Formgjeving blir kunst, design og arkitektur

Kunnskapsdepartementet har vedteke at utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag skal gjerast om til eit eige studieførebuande utdanningsprogram med namn utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur frå skoleåret 2016-2017.

Det vil bli ei trinnvis innføring av det nye tilbodet. Vg1 kunst, design og arkitektur starter opp hausten 2016.

Innføringa av det nye tilbodet og avviklinga av det eksisterande er vist i tabellen under:

 2016-20172017-2018 2018-2019
Vg1 Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
Vg2 Utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
Vg3

Utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag

 Utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag

Utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Elevar som har avsluttar Vg1 studiespesialisering eller Vg1 studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag våren 2016, og som ynskjer å gå vidare med formgjevingsfag, fortset i utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag skoleåret 2016-2017 og skoleåret 2017-2018. Siste moglegheit for å få opplæring i programområde for formgjevingsfag vil vere skoleåret 2017-2018. Sjå òg punktet om overgangsordningar.

Ny tilbodsstruktur og fag og timefordeling

Oversikt over tilbodsstrukturen:

Oversikt over tilbodsstrukturen på Kunst, design og arkitektur

Fag- og timefordelinga for kunst, design og arkitektur blir i hovudsak som for utdanningsprogramma for idrettsfag og for musikk, dans og drama, men med to unntak. Elevane skal ha 56 timar kroppsøving kvart år, og det blir to felles programfag i kvart av dei tre åra og eit valfritt programfag på Vg2 og to valfrie programfag på Vg3.

Fag og timefordeling for kunst, design og arkitektur frå 2016-2017 (pdf)

Nytt innhald – nye læreplanar

Det er to felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur. Kvart av dei har tre nivå og kvart nivå skal avsluttast med standpunktvurdering og eventuelt eksamen.

Det er til saman seks valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur: kunst og skapande arbeid, design og berekraft, arkitektur og samfunn, foto og grafikk 1, foto og grafikk 2, og samisk visuell kultur. Samisk visuell kultur er vidareført frå programområde for formgjevingsfag, medan dei fem andre valfrie programfaga er nye.

Ifølge fag- og timefordelinga startar elevane med begge dei felles programfaga i Vg1 og skal fyrst velje valfrie programfag i Vg2 (eitt) og Vg3 (to). Elevane kan velje valfrie programfag frå eige utdanningsprogram eller frå dei andre studieførebuande utdanningsprogramma.

Læreplanane i dei felles programfaga på Vg1 gjeld frå 1. august 2016. Læreplanane i dei valfrie programfaga på Vg2 gjeld frå 1. august 2017.

Oversikt over felles og valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst design og arkitektur:

 LæreplanGjeld frå
Felles programfag Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur 1.8.2016

Læreplan i design og arkitektur – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

1.8.2016
Valfrie programfag

Læreplan i kunst og skapande arbeid – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

1.8.2017

Læreplan i design og berekraft – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

1.8.2017

Læreplan i arkitektur og samfunn – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

1.8.2017

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur *

1.8.2017

Læreplan i samisk visuell kultur – valfritt programfag (vidareført frå programområde for formgjevingsfag)

1.8.2017

* merk at Foto og grafikk 2 byggjer på Foto og grafikk 1

Oversikt over fagnamn og fagkodar for felles og valfrie programfaga i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur:

 FagFagkode
Felles programfag

Kunst og visuelle verkemiddel 1

KDA2001

Kunst og visuelle verkemiddel 2

KDA2002

Kunst og visuelle verkemiddel 3

KDA2003

Design og arkitektur 1 KDA2004
Design og arkitektur 2 KDA2005
Design og arkitektur 3 KDA2006
Valfrie programfag Kunst og skapande arbeid KDA3001
Design og berekraft KDA3002
Arkitektur og samfunn KDA3003
Foto og grafikk 1 KDA3005
Foto og grafikk 2 (byggjer på Foto og grafikk 1) KDA3005

Det vil ikkje vere mogleg for elevar som fylgjer studiespesialisering med formgjevingsfag å velje valfrie programfag frå utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur. Det vil heller ikkje vere mogleg for elevar i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur å velje valfrie programfag frå studiespesialisering med formgjeving.

