Det meiningssøkjande mennesket

Oppfostringa skal tuftast på grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar, og bere vidare og byggje ut kulturarven, slik at ho gir perspektiv og retning for framtida.

Synet på menneskeleg likeverd og vørnad er ein spore til stadig på nytt å sikre og utvide fridommen til å tru, tenkje, tale og handle utan skilje etter kjønn, funksjonsevne, rase, religion, nasjon eller posisjon. Dette grunnsynet er ei varig kjelde til endring av samfunnet for å betre menneska sine kår.

Kristne og humanistiske verdiar

Dei kristne og humanistiske verdiane både fordrar og fremjar toleranse og gir rom for andre kulturar og skikkar. Dei grunngir den demokratiske rettsstat som ramma rundt jambyrdig politisk deltaking og debatt. Dei framhevar nestekjærleik, forbrødring og von, legg vekt på at framgang er mogleg gjennom kritikk, fornuft og forsking, og at mennesket sjølv er ein del av naturen ved sin kropp, sine behov og sine sansar.

Den kristne tru og tradisjon utgjer ein djup straum i vår soge - ein arv som sameiner oss som folk på tvers av trusretningar. Han pregar folket sine livsnormer, førestellingsverd, språk og kunst. Han bind oss saman i vekerytme og årlege høgtider, men lever også i våre nasjonale særdrag: i omgrep og vedkjenningar, i byggjeskikk og musikk, i omgangsformer og identitet.

Vår kristne og humanistiske tradisjon legg likeverd, menneskerettar og rasjonalitet til grunn. Han søkjer sosial framgang i fornuft og opplysning, i mennesket si evne til å skape, oppleve og formidle.

Samla gir denne samanfletta tradisjonen uvisnelege verdiar både til å orientere livsførselen og til å ordne samfunnslivet etter. Dei fremjar ueigennyttig og skapande innsats, og dei verkar til rettskaffen og høvisk handling. Samtidig må dei unge lære at skiftande epokar har hatt vekslande sed og skikk, og at ulike samfunn har ulike reglar for rett livsførsel. Dei unge må forstå at moralsyn kan vere ei kjelde til konflikt, men at dei også gjennomgår endringar, slik at det gjennom refleksjon, kritikk og dialog kan dannast nye modellar for samfunnsforhold og samkvem mellom menneske.

Oppfostringa skal byggje på det syn at menneske er likeverdige og menneskeverdet ukrenkjeleg. Ho skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigen vokster, og individuell eigenart gjer samfunnet rikt og mangfaldig. Oppfostringa skal fremje likestilling mellom kjønn og solidaritet på tvers av grupper og grenser. Ho skal vise kunnskap som ei skapande og omformande kraft, både til personleg utvikling og humane samkvemsformer.

Barn og unge må både forstå moralske krav og la dei bli leiande for sin vandel. Normene som gjeld i samfunnet - i yrkesetikk, arbeidsmoral og forretningsskikk - har avgjerande verknad for samfunnet sin kvalitet: om oppgåver blir løyste med fagkunnskap til gagn for andre, om arbeidet blir organisert slik at ein hindrar skade og fremjar helse, om teknologien er sikker, om produkta held mål og om avtaler er opne og ærlege. Vårt velferdssamfunn byggjer sjølv på ein moralsk kontrakt: på den eine sida ved at alle skal medverke til ordningar som lyfter og hjelper oss sjølve når vi treng det, og på den andre sida ved å utvikle andre etter deira evner og stø dei når dei blir ramma.

Oppforstringa skal sjå mennesket som eit moralsk vesen, med ansvar for eigne val og handlingar, med evne til å søkje det som er sant og gjere det som er rett. Men mennesket kan også handle destruktivt: i strid med sitt samvit, på tvers av normer og mot betre vitende, til skade for seg sjølv og andre. Oppfostringa må følgjeleg grunngi samfunnet sine ideal og verdiar, og levandegjere dei slik at dei blir ei verksam kraft i livet for folket. Ho må gi livstru og alvor som kan bere gjennom dei tilbakeslag, kriser og konfliktar som livet gir. Og ho må raust møte feilslag så ein blir teken på alvor også når ein mislykkast, og kan tilgivast og reise seg.

Opplæringa må altså klarleggje og grunngi etiske prinsipp og reglar. Desse kan åskodeleggjerast med utgangspunkt i Bibelen, men også ved døme frå andre religionar, frå historie, forteljingar og biografiar, frå segner, likningar, mytar og fablar. Elevane må få gjere val og prøve dei mot dei normer skolen og samfunnet byggjer på. Og dei tilsette i skolen bør gå føre med sitt eksempel. Det må vere eit tett samspel mellom fostringa i heimane, opplæringa i skolen og det omgivande samfunnet.

Kulturarv og identitet

Utviklinga av identiteten åt kvar einskild skjer ved at ein lever seg inn i nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer. Opplæringa skal derfor ta vare på og utdjupe den kjennskapen elevane har til nasjonale og lokale tradisjonar - den heimlege historia og dei særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verda. Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om. Denne arven må få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar, slik at han styrkjer samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur.

Samtidig fortel kulturhistoria at kontakt med andre og forskjellige livsformer gir høve til overraskande kombinasjonar og til kollisjonar mellom ulike syn. Møtet mellom ulike kulturar og tradisjonar gir både nye impulsar og grunnlag for kritisk refleksjon.

Skolen har fått mange elevar frå grupper som i vårt land utgjer språklege og kulturelle minoritetar. Utdanninga må derfor formidle kunnskap om andre kulturar, og utnytte dei høve til rikare innhald som minoritetsgrupper og nordmenn med annan kulturell bakgrunn gir. Sikker kunnskap om andre folk gir eigne og andres verdiar ein sjanse til prøving. Oppfostringa skal motverke fordommar og diskriminering, og fremje gjensidig respekt og toleranse mellom grupper med ulik levevis.

Utdanninga skal øve opp evna til samarbeid mellom personar og grupper som er ulike. Men ho må også gjere dei konfliktar tydelege som kan liggje i møtet mellom ulike kulturar.

Åndsfridom inneber ikkje berre å gi rom for andre syn, men også mot til å ta personleg standpunkt, tryggleik til å stå åleine og karakterstyrke til å tenkje og handle etter eiga overtyding. Toleranse er ikkje det same som haldningsløyse og likesæle. Oppfostringa skal utvikle personleg styrke til å hevde eigne og andres rettar og til å reise seg mot overgrep.

Mange menneske er funksjonshemma i høve til sine omgivnader. Oppfostringa må formidle kunnskapar om og fremje likeverd og solidaritet med dei som har andre føresetnader enn fleirtalet. Og ho må skape skjønn for at vi alle kan rammast av sjukdom eller skade, nød eller nederlag, slag eller sorg, som kan gjere kven som helst avhengig av andres omsut.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!