Kjenneteikn på måloppnåing i yrkesfagleg fordjuping

I dette dømet kan du sjå korleis det er laga læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing på bakgrunn av kompetansemål frå læreplanen i barne- og ungdomsarbeidarfaget Vg3 opplæring i bedrift. Læringsmåla er knytte til konkrete arbeidsoppgåver i ein barnehage. Kjenneteikna kan vere utgangspunkt for ein utviklings-/vurderingssamtale.

Deltaking i garderobesituasjonen

Lærlingen skal kunne

  • kjenne til registreringssystem (beskjedar og fråvær)
  • vere ein god rollemodell for barna
  • ta vare på barnets rett til medverknad
  • rettleie barn i påkledningssituasjonar
  • halde orden i garderoben

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i garderobesituasjonar og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i garderobesituasjonen. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar. Han/ho er fleksibel og har positive haldningar.

Deltaking i måltidssituasjonen

Lærlingen skal kunne

  • dekkje bord og rydde etter eit måltid
  • kjenne til gjeldande regelverk for mat og måltid i barnehagen
  • ta medansvar for å øve på god bordskik
  • kvere ein god rollemodell og skape ein positiv atmosfære
  • utføre riktig hygiene i måltidssituasjonen

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen tek del i måltidet og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i måltidssituasjonen. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar. Er fleksibel og har positive haldningar.

Stelle- og sovesituasjonar

Lærlingen skal kunne

  • følgje barnehagens rutinar ved legging
  • følgje og hjelpe barnet ved toalettrutinar
  • følgje retningslinjer for hygiene i situasjonen
  • kjenne til ergonomi og ta vare på sikkerheit (HMS).

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i stelle- og sovesituasjonar og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i stelle- og sovesituasjonar. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar og er fleksibel og har positive haldningar.

Leik inne og ute

Lærlingen skal kunne

  • delta i leik/tur og andre aktivitetar
  • motivere barna til å rydde
  • inspirere, vere kreativ og leggje til rette for leik
  • observere sosial kompetanse

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen deltek i leik og følgjer barnehagens rutinar. Han/ho viser initiativ og engasjement i leik. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar, er fleksibel og har positive haldningar.

Kommunikasjon og samhandling

Lærlingen skal kunne

  • kommunisere høfleg og tillitsfullt med barn og kollegaer
  • vere ein god rollemodell i kommunikasjon og samhandling

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen kommuniserer høfleg med barna og kollegaene. Han/ho viser initiativ til og engasjement i kommunikasjonen og samhandlingen med barna og kollegaene. I tillegg er han/ho sjølvstendig og tek ansvar for kommunikasjonen og samhandlingen, er fleksibel og har positive haldningar.

Hygiene

Lærlingen skal kunne

  • rette seg etter arbeidsplassen sine krav om eigenhygiene
  • vere ein god rollemodell og bruke klede som er tekkelege, behagelege og fornuftige
  • kjenne til barnehagens rutinar knytte til hygiene, førebygging av sjukdom og smittevern

Kjenneteikn på høg grad av måloppnåing er at lærlingen tek vare på eigenhygiene og følgjer barnehagens rutinar knytte til arbeid med smittevern. Han/ho viser initiativ og sjølvstende i arbeidet med smittevern.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!