Lokalt arbeid med læreplanar

Skuleeigaren skal leggje til rette for at det vert utarbeidd lokale læreplanar med utgangspunkt i kompetansemål på Vg3 for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, og for at elevane vert vurderte i samsvar med kompetansemåla i desse planane.

Dei einskilde vidaregåande skulane har ansvar for undervegs- og sluttvurderinga av kompetansen til elevane. For å få eit godt og relevant vurderingsgrunnlag må skulen og bedrifta samarbeide om utarbeiding av lokale læreplanar og vurdering av elevane.

Når ein skal bestemme mål og innhald i dei lokale læreplanane ut frå kompetansemåla frå Vg3-læreplanane, bør ein ta omsyn til og tilpasse dei til

  • elevane sine interesser, behov og nivå
  • lokale kompetansebehov
  • arbeidsoppgåver på ulike arbeidsplassar
  • kva som er mogeleg å gjennomføre og prøve ut i skuleverkstaden

For at elevar, lærarar og bedrifter skal kunne arbeide ut frå kompetansemåla på Vg3, kan det vere nyttig om kompetansemåla vert formulerte som læringsaktivitetar for elevane. Læringsaktiviteten bør seie noko om kva arbeidsoppgåver elevane skal delta i og utføre, og på kva måte dette skal gjerast. Frå arbeidsplassane sitt perspektiv vil gjerne konkrete arbeidsoppgåver vere utgangspunkt for innhaldet i faget.

Døme på ein lokal læreplan i yrkesfagleg fordjuping

Døme på progresjon ved opplæring i bedrift

Planleggings- og refleksjonsmodell

Planleggings- og refleksjonsmodellen kan vere eit hjelpemiddel for skulen og bedrifta når dei skal planlegge og gjennomføre opplæringa i yrkesfagleg fordjuping.

Planlegging

  • Kva skal elevane lære?
  • Korleis kan vi formulere læringsoppdrag/arbeidsoppdrag slik at elevane forstår kva dei skal lære?
  • Kva for arbeidsmetodar er best eigna?
  • Kva for kompetansemål byggjer opplæringa på?

Motivasjon

  • Korleis kan skulen og bedrifta aktivere elevane sine førkunnskapar?
  • Korleis kan skulen og bedrifta motivere og skape interesse hjå elevane?
  • Korleis kan skulen og bedrifta byggje på elevane sine interesser?

Innhald og organisering

  • Kva for aktivitetar og arbeidsoppgåver skal eleven delta i/utføre?
  • Kven skal eleven samarbeide med?
  • Korleis er grunnleggjande ferdigheiter vektlagde i arbeidet?

Undervegsvurdering

  • Korleis planlegg skulen og bedrifta vurdering undervegs?
  • På kva tidspunkt skal eleven vurderast, og korleis skal det følgjast opp?
  • Korleis kan elevane involverast i utviklinga av mål, kjenneteikn og vurdering av eige arbeid?
  • På kva måte kan skulen og bedrifta konkretisere kjenneteikn på måloppnåing?
  • Kva kan det gjevast tilbakemeldingar på undervegs?
  • Korleis gje framovermeldingar til eleven?
  • Kven kan gje undervegsvurdering til eleven?

Sluttvurdering

  • Er det konkretisert kva som inngår i sluttvurderinga, til dømes krav til sluttprodukt og kjenneteikn på kvalitet?

Dokumentasjon

  • Kva skal dokumenterast i opplæringa?
  • På kva måte skal læring og resultat av læringa dokumenterast?
  • Kven har ansvar for dokumentasjon?

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!