Organisering av yrkesfagleg fordjuping gjennom nettverk

Skulen skal ta initiativ til å samarbeide med den opplæringsansvarlege i bedrifta om å utarbeide lokale læreplanar. Dette dømet viser korleis yrkesfagleg fordjuping kan planleggjast, organiserast og gjennomførast av eit nettverk som består av representantar frå skulen og arbeidslivet.

Planlegging

  • Faglærarar, faglege leiarar, instruktørar og avdelingsleiarar planlegg, gjennomfører og evaluerer opplæringa.
  • Partane planlegg opplæringa i årlege møte.
  • Bedrifta og den vidaregåande skulen samarbeider tett om opplæringa av elevane.

Lokal læreplan

  • Skuleeigaren kan utarbeide ein standarisert mal for arbeidet med den lokale læreplanen dersom det er føremålstenleg.
  • Ei arbeidsgruppe med faglærarar og instruktørar utarbeider lokale læreplanar med kjenneteikn på måloppnåing.
  • Prøvenemndsmedlemmer kan òg vere ein ressurs i dette arbeidet.
  • Eleven får opplæring i samsvar med den lokale læreplanen.
  • Ei gruppe samansett av lærarar, instruktørar, eventuelt òg prøvenemndsmedlemmer, reviderer den lokale læreplanen på dei årlege møta.

Organisering

  • Opplæringa er forankra i bedriftsleiinga.
  • Elev, faglærar og kontaktperson i bedrifta vert einige om innhaldet i den lokale læreplanen og kriterium for måloppnåing før praksisperioden.
  • Bedrifta har rutiner for å ta imot elevane og set av tid til opplæring.
  • Instruktøren i bedrifta inkluderer bedrifta sine lærlingar i opplæringa av elevane.
  • Ei stor verksemd kan til dømes ta imot tre til seks elevar samtidig to gonger i året. Læraren får betre tid til oppfølging når fleire elevar er på den same arbeidsplassen.
  • Kvar periode kan til dømes vere på to til fire.
  • Kontaktpersonen i verksemda har det daglege rettleiingsansvaret for eleven.
  • Faglæraren møter elevane jamleg ute i verksemdene for å sikre at elevane vert vurderte ut frå kompetansemåla i den lokale læreplanen.
  • Instruktøren og lærlingen samarbeider om opplæring, rettleiing og vurdering av eleven.

Undervegsvurdering

  • Fagleg leiar/instruktør bruker vurderingskriteria frå den lokale læreplanen i si rettleiing og
    vurdering av eleven.

Sluttvurdering

  • Faglæraren set ei standpunktvurdering.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!