Påstandar i ståstedanalysen for skoler (nynorsk)

  1. På skulen vår trivst elevane både fagleg og sosialt.
  2. På skulen vår legg vi til rette for at alle elevane skal oppleve meistring.
  3. På skulen vår arbeider vi systematisk med å utvikle positive relasjonar mellom elevane.
  4. Lærarane på skulen vår har ein positiv relasjon til kvar enkelt elev.
  5. På skulen vår meiner lærarane at dei er viktige for at elevane skal trivast og lære.
  6. Elevar som har svak fagleg progresjon, får tilpassa opplæring som motiverer, engasjerer og opnar for nye måtar å lære på.
  7. Opplæringa på skulen vår oppmuntrar til engasjement og utforskartrong.
  8. På skulen vår får elevane godt grunngitte tilbakemeldingar om korleis dei ligg an med tanke på kompetansemåla.
  9. På skulen vår reflekterer elevane over eiga læring.
  10. Opplæringa på skulen vår bidreg til at elevane utviklar kritisk tenking.
  11. Elevane på skulen vår kan vege ulike omsyn opp mot kvarandre og gjere etiske vurderingar.
  12. På skulen vår utviklar elevane god dømmekraft i digitale omgivnader.
  13. På skulen vår lærer elevane å løyse konfliktar på ein konstruktiv måte.
  14. Elevane våre lærer å samarbeide.
  15. På skulen vår bidreg vi til den sosiale læringa og utviklinga til elevane gjennom arbeid med faga.
  16. På skulen vår er elevane aktivt med i demokratiske prosessar.
  17. Lærarane på skulen vår har høge forventingar til alle elevane.
  18. På skulen vår har lærarane god forståing av leiarrolla dei har overfor elevane.
  19. På skulen vår tek alle del i eit profesjonsfellesskap.
  20. Vi har eit felles verdigrunnlag som utgangspunkt for opplæringa.
  21. Skuleleiinga er godt orientert om det daglege arbeidet som blir utført ved skulen.
  22. På skulen vår har vi saman reflektert over kva djupnelæring og kompetanseomgrepet inneber for praksisen vår.
  23. På skulen vår er det samanheng mellom kompetansemåla i læreplanane for faga og val av arbeidsmåtar og vurderingsformer.
  24. Læringskulturen på skulen gir lærarane og elevane rom for å prøve og feile.
  25. På skulen våre satsar vi på entreprenørskap og innovasjon.
  26. På skulen vår samarbeider vi om å prøve ut ny og kunnskapsbasert praksis.
  27. Skulen gjennomfører jamleg skulebasert vurdering og drøftar om opplæringa er i tråd med læreplanverket.
  28. På skulen vår følgjer vi systematisk opp resultata frå nasjonale prøvar og Elevundersøkinga (barne- og ungdomsskular).
  29. På skulen vår arbeider vi systematisk med å forbetre læringsmiljøet og læringsresultata (vidaregåande skular).
  30. Skulen har gode rutinar for samarbeid med dei tillitsvalde.
  31. Skulen legg til rette for eit godt skule–heim-samarbeid og meiner at foreldra er ein ressurs.
  32. På skulen vår har vi eit system for å følgje opp elevar med høgt fråvær.
  33. Skulen har rutinar for gode overgangar i utdanningsløpet.
  34. På skulen vår har vi gode rutinar, både for den daglege drifta og for uføresette hendingar.
  1. Lærarane på skulen vår viser interesse for kvar enkelt elev.
  2. På skulen vår er vi tydelege og omsorgsfulle vaksne.
  3. Lærarane legg til rette for arbeidsformer som fremjar empati og vennskap.
  4. Elevane er rause med seg sjølve og andre og viser kvarandre respekt.
  5. Skulen styrkjer elevane sin kompetanse til å ta gode val for seg sjølve.
  6. På skulen vår tek elevane ansvar for seg sjølve og andre og viser god dømmekraft.
  7. På skulen vår aksepterer vi ikkje krenkjande ord og handlingar.
  8. Skulen lærer elevane å ta medansvar for læringsmiljøet gjennom arbeidet med faga.
  9. Skulen samarbeider med elevane om å utvikle og ta vare på eit inkluderande læringsmiljø.
  10. Skulen samarbeider med foreldra om å utvikle og ta vare på eit inkluderande læringsmiljø.
  11. Lærarane, PPT, rådgivaren, sosiallæraren og skulehelsetenesta samarbeider godt for at elevane skal trivast og lære på skulen vår.