Kva skjer med elevar som har starta i nåverande ordning?

Som hovudregel skal elevane fullføre det opplæringsløpet dei har starta på ifylgje tilbodsstrukturen i Kunnskapsløftet. Elevane skal ha opplæring etter dei gjeldande læreplanane som fylgjer programområdet.

Elevar som har fullført Vg1 studiespesialisering eller Vg1 studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag seinast våren 2016, og som vel å fortsetje med «formgjevingsfag», skal fortsetje i gamal ordning (Vg2 studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag og Vg3 studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag).

Elevar som fullfører Vg1 studiespesialisering, programområde for formgjeivingsfag våren 2016, eller Vg2 studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag våren 2017, men som har eit avbrot i opplæringa, kan fullføre opplæringa i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur.

I tillegg til opplæringsløp som fullt ut fylgjer gamal eller ny tilbodsstruktur, vil fylgjande kombinasjonar av utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag /studiespesialisering og utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur vil vere gyldige:

Vg1Vg2Vg3
Vg1 Studiespesialisering med formgjeving* Vg2 Kunst, design og arkitektur* Vg3 Kunst, design og arkitektur*

Vg1 Studiespesialisering med formgjeving**

Vg2 Studiespesialisering med formgjeving** Vg3 Kunst, design og arkitektur

* : denne kombinasjonen gjelder elevar som har avbrot mellom Vg1 og Vg2
** :denne kombinasjonen gjelder elever som har avbrot mellom Vg2 og Vg3

Læreplanane i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur og utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag inneheld i nokon grad overlappande kompetanse. Tabellen nedanfor viser programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjeving og utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur som ikkje kan førast på same vitnemål:

FagkodeUtdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfagFagkodeUtdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
FOR2001 Visuelle kunstfag 1 KDA2001 Kunst og visuelle verkemiddel 1
FOR2002 Visuelle kunstfag 2 KDA2002 Kunst og visuelle verkemiddel 2
FOR2003 Visuelle kunstfag 3 KDA2003 Kunst og visuelle verkemiddel 3
FOR2004 Design og arkitektur 1 KDA2004 Design og arkitektur 1
FOR2005 Design og arkitektur 2 KDA2005 Design og arkitektur 2
FOR2006 Design og arkitektur 3 KDA2006 Design og arkitektur 3
FOR3003 Trykk og foto KDA3004 Foto og grafikk 1
FOR3003 Trykk og foto KDA3005 Foto og grafikk 2

Siste elevkull etter nåverande ordning, utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag, fullfører opplæringsløpet våren 2018. Det vil vere mogleg for privatistar å ta eksamen i felles og valfrie programfag frå programområde for formgjevingsfag inntil to år etter siste undervisningssemester for kvart enkelt fag. Sjå tabell under:

FagFagkodeSiste undervisnings-
semester
Siste moglege eksamen
Visuelle kunstfag 1 FOR2001 Vår 2016 Vår 2018
Visuelle kunstfag 2 FOR2002 Vår 2017 Vår 2019

Visuelle kunstfag 3

FOR2003 Vår 2018 Vår 2020
Design og arkitektur 1 FOR2004 Vår 2016 Vår 2018
Design og arkitektur 2 FOR2005 Vår 2017 Vår 2019
Design og arkitektur 3 FOR2006 Vår 2018 Vår 2020
Scenografi og kostyme FOR3002 Vår 2018 Vår 2020
Trykk og foto FOR3003 Vår 2018 Vår 2020
Visuell kultur og samfunn FOR3001 Vår 2018 Vår 2020

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!