Ungdomsbedrift i yrkesfagleg fordjuping

Dette er eit døme på korleis skulen kan bruke ungdomsbedrift i opplæringa i yrkesfagleg fordjuping. Elevar får bruke ein lokal restaurant ved hjelp av faglærde kokkar frå næringslivet. I tillegg skriv elevane ein matspalte i ei lokal avis som del av norskopplæringa.

Utgangspunktet for den lokale læreplanen er læreplan i kokkfaget Vg3 opplæring i bedrift, og med kompetansemål frå hovudområdet råvarer og produksjon.

Innhald

Den lokale læreplanen tek utgangspunkt i følgjande kompetansemål frå hovudområdet råvarer og produksjon:

  • planleggje og lage måltider med vekt på utsjånad, lukt, smak, konsistens, ernæring og økonomi
  • reinse, filetere og porsjonere fisk
  • fremje kvalitet, effektivitet og produktivitet gjennom riktig arbeidsteknikk
  • utføre porsjonsberekning og produsere rettar etter oppskrifter
  • lage og setje fram kalde og varme rettar med utgangspunkt i grunnleggjande tillagingsmetodar til ulike måltid og menyar
  • lage kraft, varme og kalde sausar og supper med utgangspunkt i grunnleggjande tillagingsmetodar
  • lage og setje fram dessertar og dessertsausar med utgangspunkt i grunnleggjande tillagingsmetodar

Organisering

Restaurantdrift: Elevane jobbar på ein lokal restaurant saman med faglærde kokkar som rettleier og hjelper elevane i drifta av restauranten.

Samarbeid mellom yrkesfaglæraren og norsklæraren: Elevane leverer matspalte til lokalavisa ein gong i veka. Dei har med seg ein kokk som mentor, som rettleier dei ved testing av oppskrifter og styling av rettane før fotografering. Språkvasking av oppskriftene skjer i norsktimane.

Dokumentasjon

Arbeidet til elevane vert vurdert etter forskrift til opplæringslova

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!