekniske leseferdigheiter dei måtte ha.

Lærarern legg inn lesepausar ved tydelege vendepunkt

Læraren la inn lesepausar undervegs i lesinga der det var tydelege vendepunkt i teksten [2]. Ved fyrste stopp hadde elevane høyrt innleiinga: Hovudpersonen Anders og nokre vener har fått låne ein robåt. Dei møter kameraten Albert, som dei fryktar, men likevel ser opp til. Når dei er saman med Albert, kan alt skje. Albert har tydeligvis ikkje dei same sperrene som dei andre når det gjeld å gjere ”gale” ting. Elevane blei bedne om å skrive ned tankar og kjensler som teksten hadde sett i gong hos dei i ein leselogg.

Ved neste stopp hadde elevane fått ei nærare presentasjon av personar, miljø og konflikt og ville ha forventningar om vidare handling. Teksten rommar overraskingar, og handlinga kan gå mange vegar. Gutane ror ut til ein holme der det er geiter. Det vert hinta sterkt om at noko uventa skjer på holmen, noko som nesten ikkje kan snakkast om. Elevane skreiv i loggane sine kva forventningar dei hadde til den vidare handlinga på bakgrunn av dei signala teksten hadde gitt dei og kva dei syntes om det dei hadde høyrt.

Siste lesestopp la læraren mot slutten før alle konfliktane var løyst. Under leiing av Albert slepp gutane ein av geitekillingane på sjøen gong på gong, heilt til fleire av dei ikkje vil vere med lenger. Det er berre Albert og Anders igjen. Kva vel Anders? Kva ville dei ha valt? Elevane vart bedne om å setje ord på undringa si. Kan hende var det òg gåtefulle ting i teksten som dei ikkje hadde fått svar på, og som dei kunne ha lyst til å spørje andre om.

Å stille spørsmål til teksten

Med utgangspunkt i loggane ba læraren dei 20 elevane lage tre spørsmål kvar til teksten som dei kunne tenkje seg å diskutere med andre. Så blei elevane sett i fire grupper på fem, og måtte bli einige om kun eitt spørsmål som dei i gruppa syntes kunne vere spesielt interessant å diskutere. Dei fire gruppene lyfta deretter eit spørsmål kvar opp til å vere diskusjonstema. Slik vart 60 individuelle spørsmål redusert til 4. Læraren observerte at gjennom arbeidet med å diskutere kva som var verdt å diskutere, blei mykje godt tekstarbeid allereie gjort. Elevane laga ingen spørsmål der svara var sjølvsagte faktasvar. Det tolka læraren som at dei ikkje fann det meiningsfylt å diskutere det som var opplagt. Dei ville snakke om det dei undra seg over og kanskje ikkje heilt forstod, som at hovudpersonen Anders rauk i hop i ein valdsam slosskamp mot Ole, ikkje mot Albert, på slutten av teksten. Dei laga spørsmål om korleis ein kunne identifisere seg med personane i teksten, korleis ein kunne reflektere over hendingane, og kva aktualitet desse hendingane kunne ha i dag.

Desse spørsmåla vart grunnlaget for diskusjon i klassen:

  • Kvifor har dei andre gutane så stor respekt for Albert?
  • Kva ville du ha gjort viss ein av dine vener hadde kommandert slik?
  • Kvifor sloss Ole og Anders på slutten?
  • Kunne noko liknande skjedd i dag?

Elevtekst, lærartekst og fellestekst

Birte Sørensen presenterer i artikkelen ”Teksten og eleven”[3] tre nøkkelomgrep i arbeidet med litterære tekster: elevtekst, lærartekst og fellestekst. Elevtekst er eleven si spontane tekstforståing i møte med teksten. Det var denne elevteksten læraren prøvde å få fatt i ved å organisere situasjonar der eleven aktivt måtte gå i spontan dialog med teksten og skrive i loggane sine. Lærerteksten er fagpersonen si tolking. I diskusjonen om teksten prøvde læraren å halde tilbake si eiga tolking, for at elevtekstane skulle kome klarare til syne. Fellestekst er i følgje Birte Sørensen det optimale målet for litteraturundervisning. Ein slik fellestekst kan oppstå ”af en proces, hvor lærer og elev sammen er i dialog med teksten, og herigjennem lærer af hinanden og af teksten”.

