Det arbeidande mennesket

Arbeid er ikkje berre eit middel til å skaffe seg utkomme. Det er eit særtrekk ved mennesket at det både utprøver, uttrykkjer og utviklar evnene sine i arbeid. Opplæringa skal gi elevar og lærlingar innsyn i variasjonen og breidda i arbeidslivet, og formidle kunnskapar og dugleik så dei kan ta aktivt del i det. I delar av arbeidslivet er innsatsen i særleg monn tufta på medmenneskeleg innsikt og omsut, i andre delar er bruk av teknologiske hjelpemiddel avgjerande.

Teknologi og kultur

Teknologi er framgangsmåtar menneska har utvikla for å nå sine mål, arbeide lettare og samarbeide betre. Teknologi gir hjelpemiddel for å lage og gjere ting - dyrke jord, veve klede, byggje hus, lækje sjukdom eller reise til lands, til sjøs eller i lufta.

Teknologien og den forskinga og utviklinga han byggjer på, er både siviliserande og inspirerande. Han er siviliserande fordi han gjer det mogleg å leve med mindre slit og sjukdom, og fordi han frigjer tid frå livsopphald og matstrev til overskott og kultur. Han er inspirerande fordi han er eit skapande uttrykk for samspelet mellom ånd og hand for å møte behov og lengslar.

Teknologi er ofte eit uttrykk for medkjensle, som ønsket om å hjelpe til å mette eller lækje, til å forlengje eller lette livet, til å ta hand om barn eller lyfte levekåra. Historia til teknologien er historia om oppfinnsemd - om korleis råemne kan formast og brukast til å lage nye ting: flint eller fyrstikker, avl for betre husdyr, jernbane for å lette transporten, urter for å lindre smerte - hjulet og stålet, klokka og krutet. Mange av desse oppfinningane vart gjorde av det praktiske livs kvinner og menn - bønder, mekanikarar, jordmødrer, handverkarar.

Skifte i teknologi markerer dei store epokar i menneska si soge - frå steinalder til atomalder, frå jordbruksrevolusjon til industriell revolusjon. Teknologisk endring femner alle menneskelege ytringsformer - byggjeskikk, fiske, fabrikkar, transport, ernæring, boktrykkjarkunst, film og musikk. Teknologi i brei forstand har sett talfesting og tryggleik i staden for slump og samantreff. Teknologi i brei forstand har derfor sett djupe spor i tilhøva mellom menneske - i arbeidsdeling og maktforhold, i klasseskilje og krigar. Den samla teknologiske utviklinga har gjort menneska sine kår mindre naturbestemte og meir samfunnsbestemte.

Men utviklinga av teknologi har vore tvieggja fordi menneska har hatt kryssande formål:

Ho har letta menneskelivet ved nye opningar for byggjande virke - men også utvida rommet for herjing og øydelegging. Nye våpen har auka rekkevidda og omfanget av konfliktar. Velferd og eksistens i samfunnet vårt er basert på eit høgteknologisk arbeidsliv. På den andre sida kan den same bruksretta vitskapen og teknologien nyttast for destruktive formål - til å produsere altøydeleggjande våpen og til å utbytte og utplyndre både menneske og natur. Når teknologien ikkje blir styrd, eller blir styrd feil, kan han utarme ressursane på jorda og øydeleggje levekåra også for framtidige generasjonar.

Framvoksteren av ny teknologi utviklar reiskapar, næringsvegar, samfunnsformer og åndsliv. Det er ein vesentleg del av allmenndanninga å kjenne vår teknologiske, kulturelle arv.

Læring og arbeid

God læring er også avhengig av driv og vilje hos kvar einskild til å ta på seg og gjennomføre eit arbeid. Det er godt dokumentert at elevytingane er tydeleg påverka av dei arbeidsvanane barna har lagt seg til på tidlege skoletrinn. Gode arbeidsvanar som blir utvikla i skolen, har nytte langt ut over skolens rammer. Opplæringa har ikkje berre eigenverdi for eleven, men har også som mål å førebu dei unge til å ta på seg dei oppgåvene som høyrer arbeidslivet og samfunnslivet til. Skolen må derfor stå i tett utveksling med samfunnet rundt, og gradvis gi elevar og lærlingar innsyn i og førebuing for aktivt virke i yrkesliv, kulturliv og politikk.

Undervisning og eiga læring

Læring skjer i alle livsens situasjonar, og særleg når den einskilde sjølv ser behovet for å utvikle kunnskapar, dugleik og haldningar. Skolen er oppretta for målretta og systematisk læring. I skolen blir elevane underviste av eit personale som har dette som jobb og er utdanna med dette som formål. Men læring og undervisning er ikkje det same. Læring er noko som skjer med og i eleven. Undervisning er noko som blir gjort av ein annan. God undervisning set læring i gang - men læringa blir fullbyrda ved eigeninnsats frå eleven. Den gode læraren stimulerer denne prosessen.

