Yrkesfagleg fordjuping – faget sin egenart

I yrkesfagleg fordjuping skal elevane få moglegheit til å prøve ut eit eller fleire aktuelle lærefag slik at dei kan få eit godt grunnlag for å velje lærefag. Elevane skal få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innafor ulike yrke som utdanningsprogrammet kvalifiserer elevane for.

Opplæringa skal ta utgangspunkt i kompetansemål frå læreplanane på Vg3-nivå. Yrkesfagleg fordjuping skal gjere det mogleg å veksle mellom ulike læringsarenaer og gje elevane ei opplæring som er relevant for deira framtidige yrkesutøving.

Yrkesfagleg fordjuping skal bidra til å introdusere elevane for arbeidslivet, og gje regionalt og lokalt arbeidsliv moglegheit til å definere innhaldet i opplæringa i tråd med lokale kompetansebehov baserte på læreplanar for aktuelle fag.

Yrkesfagleg fordjuping kan òg gje elevane moglegheit til å ta fellesfag i framandspråk eller programfag frå studieførebuande utdanningsprogram og fellesfag frå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Skule og bedrift må saman kome fram til ei praktisk organisering med tanke på samanhengande tid til opplæringa. Til dømes kan opplæringa på ein arbeidsplass gå føre seg over veke, dagar eller korte dagar.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!