Vil samtale omkring teksten føre til at elevane får ei utvida forståing av teksten?

Dei unge treng å vere saman om teksttolking. Læraren trur samtale kring tekstar gjer litteraturopplevinga større. Når dei unge får prøvd ut si eiga forståing av teksten mot andre si og verte respektert for sine eigne lesemåtar, kan dei både utvikle den litterære kompetansen sin og kan hende oppnå meir leseglede, slik som læreplanen føreset.

Elevane hadde med seg loggbøkene med dei første tolkningane sine for å hugse kva dei fyrst hadde tenkt om teksten, altså det Sørensen kallar elevtekst. I den vidare diskusjonen viste elevane at dei hadde ei nyansert forståing av personane i romanutdraget, korleis dei handla og kva relasjonar dei hadde til kvarandre, kva som kunne liggje bak og vere den psykologiske årsaka til Albert si framferd og kva dette minna dei om i samfunnet i dag. Her er nokre døme frå den etterfølgjande samtalen, det som vart akkurat denne klassen sin fellestekst på bakgrunn av utdraget frå Veien til verdens ende.

  • Eg føler nok at eg kjenner eit par sånne Albertar som trur dei er kule og prøver å vise seg. I tillegg trur eg at eg kjenner nokre som er som Ole òg, nokre som let seg trakke på og sjefa med av andre.
  • Hadde det vore meg, hadde eg sagt til han at eg heller ville leike med killingen. Eg synest at Albert skulle ha skambank og blitt kasta på sjøen. Det ville eg gjort.
  • Sånne dominerande personar er vanskelege å vere med, for du veit aldri kor du har dei, men det er òg litt spennande.
  • Eg lurer på kvifor dei andre gidd å vere i lag med Albert når han bare er negativ. Men det er kanskje ikkje så enkelt, for det går nok an å snakke med sånne som Albert når du er åleine med dei, men når dei er fleire, så tøffar dei seg alltid og kan verke trugande
  • Kan hende har Albert hatt ein vanskeleg barndom…eller han har dårleg sjølvbilete og trykker andre ned for å kjenne seg betre sjølv?
  • Eg trur Anders byggjer opp ein indre aggresjon mot Ole fordi han sjølv ikkje tør å konfrontere Albert med det han har gjort.
  • Eg trur Anders legg skulda på Ole, fordi det var han som kom på at dei skulle ta den båtturen.
  • Historia kan samanliknast med ungdomar i dag som vert pressa til å gjere noko dei eigentleg ikkje vil… vere med å sende mobbemeldingar til nokon på facebook til dømes.
  • Eg tenkte på at dette liknar på det me les i avisene om gjengar som går laus på tilfeldige offer på byen… eller enda verre …gruppevaldtekt… I grupper er det vanskeleg å sjå kven som er den eine som har skulda. Alle er jo medskuldige.
  • Eg tenkte på Hitler og jødeutryddinga. Killingen er akkurat som ein jøde på veg til gasskammeret… Me las at killingen gjekk under vatn med opne auge, han visste kva som kom til å skje, men kunne ikkje gjere noko eller kome seg unna.

Fotnoter

[1] Hoel, Sigurd. 1990. Veien til verdens ende. s. 176-188 Magnumbok. Gyldendal Norsk Forlag.

[2] Metoden ”Høgtlesing med lesestopp” vert mellom anna omtalt i boka Inn i teksten - ut i livet av Lillesvangstu, M. m.fl (2007). Bergen: Fagbokforlaget/LNU

[3] Sørensen, Birte. 1983. ”Teksten og eleven”. I Litteraturens muligheter- og elevens. Om bruk av litterære tekster i norskundervisningen. Jon Smidt (red.). Landslaget for norskundervisning (LNU) og J.W. Cappelen Forlag AS.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!