Elevane byggjer i stor monn sjølve opp sin kunnskap, opparbeider dugleik og utviklar haldningar. Dette arbeidet kan oppmuntrast og påskundast - eller hemmast og hindrast - av andre. Vellukka læring krev dobbel motivering: både hos læraren og hos eleven. Opplæringa må derfor fremje evna til flid og til å gjere seg umak. Ho må nøre uthaldet ved å la dei unge oppleve at røynsler, kunnskapar og anlegg gir betre meistring og blir verdsette. God undervisning skal gi elevane erfaring for å lukkast i sitt arbeid, gi tru på eigne evner og utvikle ansvar for eiga læring og eige liv.

Frå det kjende til det ukjende

Læring skjer ved at det ukjende blir forstått ut frå det kjende - dei omgrep ein har, avgjer kva ein kan gripe og fatte. Kunnskap, dugleik og haldningar utviklar seg i samspel mellom gamle førestellingar og nye inntrykk.

Opplæringa må derfor knytast til eigne observasjonar og opplevingar. Dugleik til å handle, til å gjere nye erfaringar og tolke dei, må øvast med utgangspunkt i den førestellingsverda barn, unge og vaksne møter utdanninga med - både lokale erfaringar dei har hausta, målføret i nærmiljøet deira og felles impulsar dei har fått gjennom massemedia. Undervisninga må leggjast opp med nøyen omtanke for samspelet mellom konkrete oppgåver, faktisk kunnskap og innsikt i omgrep. Ikkje minst må ho leggjast slik opp at elevane etter kvart får praktiske røynsler med at kunnskap og tame er noko dei sjølve kan vere med på å utvide.

Tilpassa opplæring

Skolen skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde. Undervisninga må tilpassast ikkje berre til fag og stoff, men også til alderstrinn og utviklingsnivå, til den einskilde eleven og den samansette klassen. Det pedagogiske opplegget må vere breitt nok til at læraren ledig og lagleg kan møte elevforskjellane i evner og utviklingsrytme. Levereglar aleine gjer ikkje omsorg og omtanke. Læraren må bruke både mangfaldet i elevgivnadene, variasjonen i klassen og breidda i skolen som ressurs for alle si utvikling og allsidig utvikling. Ein god skole og ein god klasse skal gi rom nok for alle til å brynast og rørast, og han må vise særleg omtanke og omsut når nokon kjører seg fast eller strevar stridt og kan misse motet. Solidariteten må komme til uttrykk både overfor dei som har særlege vanskar og ved overgangar mellom trinn og skoleslag.

Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst. Læring og oppleving må sveisast saman. Læringsmiljøet skal både vere humant og tru mot barns forvitne. Å lære å lese og skrive, rekne og teikne, prøve, agere og analysere skal utløyse kreativ trong, ikkje innsnevre han.

Allsidig utvikling av alle

Mennesket gror og veks ved å handle og verke. Opplæringa må derfor gi rom for at alle elevar kan lære ved å sjå praktiske konsekvansar av val. Konkrete oppgåver både tener som førebuing til pliktene i dagleglivet og gir røynsler for refleksjon. Praktisk arbeid og øving må derfor ha ein vektig og integrert plass i opplæringa. Skolen skal gi brei førebuing for livet - for samvirke og samhald i familie og fritid, i arbeidsliv og samfunnsliv. Dei unge må gradvis få auka ansvar for opplegg og gjennomføring av eiga læring - og dei må ta ansvar for eiga åtferd og eigen veremåte. Skolen må derfor i heile si verksemd ha blikket vendt både mot neste trinn og å ruste elevane for meir og meir å ta del i vaksenverda, og mot dei føresetnadene den einskilde eleven kjem med. Dei siste mannsaldrane er systematisk skolering blitt eit stadig større innslag i tilværet for barna og dei unge. Skolen kan derfor ikkje haldast berre for ein mellomstasjon i livet. Han er eit samfunn i miniatyr som må femne hovuddraga av samfunnet utanfor. Skolen er berar av ein kunnskapskultur og ein samværskultur som må vere open for verda rundt, men som samtidig må danne ei motvekt mot negative påtrykk frå omgivnadene. Han må forsvare barndommens og ungdomsalderens eigenverdi, men også vere eit alternativ til den eigne ungdomskulturen.

Rolla åt læraren og rettleiaren

Fagkunnskapen åt læraren og rettleiaren er nødvendig når dei unge skal omsetje sine røynsler til innsikt. Den gode læraren kan sitt fag - sin del av vår felles kulturarv. Slik fagkunnskap kan ein ikkje vente at barn og unge skal utvikle på eiga hand. Førestellingar barn dannar seg om saksforhold og samanhengar, kan vere både mangelfulle og forkjærte. Ein lærar må derfor meistre faget godt, både for å formidle på kunnig vis og for å møte vitelyst og verketrong hos dei unge.

