Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid med lærarar på ein ungdomsskole i Frogn kommune.

Utgangspunktet for metoden er praksisfilmen «Lesesirkel og rolleskriving» frå nettressursen skoleipraksis.no. Filmen viser døme på lesestrategiar for korleis ein kan jobbe med ein roman i lesesirklar. Læraren modellerer ulike roller som lesaren kan ta i leseprosessen, og desse går på omgang i lesesirkelen.

Klassen valte å lese romanen «Alle har eit sultent hjerte», av Bjørn Sortland (2011). Romanen er på nynorsk og handlar om ei ung jente som er forelska i ein gut og blir gravid med han på ein fest. Det utviklar seg til å bli eit kjærleiksforhold mellom dei to. Lærarane vurderte denne romanen som veleigna for sidemålsopplæringa i nynorsk både fordi han vekker interesse hos elevane på niande trinn og fordi forfattaren nyttar eit moderat nynorsk skriftspråk. Romanen skulle både lesast som ei forteljing og vere ein inngang til å utforske nynorsk grammatikk. Arbeidet med romanen gav grunnlag for eit tema til tentamen, som sjølvsagt blei : «Alle har eit sultent hjerte».

Førlesingsaktivitet

Elevane fekk kvar si skrivebok som inneheldt både logg, korte skriveoppgåver og ei regelbok lengst bak. Ei kan òg nytte ei digital «skrivebok» til dette. Dei skulle skrive alle oppgåvene undervegs på nynorsk, slik dei trudde det skulle skrivast, utan å bruke ordbok. På den måten måtte elevane hente fram forkunnskapane sine om skriftspråka. Dette kan vere med på å skape ein refleksjon om språkleg likskap og skilnad og gjere elevane meir medvitne på dei små skilnadene som finst.

Opplegget begynte med ei økt der elevane, ut frå tittel og bilete, sa noko om kva dei trudde romanen handla om. Dei gjorde dette først skriftleg kvar for seg og deretter i plenum.

Sjølve lesesirkelen

Etter førlesingsaktiviteten gjekk elevane i grupper og fekk utdelt rollekort og eit avgrensa sidetal i romanen, som var felles for alle. Rollekorta kan gå på rundgang slik at alle får høve til å vere i ulike roller, men denne lesestrategien gir også rom for differensiering slik at læraren kan styre kven som får dei mest utfordrande rollene.

I dette opplegget valte lærarane å bruke rollekorta noko annleis enn i praksisfilmen « Lesesirkel og rolleskriving». Denne gongen var det språk og grammatikk som skulle utforskast frå ulike perspektiv og med utgangspunkt i ulike roller. Dette opnar for ei undrande tilnærming til sidemålet der eleven kan møte teksten med forkunnskapane sine i eit lærande fellesskap. Det er avgjerande at læraren modellerer dei ulike rollene og finn gode språklege eksempel i teksten.

Instruksjon til elevane

Rollekorta som elevane får utdelt:

Avsnittsguide – du skal finne avsnitt i forteljinga som du vil lese på nytt for gruppa. Det kan vere noko med skriftspråket som du opplever som nytt, morosamt, overraskande, vanskeleg eller viktig.

Opplysar – du skal finne eit avsnitt i teksten som har tydeleg overvekt av nynorske ord som skil seg frå bokmål. Dette gjeld ord som er heilt annleis på nynorsk enn på bokmål, til dømes «annleis».

Eller du skal finne eit avsnitt med få nynorske ord som skil seg frå bokmål.

Regissør – du skal stille spørsmål, slik at du hjelper gruppa til å komme i gang med diskusjonen omkring språklege skilnader og likskapar mellom bokmål og nynorsk. Til dømes: Kva er skilnaden mellom verba i denne teksten og slik du kjenner dei på bokmål? Kan du ut frå denne teksten seie noko om ord som er like på nynorsk og bokmål? Kva kan du seie om bøying av substantiv på nynorsk ut frå denne teksten? Til slutt skal du summere opp samtalen for klassen.

Koplar – Du skal finne eit eksempel i teksten som koplar språket i denne boka til det du oppfattar som nynorsk som system (grammatikk) og forklare dette for gruppa.

Ordkunstnar – Du skal leite etter ord i teksten som du meiner er:

  • nye
  • vanskelege å forstå
  • merkelege
  • morosame
  • viktige

Desse orda skulle alle skrive opp i regelboka. Elevane diskuterte og kunne bruke ordbok for å finne rett ordklasse og bøying på ord som kan bøyast. For å styrke det komparative perspektivet, skulle dei prøve å finne tilsvarande ord på bokmål.

