Arbeid med vurdering i fag

Undervegsvurdering skal vere ein reiskap i læreprosessen, gi grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at elevar og lærlingar aukar kompetansen sin i fag.

Undervegsvurdering inneber mange moglegheiter og val for korleis lærarar kan bruke vurdering som ein reiskap til å utvikle elevane sin kompetanse. Grunnlaget for vurdering i fag er kompetansemåla.

Det er særleg fire prinsipp som er sentrale for å få til ei læringsfremjande undervegsvurdering:

  • Elevane og lærlingane skal forstå kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei.
  • Elevane og lærlingane skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
  • Elevane og lærlingane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg.
  • Elevane og lærlingane skal vere involverte i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og utvikling.

Sluttvurdering er den kompetansen eleven og lærlingen har oppnådd i faget ved slutten av opplæringa.

Meir om vurderingspraksis

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!