Progresjon ved opplæring i bedrift

Dømet viser progresjon gjennom ein praksisperiode på ein sjukeheim for elevar frå Vg2 helsearbeidarfag. Det legg vekt på at eleven sin kompetanse vert utvikla i eit samspel mellom faglege og sosiale/emosjonelle sider ved læringa.

Gjennom opplæring og samarbeid med skulen og yrkesgrupper på arbeidsplassane skal elevane få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer daglege gjeremål i yrket.

I dette dømet er det kompetansemål frå læreplan frå Vg3 helseabeidarfaget som ligg til grunn.

Veke 1

Kompetansemål frå læreplan:

  • følgje gjeldande regelverk for teieplikt og personvern i helse- og sosialsektoren
  • følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit

Mål frå lokal læreplan:

  • verte kjend med spelereglar i arbeidslivet
  • kjenne teieplikta og forstå konsekvensar av brot på den
  • arbeide konkret med kompetansmål frå aktuell(e) læreplan(ar)

Praksisoppgåver:

  • oppmøte, informasjon om praksisplassen
  • møte rettleiar/kontaktperson, få telefonnummer til avdelinga
  • gjennomgå vekeplan for praksis
  • omvising i verksemda
  • introduksjon på avdelinga, verte litt kjend
  • helse på pasientane på avdelinga
  • gjennomgå teieplikta
  • delta i aktivitetar med pasientane

Veke 2

Kompetansemål frå læreplan:

  • følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk, planar og rutinar på arbeidsplassen
  • lage måltid som tek vare på helse og trivsel hos brukarane

Mål frå lokal læreplan:

  • arbeide etter hygieniske retningslinjer og forstå konsekvensar ved brot på dei

Praksisoppgåver:

  • vere saman med rettleiaren og gjennomgå hygieniske prinsipp og retningslinjer
  • førebu frukost og middag
  • hjelpe pasientar som treng tilpassa hjelp under måltidet

Veke 3

Kompetansemål frå læreplan:

  • følgje ergonomiske prinsipp i yrkesutøvinga
  • følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • utføre arbeidet på en måte som vekkjer tillit, skaper truverde og positiv dialog med brukaren

Mål frå lokal læreplan:

  • delta i enkle prosedyrar saman med aktuelle yrkesgrupper
  • vere bevisst på faren for belastningslidingar og gjennomføre arbeidsoppgåver etter ergonomiske prinsipp
  • nytte hjelpemiddel i den grad dette er nødvendig for å gjennomføre arbeidsoppgåva
  • sjå òg veke 2

Praksisoppgåver:

  • velje ein pasient og lese tiltaksplanen for denne pasienten
  • setje seg inn i livsbakgrunn og interesser til pasienten, snakke med tilsette som kjenner pasienten, og med pasienten sjølv
  • vere med på aktivisering med denne pasienten
  • ha fokus på generell hygiene og ergonomi

Veke 4

Kompetansemål frå læreplan:

  • planleggje og gjennomføre tiltak som fremjar trivsel og medverkar til auka livskvalitet
  • utføre arbeidet på ein måte som vekkjer tillit, skaper truverde og positiv dialog med brukaren
  • kommunisere med brukarar og pasientar med ulik kommunikasjonsevne
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid og foreslå forbetringstiltak

Mål frå lokal læreplan:

  • gjennomføre aktivitetar saman med brukarar som er med på å fremje trivsel, førebyggje isolasjon og gje auka livskvalitet
  • dokumentere arbeidet undervegs
  • sjå òg veke 3

Praksisoppgåver:

  • delta i aktivitetar til pasienten som er vald
  • vere med på å gjere i stand eit bebuarrom, påfylling av utstyr, støvtørk, vask og reie opp senga
  • setje seg inn i ergonomiske prinsipp og retningslinjer
  • dokumentere gjennomført arbeid

Veke 5

Kompetansemål frå læreplan:

  • som frå veke 1 til 4

Mål frå lokal læreplan:

 

  • gjennomføre aktivitetar saman med brukarar som er med på å fremje trivsel, førebyggje isolasjon og gje auka livskvalitet
  • sjå òg veke 3 og 4

Praksisoppgåver:

  • planleggje dagens aktivitetar
  • kaffestund/kakebaking saman med pasientane
  • hjelpe til under måltida
  • ha fokus på hygiene og ergonomi
  • dokumentere gjennomført arbeid

Veke 6

Kompetansemål frå læreplan:

  • som frå veke 1 til 4

Mål frå lokal læreplan:

  • opptre på ein måte som vekkjer tillit, og som tek vare på likeverd og tilhøyrsle i samfunnet for den enkelte brukar/kunde
  • sjå òg veke 3, 4 og 5

Praksisoppgåver:

  • delta i aktivitetar og måltid saman med pasientane
  • forslag til aktivitetar: songstund, trim med ballong, ut på tur, andre uteaktivitetar, baking, lesestund, handmassasje/nakkemassasje
  • samarbeide med andre elevar på same praksisplass
  • ha fokus på hygiene og ergonomi

Veke 7

Kompetansemål frå læreplan:

  • som frå veke 1 til 4

Mål frå lokal læreplan:

  • øve på ferdigheiter, på å vere nøyaktig og sjølvstendig, på samarbeid og kommunikasjon
  • kunne ta hand om plikter og ansvar
  • sjå òg veke 3, 4 og 5

Praksisoppgåver:

  • vere med på å gjere i stand eit pasientrom, påfylling av utstyr, støvtørk, vask og å reie senger
  • delta i aktivitetar og ved måltid
  • forslag til aktiitetar: spele spel med ein eller fleire bebuarar, til dømes bingo, yatzy, ludo, ordtakskort, avislesing, fotoalbum
  • ha fokus på hygiene og ergonomi

Veke 8

Kompetansemål frå læreplan:

  • som frå veke 1 til 4

Mål frå lokal læreplan:

  • få innsyn i variasjon og breidda i arbeidslivet
  • øve på ferdigheiter, på å vere nøyaktig og sjølvstendig, på samarbeid og kommunikasjon

Praksisoppgåver:

  • som frå veke 3 til 8

Veke 9, 10, 11 og 12

Kompetansemål frå læreplan:

  • som frå veke 1 til 4

Mål frå lokal læreplan:

  • følgje kompetansemåla frå vekene tidlegare
  • utarbeide ein skriftleg sluttrapport med eigenvurdering

Praksisoppgåver:

  • som frå veke 3 til 8

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!