Ansvar for arbeid med læreplanar

Skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar har eit felles ansvar for at opplæringa er i tråd med læreplanverket. Skolane skal jamleg vurdere om opplæringa bidreg til at dei når intensjonane og måla i læreplanverket, både på system- og individnivå.

Arbeidet med å vurdere og utvikle kvalitet i skolen skal bidra til at intensjonar og mål i læreplanverket blir realiserte, slik at elevar og lærlingar har eit godt læringsmiljø, ei god fagleg utvikling og opplever variasjon, motivasjon og medverknad.

Ansvaret til skoleeigaren

Skoleeigaren har ansvar for at opplæringa er i tråd med opplæringslova og læreplanverket for Kunnskapsløftet. Sjølv om det kan vere formålstenleg å delegere mykje av det lokale arbeidet med læreplanar til skoleleiarar, skal skoleeigaren ha eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova og læreplanverket blir oppfylte.

Årleg tilstandsrapport

Gjennom eit forsvarleg system skal skoleeigaren både innhente informasjon om og bidra til å utvikle kvaliteten i opplæringa. Skoleeigaren skal utvikle ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Kjenneteikn ved ein god tilstandsrapport er at han

  • er godt forankra hos politisk og administrativ skoleeigar og hos skoleleiarar og skolar
  • analyserer skolane sine resultat i lys av lokale forhold og ser dei opp mot skolens breie mandat og det lokale arbeidet med læreplanar
  • formulerer mål og tiltak på bakgrunn av analysen
  • gir gode og utfyllande vurderingar av skolane sine resultat
  • konkretiserer og prioriterer relevante tiltak
  • framstiller data og informasjon på ein lettfatteleg og forståeleg måte

§ 13.10 Ansvarsomfang (Lovdata, Opplæringslova)

Ansvaret til skoleleiaren

Skoleleiaren har ansvar for at opplæringa ved skolen blir organisert, planlagd, gjennomført og vurdert i tråd med læreplanverket. Det betyr at skoleleiaren må iverksetje, tilretteleggje for og følgje opp læreplanarbeidet ved skolen.

Skolebasert vurdering

Gjennom skolebasert vurdering skal skolen jamleg vurdere og følgje opp om organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa bidreg til at elevane når måla i læreplanverket. Skoleleiaren har ansvar for at skolebasert vurdering blir gjennomført, at personalet ved skolen er involvert i arbeidet, og at nødvendige tiltak blir gjennomførte.

Skolebasert vurdering § 2.1 i forskrift til opplæringslova (Lovdata)

Ansvaret til læraren

Opplæringa skal planleggjast, gjennomførast og vurderast i tråd med opplæringslova, vurderingsforskrifta og læreplanverket. Kompetansemål i fag uttrykkjer kva for kompetanse eleven skal ha etter endt opplæring på ulike trinn. Kompetansemåla må ein forstå med utgangspunkt i formålet med faget, beskrivingar av dei grunnleggjande ferdigheitene og hovudområda slik dei kjem til uttrykk i læreplanar for fag.


Læraren skal velje innhald, arbeidsmåtar, progresjon og undervegsvurdering som bidreg til at den enkelte eleven og elevgruppa utviklar kompetanse i tråd med læreplanane. Tilpassa opplæring og elevmedverknad skal også takast vare på.

Verktøy til bruk i arbeidet med å vurdere og utvikle kvalitet i opplæringa

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd fleire verktøy som kan nyttast i arbeidet med å vurdere og utvikle kvalitet i opplæringa, og i oppfølginga av lokalt arbeid med læreplanar. Nokre av verktøya er frivillige, mens andre er obligatoriske.

Skoleporten

Skoleporten systematiserer mange av dei data som blir samla inn nasjonalt, og her er det også verktøy for å vurdere data og bruke kunnskapen til vidare arbeid med kvalitetsutvikling. Resultat fra nasjonale prøver, eksamen, standpunktkarakterar og anna finst her.

Skoleporten

Ståstadsanalysen

Ståstadsanalysen kan vere eit nyttig verktøy i skolebasert vurdering og i det lokale arbeidet med læreplanar. Skolane kan velje påstandar om blant anna lokalt arbeid med læreplanar, vurdering, læringsmiljø og grunnleggjande ferdigheiter.

Ståstadsanalysen for skole

Brukarundersøkingar

Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga gir informasjon om meiningar som elevar og lærlingar har om ulike sider ved opplæringa og forhold som er viktige for læringsutbytet og læringsmiljøet. Foreldreundersøkinga og Lærarundersøkinga er laga slik at ein kan sjå resultata i samanheng med Elevundersøkinga.

Brukarundersøkingar

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!