Lærarar må kjenne kunnskapens grenser og utsikter - også for å halde seg à jour og vekse i kompetanse når ny kunnskap blir vunnen gjennom fagleg utvikling eller forsking. Ein lærar som skal fungere godt, må sjølv ha høve til å komme lenger i eiga utvikling gjennom etter- og vidareutdanning.

Å forklare noko nytt inneber å forankre det til noko kjent. Læraren oppfyller dette ved å bruke uttrykk, bilete, analogiar, metaforar og eksempel som gir meining for eleven. Ny kunnskap må hektast tett saman med den som alt sit - det eleven veit, kan og trur frå før. Mykje av dette er felles for elevane, i vår breie kulturarv, og gir klangbotn for kommunikasjon, samtale og læring.

Men jamvel i ein felles kultur er det store variasjonar mellom individ etter sosial bakgrunn, kjønn og lokalmiljø. Det som er eit slåande eksempel eller eit råkande bilete for ein elev, kan vere meiningstomt for ein annan. Det elevane har teke med seg frå heim, buområde eller tidlegare skolegang, avgjer kva for eksempel og forklaringar som skaper meining. Elevar som kjem frå andre kulturar, har ikkje same del i den norske fellesarven. Den gode læraren bruker derfor mange og ulike bilete for å vise felles mønster, og hentar stoff og illustrasjonar frå dei opplevingar barn har hatt og dei ulike røynsler unge har fått. Og den gode skolen legg stor vekt på å utvide det felles fond av allmenn bakgrunnskunnskap elevane har, fordi dette gjer det lett å kommunisere tett.

Fagleg kompetanse er nødvendig for at ein lærar skal vere trygg og ikkje bli usikker og engsteleg når elevane stiller spørsmål og ventar svar. Den kunnige læraren kan makte å setje stoffet i perspektiv og møte både elevar og kollegaer ope og med frisinn. Å kunne gi forklaringar og eksempel tilpassa til føresetnadene og ståstaden åt kvar einskild krev systematisk og brei kunnskap om eit felt.

Formidlingsevne og aktiv læring

Men fagkunnskap er ikkje nok for å vere ein god lærar - det krevst også engasjement og formidlingsevne. Ein god lærar kan sitt stoff, og veit korleis det skal formidlast for å vekkje nyfikne, tenne interesse og gi respekt for faget. Elevane kjem til skolen med lærelyst: Med behov for å bli tekne på alvor, for å bli avhaldne som dei dei er, med trong til å bli lyfte og utfordra, med ønske om å prøve krefter og bruke musklar. God undervisning syner omsorg for desse sidene ved elevane - og for at ulike elevar har ulike evner, behov og motivasjon i ulike fag og fasar. I lærarkompetanse inngår kunnskap om normal og avvikande utvikling hos barn, unge og vaksne. Ein lærar skal kjenne både dei generelle og dei spesielle vanskar elevar kan ha, ikkje berre med læring, men også sosialt og emosjonelt - når elevar ikkje vil eller foreldre ikkje strekk til. Alle har sitt eigenverd også når dei ikkje er vellykka i opplæringa.

Elevane sin hug til å prøve seg må møtast av lærarar med ei forteljarglede og uttrykksevne som held oppe dei unge si lyst til å komme vidare. Lærarane må vise veg til dugleik som ligg innan rekkevidd og til stoff som er overkommeleg. Og dei må vere førebilete: Med engasjement og entusiasme må dei gi elvane trong til å ta etter og våge seg utpå.

Lærarane avgjer ved sin veremåte om elevane si interesse skal bestå, om elevane kjenner seg flinke og om deira iver skal vare ved. Den viktigaste føresetnaden for det er respekt for elevane sin integritet, følsemd for deira ulike føresetnader og trong til å få elvane til å bruke sine sjansar og komme ut i sitt eige grenseland. Ein autoritær, ironisk og negativ lærar kan sløkkje interessa for faget og skade sjølvoppfatninga til elevane. Ein god lærar kan inspirere med oppmuntring, ved å gi elevane opplevingar av eiga meistring og ved å gi stadfestande tilbakemeldingar om vokster. Tryggleik er ein vesentleg føresetnad for læring.