  12. Skulen har eit system for å følgje opp elevar med høgt fråvær (vidaregåande skular).
  13. Skulen har eit system for å identifisere elevar som er i ferd med å slutte på skulen (vidaregåande skular).
  14. Skulen samarbeider med andre skular, bedrifter og lokalsamfunnet om utdannings- og yrkesrådgiving.
  15. Skulen samarbeider med barnevernet, politiet, NAV og andre om sosialpedagogisk rådgiving.
  16. Utemiljøet til skulen legg til rette for leik og fysisk aktivitet (grunnskular).
  17. Innreiinga av skulen gir gode rammer for læringsarbeidet og læringsmiljøet.
  18. Innreiinga av skulen legg til rette for utforsking og kreativitet.
  19. På skulen vår har vi bibliotekar.
  20. På skulen vår har vi eit velutstyrt skulebibliotek som blir brukt i undervisninga.
  21. På skulen vår har vi nok utstyr og materiell til bruk i læringsarbeidet i alle fag.
  22. På skulen vår har vi internett-tilkopling med god fart og stabilitet.
  23. Elevane har digitalt utstyr til bruk i opplæringa.
  24. Skulen tilbyr teknisk støtte til pedagogisk bruk av IKT.
  25. Skulen har universell utforming slik at alle elevar har tilgang.
  1. På skulen vår arbeider vi jamleg med læreplanverket som heilskap.
  2. På skulen vår diskuterer vi korleis den overordna delen påverkar praksisen i opplæringa og friminutta.
  3. På skulen vår bruker vi kjerneelementa når vi planlegg for progresjon i faga og overgangar mellom trinn.
  4. Vi arbeider systematisk med grunnleggjande ferdigheiter.
  5. På skulen vår arbeider elevane med dei tverrfaglege temaa gjennom problemstillingar i og frå ulike fag.
  6. På skulen vår legg vi til rette for at elevane skal oppleve samanhengar mellom fag.
  7. Lærarane på skulen vår er opptekne av samanhengen mellom læreplanbeskrivinga av faget, kompetansemåla, val av innhald, organisering, arbeidsmåtar og vurderingsformer.
  8. I arbeidet med læreplanar planlegg vi korleis digitale ressursar og verktøy kan styrkje og variere opplæringa.
  9. Planane til skulen gir nødvendig fleksibilitet til å variere opplæringa.
  10. Elevane på skulen vår er involverte i val av innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer.
  11. På skulen vår bruker vi fellestid til arbeidet med læreplanar.
  12. Elevar og lærarar vurderer jamleg om innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer fører til læring og utvikling.
  13. På skulen vår har vi ei felles forståing av kompetanseomgrepet.
  14. Skulen bruker resultata frå prøvar, Elevundersøkinga og andre kjelder til å vurdere og vidareutvikle opplæringa.
  15. På skulen vår vurderer vi opplæringa ut frå verdiane og prinsippa i den overordna delen.
  16. Skulen bruker kunnskap frå den skulebaserte vurderinga som grunnlag for utviklingsarbeidet.
  17. Skulen vurderer jamleg den samla kompetansen til lærarane i lys av kompetansebehovet til skulen.
  18. Skulen har ein plan for kompetanseutvikling basert på identifiserte behov.
  19. Skulen samarbeider med lokale universitet og høgskular.
  1. På skulen vår arbeider vi aktivt med å styrkje sjølvkjensla til elevane.
  2. På skulen vår bruker vi kreativiteten til elevane i opplæringa.
  3. Vi legg til rette for at elevane skal bli engasjerte i eiga læring.
  4. Elevane lærer å reflektere og tenkje kritisk.
  5. Elevane er motiverte i læringsarbeidet.
  6. Elevane får oppgåver som utfordrar dei fagleg, og som dei kan meistre dersom dei gjer ein innsats.
  7. Elevane og lærarane snakkar jamleg om måloppnåinga i faga.
  8. På skulen vår gir vi elevane tilbakemeldingar som dei kan bruke for å forbetre seg i faga.
  9. På skulen vår veit elevane kva kriterium dei blir vurderte etter.
  10. På skulen vår får elevane vere med på å utvikle vurderingskriteria i faga.
  11. På skulen vår får elevane vere med på å velje arbeidsmåtar.
  12. På skulen vår får alle elevane delta aktivt i vurderinga av sin eigen kompetanse.
  13. Skulen følgjer opp resultata frå kartleggingar og prøvar i det daglege arbeidet med kvar enkelt elev.
  14. På skulen vår bruker vi elevsamtalane til å planleggje den vidare læringa saman med elevane.
  15. På skulen vår bruker vi digitale verktøy for å variere arbeidsmåtane som ein del av den tilpassa opplæringa.
  16. På skulen vår bruker vi den digitale kompetansen til elevane i læringsarbeidet.
  17. På skulen vår diskuterer vi korleis den digitale samfunnsutviklinga påverkar identiteten, kulturen og kvardagen til barn og unge positivt og negativt, og lèt det få konsekvensar for praksisen vår.
  18. På skulen vår diskuterer vi korleis vurderingspraksisen til lærarane kan hjelpe elevane å lære betre.
  19. På skulen vår diskuterer vi kva lærarane legg vekt på når dei skal vurdere elevane sin kompetanse i faget.
  20. På skulen vår er undervegsvurdering ein integrert del av opplæringa hos alle lærarane.
  21. Vurderingspraksisen på skulen vår bidreg til at elevane reflekterer over eiga læring.
  22. På skulen vår bruker lærarane ulike metodar for å vurdere kompetansen til elevane.
  23. Vi har strategiar for å undersøkje undervegs kva elevane forstår.
  24. På skulen vår justerer vi opplæringa undervegs, slik at ho møter læringsbehovet til elevane.
  25. Skulen bruker digitale verktøy i arbeidet med å analysere læringa og utviklinga til elevane.
  26. På skulen vår er det samanheng mellom kompetansemåla og kva det blir lagt vekt på når vi skal vurdere arbeidet til elevane.
