Til hovedinnhold

Hovednavigasjon og hjelpeverktøy

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. 

Læreplanen i norsk seier at elevane skal kunne gjenkjenne retoriske appellformer og måter å argumentere på (LK06). Her er eit døme som syner korleis det er mogleg å arbeida med dette, gjennom modellering og gjennom å la elevane arbeida i par.

Ulv sett fra siden

Teksten som vert brukt er er kronikken "La ulven leve" av Bård Vegar Solhjell (pdf)

Påstand og argument

Når me skal få tak på ein argumenterande tekst, kan me starta med å leita etter hovudpåstanden, altså det forfattaren vil seia med teksten. I dette eksempelet vert omgrepa påstand og argument brukt slik dei er brukte i Retorikk i skolen, s. 51 (Bakken, 2014).

Påstandar er utsegner om korleis verda er, var eller bør vera. Argument er utsegner som grunngjev kvifor ein påstand er sann eller sannsynleg. Elevane bør introduserast for desse to omgrepa, sidan dei er eit godt analytisk verktøy når ein arbeider med å lesa og forstå argumenterande tekstar.

Å finna hovudpåstanden

Læraren må modellera gjennom å «tenkja høgt» kva slags samanhengar ho set denne teksten inn i ved fyrste gongs skumlesing. Det er eit mål at elevar òg kan dragast med i slik høgttenking. Fylgjande avsnitt modellerer både det å finna hovudpåstand og å setja teksten inn i ein samanheng både når det gjeld sjanger og medium og kva diskusjon han er ein del av.

I gode argumenterande tekstar er det ofte ikkje så vanskeleg å finna hovudpåstanden, sidan dei som argumenterer også er interesserte i at me som lesarar skal skjøna kva dei vil.

I tekstar som denne, som har stått som kronikk i ei avis, er overskrift og ingress ein god stad å leita. Både overskrifta «La ulven leve» og ingressen inneheld ei oppmoding om å læra av feil frå fortida og ikkje utrydda ulven. For å forstå denne oppmodinga må me bruka bakgrunnskunnskap om kva som er politiske stridstema i Noreg.

Korleis arbeida for hente opp elevanes bakgrunnskunnskap

Rovdyrforvaltning er eit slikt stridstema. Her står omsynet til vern av det biologiske mangfaldet mot omsynet til landbruk med husdyr på beite. Det vert skrive mange lesarbrev med ulike meiningar. Denne kronikken må såleis sjåast som eit innlegg i ordskiftet om rovdyrforvaltning (spesielt av ulv), og eit innlegg som argumenterer for verdien av ulv. At han var skriven av dåverande miljøvernminister har også noko å seia for korleis me forstår det som står i teksten.

Hovudpåstanden er altså at me må ta vare på og verna om ulven, og dette vert hevda i eit løpande ordskifte om rovdyrforvaltning.

Bruk av retoriske verkemiddel i ressurshefte om argumenterande tekstar

 

Oppsummering av innhaldet under kvar mellomoverskrift
Innleiing

Gjentaking av påstand frå ingressen: Ulven er ein del av faunaen i landet vårt, likevel har vi utrydda han , og det har teke mange år å få han tilbake

Frå skotpremie til freding

Historisk gjennomgang. Styrkjer påstanden om at ulven har vore utrydda 

30 ulvar i dag

Historisk gjennomgang, fortel korleis ulven vart forvalta slik at me har nådd dagens nivå. Litt uklårt kva dette er argument for? 

Ikkje norsk

Tek opp motargumentet at ulven ikkje er norsk og byrjar på eit svar 

Ubrukeleg prinsipp

Prøver å driva tilbake argumentet om at ulven ikkje opphavleg er norsk ved å hevda at det er eit ubrukeleg prinsipp for naturforvaltning

Rovdyr og beitedyr

Syner at han aksepterer at det er konflikt mellom rovdyr og beitedyr (motargument), men slår tilbake ved å syna til tal som belegg for at problemet er mindre enn dei fleste trur 

Lita trøyst

Syner at han forstår at dette er til lita trøyst for dei som vert råka (motargument), og prøver å driva det tilbake ved å syna til staten sine "førebyggande og konfliktdempande tiltak" 

Feil om motstand

Nemner motargumentet om at det berre er byfolk som vil ha ulv, og prøver å driva det tilbake ved å syna til statistikk som fortel at folk i ulvenære område er meir positive til ulv enn andre 

Eit verdispørsmål

Avrundar ved å seia at det å ta vare på ulv, er eit verdispørsmål. Fortel om si eiga naturoppleving som eksempel på at naturen har ein verdi som me må ta vare på 


Tabellen er ikkje meint for utdeling til elevane. Han er meint som ein ressurs for læraren, eit døme på ein måte å oppsummera argumentasjon på. Læraren må tilpassa dette i si modellering for elevane. Dette gjeld alle tabellane i praksiseksempelet. 

Oppsummering og vidare arbeid

Argumenta tydeleggjer hovudpåstanden, som er at me må ta vare på ulven ved å driva ei god rovdyrforvaltning. Om ein vil gjera dette meir avansert, kan ein diskutera om ein implisitt (underforstått) påstand i kronikken er at norsk ulveforvaltning slik ho vert driven i dag er god, og at å halda fram som me stemner, er å ta vare på ulven. Dette fordi kronikken er skriven av den dåverande miljøvernministeren og difor må forståast som eit uttrykk for statens politikk.

Når elevane har gjort denne kolonneøvinga, kan dei henta ut dei ulike argumenta frå notata sine og systematisere dei i argument som er for at ein må ta vare på ulven, og i argument som handlar om at den statlege forvaltinga er god. Vidare arbeid kan vera å markera kva argument Solhjell svarar på på ei slik liste, for å få meir grep om heile ordskiftet om ulv og sambandet mellom dette ordskiftet og teksten til Solhjell.

Påståndar og argument frå kronikken
Påstandar frå kronikkenArgument frå miljøvernområdeArgument frå politisk område 
Ulven er ein del av faunaen i landet vårt (frå innleinga) Ja (underforstått: at noko er ein del av faunaen vår, gjer at me har eit ansvar for å forvalta det) ?
At ulven ikkje opphavleg er norsk, er eit ubrukeleg forvaltningsprinsipp ( frå avsnitt 5) Ja (underforstått: me må ta vare på ulven uavhengig av opphavsland) Ja, fordi forvaltninga som Solhjell då var ansvarleg for, la ikkje dette prinsippet til grunn
Ulven er ikkje eit så stort problem for beitedyr som det vert hevda ( frå avsnitt 6)    

(fyll ut resten sjølv)

 

 

 Kva argument svarar Soljell på?
Påstand og argument fra kronikkenKva kan dette vera svar på?
Ulven er ein del av faunaen i landet vårt Påstandar som «ulven er eit skadedyr», «skyt ulven» osv

At ulven ikkje opphavleg er norsk, er eit ubrukeleg forvaltningsprinsipp

Ulven er ikkje norsk
Ulven er ikkje eit så stort problem for beitedyr som det vert hevda  

(fyll ut resten sjølv)

Når elevane har arbeidd med argumenterande tekstar med desse verktøya, har dei sannsynlegvis fått ei betre forståing av tekstane og lært seg nokre strategiar som kan vera nyttige i møte med andre tekstar som inneheld argumentasjon.

Verktøya kan også vera ressursar når elevane skal produsera argumentasjon, både munnleg og skriftleg.

Litteratur

Bakken, J. (2014). Retorikk i skolen (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!