Undervegs i romanlesinga

Det er viktig at elevane skriv sin eigen logg, helst etter kvar leseøkt. Læraren bør også legge opp til samtalar i plenum undervegs og høyre kva dei ulike gruppene har tatt tak i. Då kan læraren også klare opp i spørsmål og har høve til å gjennomgå aktuelle språklege problemstillingar når dei oppstår. Ut frå dette kan ein formulere reglar i fellesskap og skrive dei i regelboka.

I loggen skulle elevane etter kvar økt skrive eit avsnitt om kva dei hadde lært i nynorsk denne økta, om det så berre var eit nytt ord. Dei skulle også reflektere rundt rolla dei fekk og om dette hjelpte dei vidare i grammatikkundervisninga.

I tillegg til å bruke rollekort i lesesirkelen for å lære nynorsk, arbeidde elevane i lesesirkelen med innhaldet, slik som praksisfilmen viser. Dei fekk også korte skriveoppgåver som var direkte knytte til innhaldet i teksten med utgangspunkt i kompetansemål om at mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium.

Desse tekstane skulle helst skrivast på nynorsk.

Døme på oppgåver:

  • Skriv ein reflekterande tekst om kvifor personane gjer som dei gjer i dei kapitla du har lese i dag.
  • Skriv ein argumenterande tekst der du argumenterer for kva personane burde gjere i denne situasjonen.
  • Skriv ein kreativ tekst der du bytter synsvinkel til ein annan person i teksten. Korleis opplever denne personen kva som skjedde no?
  • Skriv ein kreativ tekst, der du skriv vidare på hendinga du har lese om no.
  • Skriv ein kort informerande tekst om kva du har lese til no.
  • Skriv ein reflekterande tekst om skilnaden mellom nynorsk og bokmål som skriftspråk.

Vurdering for læring

Når elevane arbeider i grupper over tid og samstundes har loggskriving og samtalar om kva dei har lært, får læraren høve til å finne ut kor kvar elev står fagleg og kva som er vanskeleg for han. Læraren kan på denne måten skaffe seg erfaringar som gjer han i stand til å vurdere kva elevane kan finne ut sjølve og kva dei treng å undervisast i. Læraren har god tid til å bruke på alle gruppene sidan opplegget med romanen tek omkring to veker. Det gir han høve til å hjelpe kvar einskild i timen og gje ei tilbakemelding på kva eleven kan og kva han må jobbe vidare med. Den raske og presise tilbakemeldinga er særleg viktig når det gjeld språkopplæring og eit grunnleggande prinsipp når det gjeld vurdering for læring. Dette arbeidet kan også opne for ei vidare fordjupingsoppgåve i norsk med språk som eit av emna.

Samanliknande grammatikk

Generell kunnskap om grammatikk har liten effekt på skriveferdigheitene til elevane, hevdar Frøydis Hertzberg i artikkelen «Grammatikk?» (2008). Men dersom grammatikk blir brukt til å samanlikne og utforske språklege variantar, kan klasserommet bli ein arena der elevane får høve til å utvikle eit større medvit om språk og system. Det er dette komparative perspektivet som ligg til grunn for mange av kompetansemåla i Kunnskapsløftet som til dømes at mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • beherske grammatiske begreper som beskriver hvordan språk er bygd opp
  • bruke grammatiske begreper til å sammenligne nynorsk og bokmål

Å samanlikne grammatikk er ofte ein god innfallsvinkel til arbeidet med nynorsk. Elevane kan i fellesskap oppdage kva som utgjer dei største skilnadene mellom bokmål og nynorsk, lage reglar for bøying og hjelpe kvarandre med ordboka.

Lærarane som gjennomførte dette opplegget på niande trinn, fann ut at denne måten å arbeide på er med på å auke medvitet om kor lite som skil dei to skriftlege målformene nynorsk og bokmål og på kva måte dei er ulike. Dei såg også at elevane vart meir motiverte for nynorskundervisninga når dei slapp å skrive ned bøyingsmønster frå tavla og svare på oppgåver slik vanen var.

Ein induktiv undervisningsmetode gir elevane høve til å forstå grammatiske reglar fordi dei sjølve er med på å utforske og finne reglar og system i språket. Når nynorskopplæringa blir knytt til å lese og arbeide med ein ungdomsroman som fenger, lærer elevane også noko om språket ved å bli bada i det. Eit anna gledeleg utkomme var dei glade gutane som skreid til tentamen med iver og glød både fordi dei hadde mange tankar om temaet som kom («Alle har eit sultent hjerte») og fordi dei hadde forska på nynorsk saman med andre. Dei opplevde meistring og var motiverte for å få til å skrive på nynorsk.

Litteratur

Hertzberg, Frøydis (2008): «Grammatikk?» . I Nergård, M.E. og Tonne I. (red.) Språkdidaktikk for norsklærere. Universitetsforlaget.

Utdanningsdirektoratet: Læreplan i norsk, lasta ned 2. juli 2014

Filmen lesesirkel og rolleskriving

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!