Bokanbefalinger

For dei som vegrar seg mot å lese skjønnlitteratur, og dei som ikkje les skjønnlitteratur i det heile tatt.

Den svenske forfattaren Olof Lagercrantz sa i boka si Om konsten att läsa och skriva (1985) at det er to måtar å lese skjønnlitteratur på: sluking og nytelesing. Blant ungdomsskuleelevane finst lesarar som både sluker bøker og som les for å nyte.

Men det finst òg elevar som ikkje høyrer heime i nokon av kategoriane: Dei som vegrar seg mot å lese skjønnlitteratur, og dei som ikkje les skjønnlitteratur i det heile tatt.

Nedanfor finn du presentasjonar av nettsider som anbefaler bøker for alle desse type lesarane.

Ubok

Ubok er ein nettstad der ungdom sjølv omtaler bøker for ungdom. Her kan ein søkje på titlar, forfattarar, emne, sjanger og andre kategoriar: http://ubok.no

Lesegledarar hos Lesesenteret

Lesesenteret sine Lesegledarar presenterer ei rekkje bøker som er eigna for elevar på ungdomstrinnet. Bokpresentasjonen kan lastast ned:

http://lesesenteret.uis.no/article.php?articleID=86839&categoryID=13816

Nynorsksenteret

Elevar med nynorsk som hovudmål treng mengdelesing på eiga målform, og bokmålselevar får eit lettare forhold til sidemålet gjennom lesing av gode skjønnlitterære bøker på nynorsk. Nynorsksenteret presenterer gode bøker for unge på sine nettsider: http://www.nynorskbok.no

Leser søker bok

Foreningen Leser søker bok jobber for at også dei som har ulike vanskar skal ha tilgang til god litteratur. Les meir på www.lesersokerbok.no eller finn bøker tilpassa ulike vanskar på http://www.boksok.no/

Samisk bibliotekteneste

Samisk bibliotekteneste har på bloggen sin presentasjon av nye samiske bokutgjevingar: http://samiskbibliotektjeneste.wordpress.com/page/2/  

Ovttas

Nettstaden Ovttas|Aktan|Aktesne, ei samisk læremiddelteneste, har informasjon om samiske bøker: http://ovttas.no/nb/search/content?filters=type%3Abok

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!