Innleiing

Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.*

Opplæringa skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for seinare i livet å kunne gå inn i yrke som enno ikkje er skapte. Ho må utvikle dei evner som trengst for spesialiserte oppgåver, og gi ein generell kompetanse som er brei nok for omspesialisering seinare i livet. Opplæringa må både gi tilgjenge til dagens arbeids- og samfunnsliv og kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og ei ukjend framtid. Ho må derfor tilføre haldningar og kunnskapar som kan vare livet ut, og leggje fundamentet for den nye dugleik som trengst når samfunnet endrar seg raskt. Ho må lære dei unge å sjå framover og øve evna til å velje med fornuft. Ho må venje dei til å ta ansvar - til å vurdere verknadene for andre av eigne handlingar og å dømme om dei med etisk medvit.

Utdanningsverket må byggjast slik at vaksne kan få same sjansar som dagens unge. Grunnutdanninga vil ikkje lenger strekke til for eit livslangt yrke. Omstilling og dermed kunnskapsfornying vil vere det stabile livsinnslag. Den kunnskapen dei vaksne har fått i grunnutdanninga, må derfor både haldast ved like og fornyast. Utdanningsverket må vere ope, slik at det blir mogleg å vende tilbake til opplæring gjennom heile livet og frå alle yrke, utan store formelle hinder. Samfunnet har ansvar for å sjå til at det ikkje utviklar seg forskjellar i desse tilhøva, slik at lik rett til utdanning kan bli reell.

Opplæringa må eggje kvar einskild til drivsemd og til tett samvirke for felles mål. Ho må lære elevane framferd som gjer det lettare for dei å nå dei resultata dei siktar mot, saman. Ho må fremje demokrati, nasjonal identitet og internasjonalt medvit. Ho skal utvikle samhør med andre folk om menneska sitt felles livsmiljø, slik at vårt land blir eit skapande medlem av verdssamfunnet.

Opplæringa må gi rom for skapingstrongen åt elevane, og samtidig vekkje deira glede ved det andre yter. Gjennom bilete og form, tone og ord må dei kveikjast til å utfalde fantasi og oppleve kunst.

Utgangspunktet for oppfostringa av elevane er deira ulike personlege føresetnader, sosiale bakgrunn og lokale tilhør. Opplæringa skal tilpassast til kvar einskild. Større likskap i resultat blir skapt gjennom ulikskap i den innsats som blir retta mot kvar einskild elev. Breidd i dugleik blir skapt ved å stimulere ulike interesser og anlegg hos elevane. Særpreg ved den einskilde gir sosialt mangfald - likskap i evne til å delta gjer samfunnet rikt.

Kort sagt, målet for opplæringa er å utvide evnene hos barn, unge og vaksne til erkjenning og oppleving, til innleving, utfalding og deltaking.

Skal utdanninga fremje desse måla, krevst det ei nærmare utdjuping av verdigrunnlag, menneskesyn og fostringsoppgåver.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!