Praksisplass i utlandet på yrkesfagleg fordjuping

Dette dømet tek utgangspunkt i at skulen har søkt om midlar gjennom Erasmus+ for at elevar skal kunne ta yrkesfagleg fordjuping i eit anna land. I utgangspunktet passar eit mobilitetsprogram for alle utdanningsprogram og for alle elevar og lærarar.

Ved å bruke praksisplass i utlandet er det naturleg nok det faglege som har sterkast fokus, men det er òg synergieffektar knytte til fellesfag, programfag og ikkje minst til den generelle delen av læreplanen. Her skal elevane lære å klare seg i heilt nye omgivnader, nye kulturelle rammer, og dei får prøvd ut ulike sider ved seg sjølve knytt til samarbeid og til eigne og andre sine toleransegrenser.

Yrkesfagleg fordjuping skal i så stor grad som mogleg vere eit tilbod i bedrift. Mange skular har etter kvart sett dei moglegheitene som ligg i mobilitetsprogrammet Erasmus+, eller dei har etablert nettverk og samarbeidspartar i andre europeiske land som gjer at elevar kan ta heile eller delar av yrkesfagleg fordjuping ute. Dette dømet legg vekt på kva det er viktig å tenkje på og korleis aktørar bør samarbeide på alle nivå.

Aktørar i planlegginga

Det er mange fasar før skulen er klar til å tilby yrkesfagleg fordjuping i eit anna land, og det er mange aktørar som skal involverast.

Utdanningssektoren

Ein viktig aktør i den innleiande fasen er SiU som administrerer Erasmus+ programmet, og som har solid kompetanse når det gjeld å vise korleis skulen skal gå fram. Eit mobilitetsprosjekt krev solid forankring i fylkeskommunen og i skuleleiinga og lærarkollegiet. Mange skular har lærings- og utviklingsteam (LUT) – det kan vere ein naturleg stad å forankre søknaden og gjennomføringa av eit mobilitetsopphald.

Bedrifter

Den viktigaste samarbeidspartnaren for skulane er naturleg nok bedrifta i mottakarlandet. Det er mange måtar å finne kontaktpersonar/bedrifter på. Somme har vendt seg til ambassadar med gode resultat, andre har vendt seg til bedrifter her heime som har internasjonal forankring og fått gode døropnarar. Det har òg utvikla seg fleire aktørar på marknaden som har spesialisert seg på å knyte kontaktar mellom skular og bedrifter – men her kan det lønne seg å sjekke referansar før skulen formaliserer samarbeidet.

Lærebedriftene og/eller opplæringskontora her heime er òg viktige aktørar i planleggingsfasen. Det kan vere nyttig både å informere potensielle lærebedrifter om kva for bedrifter skulen har samarbeid med, og kva for kompetanse elevane får med seg heim. Bedriftene heime kan òg vere døropnar for bedrifter ute.

Foreldre

For mange elevar er dette første gongen dei er heimafrå, og ein skal ikkje undervurdere informasjon til og involvering av foreldra. I tillegg til foreldremøte i forkant bør det skrivast avtale mellom eleven, foreldra, læraren og mottakande bedrift. Det er òg viktig å førebu elevane på sjølve opphaldet i eit anna land. Her kan ein tenkje på språket og dei sosiale og kulturelle tilhøva i det landet elevane kjem til, køyrereglar dei skal følgje, og ikkje minst korleis dei kommuniserer på arbeidsplassen. Her kan skulen nytte den generelle delen av læreplanen for sjå kva som kan vektleggjast.

Lokal læreplan

Det er læreplanmåla på Vg3 som skal liggje til grunn, sjølv om bedrifta ligg i eit anna land. Det er derfor viktig at faglæraren kjenner bedrifta som elevene skal vere i, og knyter kontakt med den opplæringsansvarlege eller med instruktøren i bedrifta. Ein måte å gå fram på er at faglæraren og instruktøren avtaler oppgåver for eleven i bedrifta. Så utarbeider faglæraren eit utkast til læreplan for opphaldet som dei deretter går gjennom saman og justerer, slik at opphaldet vert nyttig for begge partar. Den lokale læreplanen er eit svært viktig dokument for elevane når dei kjem heim. Han vil følgje elevane og er eit svært viktig verktøy for potensielle lærebedrifter her heime.

Døme på lokal læreplan

Dømet er henta frå eit mobilitetsopphald for to norske ungdommar som fekk opplæring i tre månader hos eit byggjefirma i Berlin våren 2013.

