Vurdering og progresjon

Elevane skal ha undervegs- og sluttvurdering i samsvar med føresegnene i opplæringslova og med utgangspunkt i måla i læreplanen for det einskilde faget.

Skule og bedrift kan ha ulike tradisjonar når det gjeld bruk av læreplanar, mål, vurdering og dokumentasjon. Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i læreplanane, medan arbeidslivet kan i tillegg leggje større vekt på evne til å kommunisere, samarbeide, vere fleksibel og nøyaktig, og til arbeidsinnsats og orden. Slike tilbakemeldingar kan vere nyttige i undervegsvurderinga av elevane, men dei skal ikkje vere med i sluttvurderinga.

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal vere læringsfremjande og byggje på dei fire prinsippa i Vurdering for læring, som seier at elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei

  1. forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei
  2. får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen
  3. får råd om korleis dei kan forbetre seg
  4. er involverte i eige læringsarbeid gjennom mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling

Under får du tips til korleis du kan praktisere dei fire prinsippa for undervegsvurdering i yrkesfagleg fordjuping.

Prinsipp 1

Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei.

Dette inneber mellom anna at

  • eleven forstår føremålet med faget og relevansen
  • opplæringa tek utgangspunkt i ståstad og bakgrunnskunnskap hos elevane
  • eleven forstår relevante faguttrykk
  • læringsoppdrag har tydelege vurderingskriterium og eventuelle sjekklister som er kjende for elevane tidleg i læringsprosessen
  • kvar læringsøkt startar med å setje læringsfokus, og ho vert avslutta med utsjekk av kva eleven har lært
  • læringsmåla vert fordelte på periodar og økter som gjev eleven oversikt over læringsarbeidet

Prinsipp 2

Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.

Dette inneber mellom anna at tilbakemeldinga

  • tek utgangspunkt i omtalte kjenneteikn på måloppnåing/vurderingskriterium
  • er konkret og beskriv kva som er bra og kvifor
  • kjem mens elevane framleis arbeider med læringsmåla og før dei får eventuelle karakterar (karakterar kan skyggje for tilbakemeldingar)

Prinsipp 3

Elevar, læringar og lærekandidatar lærer best når dei får råd om korleis dei kan forbetre seg.

Dette inneber mellom anna at

  • skulen/læraren har gode system og rutinar for fagsamtalar
  • fagleg forbetring er i fokus – kva kan eleven gjere for å verte betre?
  • tilbakmeldinga er mogleg å følge opp og bruke for det vidare arbeidet
  • eleven forstår målet for opplæringa
  • eleven forstår kvar ho/han står i høve til målet for opplæringa
  • eleven forstår kva ho/han skal gjere for å komme vidare

Prinsipp 4

Elevar, lærlingar og lærekandidatar lærer best når dei er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling.

Dette inneber mellom anna at elevane

  • er involverte i utforming av mål og kriterium til arbeidsoppgåvene
  • forstår læringsmålet/arbeidsoppgåva
  • kan bruke kriteria/kjenneteikna som utgangspunkt for eigenvurdering
  • har rutinar for å bruke logg eller tilsvarande som sikrar progresjon/eigenvurdering over tid
  • kan bruke kvarandrevurdering

Døme på skjema for eigenvurdering (Word)

Kjenneteikn på måloppnåing – ein reiskap for undervegsvurdering

Meir om undervegsvurdering

Sluttvurdering

Grunnlaget for sluttvurderinga er kompetansemåla i den lokale læreplanen. Elevane skal vere kjende med kva som vert vektlagt i standpunktkarakteren. I byrjinga av skuleåret bør lærarar/instruktørar og elevar jobbe med å få ei felles forståing av kva for kompetanse eleven skal oppnå. Det handlar om å avklare ambisjonar – kva siktar vi mot? Det handler også om å få oversikt over det store biletet – kva skal vi oppnå, og korleis skal vi jobbe for å kome dit?

Elevane bør difor erfare varierte arbeidsoppgåver som grunnlag for sluttvurderinga. Sluttvurdering i yrkesfagleg fordjuping vert dokumentert på vitnemålet med ein standpunktkarakter.

Om standpunktvurdering

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!