Sokratisk seminar – ein litterær samtale

Organisere og gjennomføre ein litterær samtale.

Den litterære samtalen er sentral i norskfaget, og ein kan seie at han høyrer til norskfaget si kommunikasjonsform. Også læreplanen (LK 06) understreker den sentrale plassen. Under hovudområdet «Muntlig kommuniksjon» i norskfaget,  finn vi kompetansemålet

”samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film […]” (LK06). 

Det finst mange måtar å organisere og gjennomføre ein litterær samtale på, og i denne filmen vert det sokratiske seminaret vist.

Film: sokratisk seminar - laga av Lesesenteret

Eit sokratisk seminar er ein gruppesamtale der deltakarane skal utvikle forståing av ein tekst. Det er ikkje ein debatt der rette svar vert løna, men elevane vert heller oppmuntra til å tenkje høgt og til å utveksle idear om teksten med andre i gruppa. 

Klassen som er med i filmen, går på 7. trinn, men både samtaleforma og tekstvalet som blir vist, er svært godt eigna på ungdomstrinnet òg.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!