Den viktigaste av alle pedagogiske oppgåver er å formidle til barn og unge at dei stadig er i utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner. Ein god lærar aukar også deira uthald til å orke pårøyning og motbakkar - til ikkje straks å vike unna om dei ikkje får det til med ein gong. Ein lærar er derfor både igangsetjar, rettleiar, samtalepartnar og regissør. Lærarane sitt viktigaste læremiddel er dei sjølve. Derfor må dei tore å vedkjenne seg sin personlegdom og eigenart, og stå fram som robuste og vaksne menneske for unge som skal utviklast kjenslemessig og sosialt. Sidan lærarane er mellom dei vaksne personane som barn og ungdom får mest med å gjere, må dei våge å stå fram tydeleg, levande og medvite i høve til den kunnskap og dei verdiar som skal formidlast.

Lærarane må vere så nære som personar at barn og unge kan lite på og snakke ope med dei. Dei må kunne tenne og fortelje, men også leggje til rette, gi struktur og føringar for unge under læring og på leiting. Lærarrolla endrar seg med utviklingstrinnet til elevane. For vaksne elevar er det ei særleg utfordring å byggje på dei varierte erfaringar dei har vunne utanfor utdanningsverket, i yrke, familie og samfunnsliv. Aktive formidlarar treng gode hjelpemiddel. Lærebøker og andre læremiddel er vesentlege for kvaliteten på undervisninga. Dei må derfor utformast og brukast i samsvar med prinsippa i den nasjonale læreplanen.

Læring som lagarbeid

I dag er undervisning og læring lagarbeid. I undervisninga deler lærarar og instruktørar med ulike spesialitetar ansvaret for både einskildelevar, grupper og klassar. Dei har plikter både and synes skolen og for dei opplæringsløpa der deira bidrag er eit nødvendig ledd i heilskapen. Andre yrkesgrupper kjem også meir med i oppfostringa, t.d. gjennom skolefritidsordningar, ungdomsklubbar, sport og organisasjonsliv.

Lærarar er leiarar av elevane sitt arbeidsfellesskap. I klasserom og verkstad må det vere slik ro og orden at dei kan fungere som seriøse arbeidsplassar. Og rammene må vere faste nok til at dei viltre eller vimsete får sjanse til å konsentrere seg.

Eit arbeidsmiljø verkar godt når alle tek inn over seg at dei formar vilkåra for kvarandra, og at dei derfor må ta omsyn til andre. Framgang avheng derfor ikkje berre av korleis lærarane fungerer i høve til kvar av elevane, men også av korleis dei får elevane til å fungere i høve til kvarandre. I eit godt arbeidslag hevar deltakarane kvaliteten på arbeidet til kvarandre. Her har også elevane ansvar for å planleggje, utføre og vurdere arbeidet.

Forsking viser at det er store skilnader i korleis skoleklassar verkar på elevane, men at det ikkje er nokon motsetnad mellom å trivast og å lyftast. Klassar med det beste sosiale miljøet har gjerne også det beste læringsmiljøet, både for sterkare og svakare elevar. Ved sida av elevane sitt oppvekstmiljø elles kjem skilnadene mellom klassar i stor monn av korleis lærarane strukturerer arbeidet i klassen, av deira styring og oppfølging, og av kva evne dei har til å stø elevane. Dersom lik rett til utdanning skal vere reell, er det ikkje tilstrekkeleg at alle får likeverdig utdanning uavhengig av kjønn, funksjonsevne, geografisk tilknyting, religiøst tilhør, sosial klasse eller etnisk bakgrunn. Retten må også vere uavhengig av kva skoleklasse den einskilde hamnar i.

Med meir utbreidd bruk av lagundervisning og prosjektarbeid blir lærarane viktigare både som partnarar og arbeidsleiarar. Det krev både felles tid på skolen og samordning av verksemd på tvers av tradisjonelle klasseinndelingar. Opplæringspersonalet skal også fungere i eit fellesskap av kollegaer som deler ansvaret for utviklinga åt elevane. Dette blir med dagens skoleutvikling ikkje berre ei større oppgåve - ho blir også meir mangslungen ved at nye yrkesgrupper blir knytte til verksemda. Ein samansett lærarstab er ein rikdom fordi lærarar med ulik kompetanse kan utfylle kvarandre både fagleg og sosialt.

Samtidig er samordninga av innsatsen og samspelet mellom kollegaene avgjerande for dei resultata dei når. Dette stiller nye krav til leiinga for skolen. Skal lærarane kunne yte sitt beste, må dei ha overskott og trivsel, og ein arbeidsgivar med sans for læraryrkets eigenart og særpreg. Men lærarane skal fungere ikkje berre som instruktørar, rettleiarar og førebilete for barn - dei skal verke saman med foreldre, arbeidsliv og styremakter som også utgjer vesentlege delar av det breie læringsmiljøet i skolen. Samtidig har skolen ei sentral oppgåve i utviklinga av eit godt oppvekstmiljø. Gode lærarar er derfor opne for og øvde i å engasjere foreldra og det lokale arbeids- og organisasjonslivet for formåla åt skolen.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!