Det samarbeidande mennesket

Personlege evner og identitet utviklar seg i samspelet med andre - mennesket blir forma av omgivnadene samtidig som det er med på å forme dei.

Ein samansett ungdomskultur

I tidlegare tider skjedde ein større del av oppfostringa ved at barn og unge tok direkte del i den praktiske verksemda for å løyse felles oppgåver, saman med dei vaksna. No skjer storparten av opplæringa i skolar - i spesialiserte institusjonar med undervisning som oppgåve. Dei unge står i stor monn utanfor prosessane i arbeidslivet, og har i liten monn ansvar for eller kontroll over dei. Dei bruker massemedia meir enn før, og det set dei i ei passiv tilskodarrolle og utset dei for motstridande verdisyn.

Følgjene av at dei unge har mindre kontakt med samfunnet utanfor skolen og mindre omgjenge med dei vaksne, blir forsterka av ein ofte innovervendt og sjølvåskodande ungdomskultur. Denne ungdomskulturen blir framheva ved at skolane blir skilde ut frå resten av samfunnet, og ved at elevane blir delte i skoleklassar etter alderstrinn. Barn og unge får lite høve til å ta avgjerder med direkte praktiske verknader eller med følgjer for andre, slik at dei kan lære av eigne tiltak. Innslaget av indirekte erfaring har auka medan den direkte har minka.

Det er derfor vesentleg å utnytte skolen som arbeidsfellesskap med sikte på å lære elevane gode omgangsformer. Han må organiserast slik at det elevane gjer, får verknader for andre, og slik at dei kan lære av verknadene av eigne avgjerder. Endringane i oppvekstkåra for barna og dei unge gjer at dei samværsformer og arbeidsmåtar som blir grunnlagde i oppfostringa, får meir å seie for voksteren. Røynsle frå praksis og frå fagopplæring i arbeidslivet tener som førebilete og bør nyttast også elles i skoleverket.

Samtidig er den formelle undervisninga berre ein del av livsfeltet åt barn og unge. Oppveksten er også ei tumletid. Fleire enn nokon gong før er aktive i sport og musikk, i organisasjonar og lag, i kor og klubbar, der dei set sine eigne standardar i vennekrinsar, påverkar og blir påverka av sitt eige miljø. Skolen må finne den vanskelege balansen mellom å stimulere, utnytte og danne motvekt mot den kulturen dei unge skaper sjølve.

Plikter og ansvar

Elevar og lærlingar bør ta del i eit breitt spekter av aktivitetar, der alle får plikter for arbeidsfellesskapet: Øving i å tre fram for andre, presentere eit syn, leggje planar, setje dei i verk og gjennomføre eit opplegg.

Det inneber at elevane frå første dag i skolen - og stadig meir med aukande alder - må få plikter og givast ansvar, ikkje berre for eigen flid og framgang, men også andsynes andre elevar og medlemmene i skolefellesskapet elles. Slike oppgåver omfattar heile registeret frå fadderordningar, støtte og omsorg for yngre eller andre elevar, ansvar for å ordne og rydde, innsats ved klassetilstellingar og samlingsstunder, hjelp med servering osv.

Formålet med dette er å utvikle innlevingsevne og følsemd for andre, å gi praksis i å vurdere sosiale situasjonar og å fremje ansvar for andres tarv. Dei som ikkje er tilstrekkeleg stimulerte frå heim eller grannelag, må få sjanse til vokster i eit læringsmiljø der elevane tek ansvar for utviklinga åt kvarandre. Å vere med og utvikle eit sosialt fellesskap medverkar til personleg vokster, særleg når det krev samarbeid mellom menneske på ulike trinn eller med ulike anlegg og ressursar.

Elevane bør derfor komme med i praktisk arbeid, der dei dels yter, dels tek imot tenester. Dei bør komme i vane med å ta ansvar i samfunnet i dag, som førebuing til å ta del i det i morgon.

Alle har eit felles ansvar for eit læringsmiljø med omtanke for andres behov og respekt for læring. Både kvardagen i skolen og sjansane for den einskilde seinare i livet kan bli øydelagde dersom konflikt og uorden får setje sitt preg på miljøet. Alle elevar har rett til opplæring i ryddige og rolege former, og har sjølve medansvar for dette.