Kompetansemåla er frå læreplanen for Vg3 opplæring i bedrift for betongfaget:

  • arbeide etter gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke kvalitetsstyringssystem frå byggjenæringa
  • velje, bruke og halde ved like relevant verktøy og utstyr
  • velje, bearbeide og bruke materiale på ein økonomisk måte
  • ta imot materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengde
  • arbeide etter teikningar og arbeidsbeskrivingar

Forventa læringsutbytte

Performing concrete work in a multicultural construction site.

Learning outcome 1 – Is able to produce pre-fabricated and built-in-place concrete structures for building and construction sites
Learning outcome 2 – Is able to work under supervision in an international environment following local regulation.

Innhald og aktivitetar

  • work in a construction site in Germany within a team of concrete workers from other European countries
  • cutting, bending and binding concrete steel bars
  • set in the reinforcement with distance holders
  • reinforce concrete works
  • waterproofing
  • floor screed work
  • cleaning and blasting treatment

Undervegsvurdering

The hosting company will designate a skilled worker who will assess the performance.

  • The trainee would be assessed continuously on the building site.
  • The progress of the trainee's performance will be documents three weeks after the start of the traineeship and at the end of the traineeship.
  • The assessment basis will be the German standards in concrete work, quality of the work, work performance and conformity to regulation.

The norwegian regional county will recognize the learning outcome achieved abroad.

Sluttvurdering

The norwegian regional county will issue a statement certifying that the placement is fully recognized and integrated in the in-company training of the apprentice.

Dokumentasjon

The hosting organization will record the results of the assessment in the learners transcript of record (Europass mobility).

Innhald og organisering

Når det gjeld det faglege innhaldet i opplæringa i ei bedrift i Noreg eller i eit anna land, er det ofte ikkje store skilnader. I mange fag er terminologien felles, metodologien er lik, og det kan være same krav til yrkesutøving. Det er særleg andre tilhøve som respekt for autoritetar, konsekvensar ved å gjere feil o.l. som er forskjellig i mange land, og som skulen må tenkje igjennom i planleggingsfasen.

Sjølv om mange vel å bruke yrkesfagleg fordjuping på Vg2 til mobilitetsopphald, er det òg gode erfaringar med å bruke det på Vg1. Same fremgangsmåte gjeld sjølv om elevane er eitt år yngre. Utgangspunktet er at praksisen skjer på Vg2, og da kan ein måte å tenkje organisering på vere å gje informasjon om tilbodet på Vg1. Kva skal til for å kunne delta? Det er viktig å møte tidsnok, delta i undervisning, avklare krav til språkkunnskapar og liknande.

Litt avhengig av fag, samarbeidspartnar, elevane sine ønske og tilgjengelege praksisplassar kan heile eller delar av klassen delta. Det handlar om god planlegging og avklaringar med mottakande bedrifter. Vidare er det viktig at faglæraren held den raude tråden i planlegginga og organiseringa, og ikkje minst at faglæraren er med og følgjer opp elevane i mottakarlandet.

Skulen kan òg leggje mykje av førebuingane til opphaldet inn i undervisninga i andre fag. Elevane kan til dømes søkje på eit slikt opphald og grunngje søknaden. Søknaden kan i så fall skrivast på engelsk.

Yrkesfagleg fordjuping kan til dømes vere tre veker heime om hausten og tre veker ute om våren i Vg2.

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering bør inngå i planleggingsfasen. Det er viktig at læraren og den fagansvarlege i bedrifta har laga ein plan for vurdering ut frå vurderingskriteria: Kva skal vurderast? Kven gjer kva? Er elevane klar over at det er eit felles opplegg?

Samarbeidsskulen og bedrifta må utveksle vurderingskriterium, justerere og tilpasse til norske lover og reglar og omsette til engelsk som felles språk. Europass mobilitet er ei unik dokumentasjonsordning som kan brukast i forkant heime, og som elevane kan ta med seg og bruke som dokumentasjon under opphaldet.

Sluttvurdering

Læraren har ansvar for sluttvurderinga som i yrkesfagleg fordjuping er standpunktkarakter.

Dokumentasjon

I eit mobilitetsopphald er det svært viktig at faglæraren og den ansvarlege i bedrifta på førehand er einige om kva som skal vurderast, korleis det skal gjerast, og av kven.
Det kan vere store skilnader på ulike fag, noko som òg krev ulike dokumentasjonsordningar. Bilete, videoar og liknande kan i mange tilfelle vere med på å dokumentere den praksisen elevane har utført. Ansvaret for dokumentasjonen må avtalast mellom den enkelte elev, lærar og fagleg ansvarleg.

Forsikring

Elevane er dekte av skulen si forsikring. Dei må ha reiseforsikring og EU-kort.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!