Bruk av ressursskular i yrkesfagleg fordjuping

Dette er eit døme på korleis yrkesfagleg fordjuping kan organiserast ved hjelp av ressursskular. Fylkeskommunen kan etablere ressursskular som i samarbeid med arbeidslivet planlegg, organiserer, gjennomfører og dokumenterer yrkesfagleg fordjuping.

Skuleeigar har ansvaret for at det vert utarbeidd lokale læreplanar i yrkesfagleg fordjuping, og at opplæringa vert gjennomført i samsvar med desse læreplanane. Skuleeigaren har ansvar for at elevane vert vurderte i tråd med kompetansemåla i dei lokale læreplanane. Skuleeigaren må leggje til rette for at elevane får eit reelt val
mellom fleire lokale læreplanar i yrkesfagleg fordjuping.

Ressursskulane skal leggje til rette for:

  • nettverkssamarbeid mellom skular, og mellom skular og arbeidsliv
  • auka samkøyring av yrkesfagleg fordjuping (YFF) i fylket
  • å utnytte moglegheitene til at elevane får lærekontrakt/opplæringskontrakt i perioden med opplæring i bedrift
  • at det vert utvikla ein systematikk for at elevane kan bruke YFF til å marknadsføre seg overfor lærebedriftene
  • at YFF vert gjennomført i tett samarbeid mellom skulane, opplæringskontora og bransjeorganisasjonane på ein måte som tek omsyn til behova til elevane, bransjen og lærebedriftene
  • utvikle eit felles årshjul slik at gjennomføringa av YFF er den same ved alle skulane
  • at bedrifter som vurderer å ta inn lærling, vert stimulerte til å ta imot elevar i YFF
  • at også Vg1-elevar i størst mogleg grad har praksis i bedrift

God organisering og gjennomføring er avgjerande for kvalitet i opplæringa. Ressursskulane er ei sentral del av nettverka for yrkesfagleg fordjuping. Nettverka skal

  • vere ein viktig samarbeidsarena (skule-arbeidsliv) for kvalitet i fag- og yrkesopplæringa
  • medverke til felles forståing og konkretisering av læreplanar
  • vere eit forum der ein drøftar samanhengar mellom opplæringsspraksis og opplæringsresultat
  • sikre arbeidet med kompetansemåla i Vg3-læreplanane
  • utvikle gode felles rutinar for dokumentasjon, evaluering og vurdering i yrkesfagleg fordjuping

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!