Livskunnskap frå fellesskapet i skole og opplæring

Mykje av den livskunnskap dei unge må få med seg frå opplæringa, tileigna dei seg før gjennom plikter i storfamilie og ved å ta del i arbeidsliv.

Opplæringa i dag må også omfatte

  • erfaring i å ta avgjerder med direkte og synberre konsekvensar for andre. Det inneber både trening i å lage og følgje reglar, i å ta avgjerder i flokete situasjonar og øving i å "handtere kriser" - evne til å handle i møte med uventa vanskar eller ukjende oppgåver. Samla sett er dette trening i sosialt ansvar
  • erfaring frå arbeid der gjensidige omsyn krev disiplin, og der eigen innsats påverkar resultatet av det andre yter. Dette krev at ein må lære å organisere: utvikle evne til å samordne verksemd, leie aktivitetar, følgje direktiv, foreslå alternative løysingar
  • erfaring frå skolens verksemd: kjennskap til korleis problem opplevde som personlege, likevel gjeld fleire og derfor berre kan løysast i fellesskap eller ved organisatoriske endringar. Slike røynsler gir forståing for korleis konfliktar kan møtast og løysast, øving i å fremje eigne og andres interesser og evne til å stå oppreist i motbør. Som lekk i dette må elevar og lærlingar også få trening i å ta kontakt med myndigheiter og media

Skolen er eit miniatyrsamfunn som bør brukast aktivt for å lære slik dugleik. Elevane må dragast med i mange slike avgjerder; evna til å delta styrkjest ved bruk. I eit samfunn med så komplekse skipnader som vårt er dette vesentleg.

I eit heile må opplæringa rettast også mot dei personlege eigenskapane ein ønskjer å utvikle, og ikkje berre mot faginnhald. Nøkkelen er å forme ut omgivnader som gir rikt høve for barn og unge til å utvikle medvite samfunnsansvar og handlingskompetanse for rolla som vaksen.

Eit breitt læringsmiljø: Elevkultur, foreldredeltaking og lokalsamfunn

Skolen strekkjer seg som læringsmiljø ut over den formelle opplæringa og forholdet mellom elev og lærar. Eit breitt læringsmiljø omfattar samhandling mellom alle vaksne og elevar. Eit godt og utviklande læringsmiljø har rot i felles forståing av skolens mål.

Forholdet mellom elevane - og verdisettet i elevkulturen - er ein vesentleg del av læringsmiljøet. Elevkulturen har klart styrande innverknad på kva skolen formår.

Foreldra har primæransvaret for oppfostringa av barna sine. Det kan ikkje overlatast til skolen, men bør utøvast også i samarbeidet mellom skole og heim. For læringsmiljøet femner også om foreldra. I den monn dei står fjernt frå skolen og ikkje trer i direkte kontakt med kvarandre, kan han ikkje gjere bruk av dei sosiale ressursane deira til å forme oppvekstkåra og verdimønsteret rundt skolen. I ei tid da storfamilien spelar mindre rolle i dei unge sitt liv, og media har rykt inn der foreldra har trekt ut i arbeidslivet, krevst ei meir medviten mobilisering av foreldra for å styrkje det normative omlandet til skolen og elevane.

Dersom skolen skal fungere godt, krevst det ikkje berre at elevane kjenner kvarandre, men at også foreldra kjenner både kvarandre og kvarandres barn. Dette er nødvendig om dei skal kunne setje felles standardar for aktiviteten og åtferda til barna og dei unge. Skolen må hjelpe barna i utviklinga i forståing og samarbeid med heimane - og trekkje foreldra med i utviklinga av miljøet rundt opplæringa og i lokalsamfunnet.

Lokalsamfunnet, med sin natur og sitt arbeidsliv, er sjølv ein vital del av skolen sitt læringsmiljø. Her hentar dei unge på eiga hand impulsar og røynsler som undervisninga må knytast til og utfylle. I fagopplæringa er det vesentleg at opplæring for arbeidslivet skjer i arbeidslivet. Men undervisninga må generelt initiere kontakt til grannelaget åt skolen og gjere bruk av dei ressursane som ligg der. Skolen skal vere aktiv som eit ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet, der det også blir knyttnærmare kontaktar ikkje berre mellom vaksne og unge, men også til lokalt arbeids- og næringsliv.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!