  27. På skulen diskuterer vi jamleg kva som er god vurderingspraksis
  1. Lærarane på skulen vår har god innsikt i det sosiale samspelet i elevgruppa.
  2. Lærarane på skulen vår jobbar systematisk med å utvikle inkluderande faglege og sosiale fellesskap for alle elevar.
  3. På skulen vår lærer elevane å løyse konfliktar på ein konstruktiv måte.
  4. Lærarane på skulen vår bryr seg om alle elevane.
  5. På skulen vår er lærarane bevisste på korleis deira eige språk og kroppsspråk påverkar elevane.
  6. På skulen vår legg vi til rette for at foreldra kan bidra positivt til at elevane skal lære og utvikle seg.
  7. Lærarane på skulen vår uttrykkjer høge forventingar til alle elevar.
  8. Lærarane på skulen vår legg til rette opplæringa, slik at alle elevane opplever meistring.
  9. Lærarane på skulen vår kan leggje til rette for undervisning og læring i digitale omgivnader.
  10. Lærarane handterer klasseleiing i digitale omgivnader.
  11. Lærarane på skulen vår tilpassar lærarrolla til ulike aktivitetar og varierer mellom rolla som rettleiar, retningsgivar, deltakar og formidlar.
  12. På skulen vår meistrar vi dei utfordringane som teknologibruken til elevane skaper.
  13. Lærarane på skulen vår aktiviserer forkunnskapane til elevane.
  14. Lærarane bruker det at elevane har ulik bakgrunn, ulike interesser og ulik kompetanse, som ein ressurs i opplæringa.
  15. På skulen vår utviklar vi ein læringskultur der elevane opplever at det er rom for å prøve og feile.
  16. På skulen vår utviklar vi ein læringskultur der elevane opplever at det er positivt å gjere sitt beste.
  17. Lærarane på skulen vår legg til rette for at elevane får reflektere over eiga læring.
  18. På skulen vår legg vi til rette for at elevane kan gi jamleg tilbakemelding til læraren om opplæringa.
  19. På skulen vår kjenner alle reglane for orden og oppførsel.
  20. Lærarane på skulen vår har saman med elevane innarbeidd tydelege reglar og rutinar for klassen/elevgruppa.
  21. På skulen vår kjem lærarane presis til undervisninga og andre arbeidsoppgåver dei har.
  22. Det er god arbeidsro i undervisningsøktene på skulen vår.
  1. På skulen vår har vi kultur for å dele.
  2. På skulen vår er personalet aktivt med på å vidareutvikle felles praksis.
  3. På skulen vår har vi strukturerte møte der alle får komme til orde.
  4. På skulen vår bruker vi fellestida til å planleggje forbetring av praksis.
  5. Lærarane på skulen vår får god støtte, hjelp og rettleiing av leiaren sin.
  6. På skulen vår drøftar vi pedagogiske utfordringar.
  7. På skulen vår diskuterer vi korleis arbeidsmåtar kan forbetrast for å styrkje læringa til elevane.
  8. På skulen vår har vi ei felles forståing for kva profesjonsfagleg digital kompetanse vil seie.
  9. På skulen vår diskuterer vi etiske, juridiske og samfunnsmessige sider ved bruk av digital teknologi.
  10. Vi drøftar bruk av digitale verktøy og teknologi i læringsarbeidet.
  11. På skulen vår bruker alle det digitale skuleinterne systemet.
  12. På skulen vår gir vi kvarandre ærlege tilbakemeldingar.
  13. På skulen vår får nyutdanna rettleiing.
  14. På skulen vår blir vi stimulerte til å prøve ut nye idear, aktivitetar og praksisar.
  15. Vi bruker forsking som grunnlag for å utvikle praksis.
  16. På skulen vår er det tydeleg kven som bestemmer kva.
  17. Lærarane på skulen vår tek ansvar for alle elevane på skulen.
  18. Skulen har retningslinjer for god klasseleiing som lærarane følgjer opp.
  19. Skuleleiinga og personalet er einige om kva som er utfordringane til skulen.
  20. Skulen jobbar systematisk med kompetanseutvikling.
  21. Alle på skulen vår har god innsikt i lov- og avtaleverk.
  22. Skulen har gode rutinar for å handtere personopplysningar og opphavsrett, også digitalt.
  23. Skulen ber om ekstern rettleiing ved behov.
  24. Skulen har god dialog med skuleeigaren.
  1. På skulen vår anerkjenner vi at foreldra er ein ressurs, og at dei kan støtte elevane med tanke på danning, læring og utvikling.
  2. Ved skulen vår er vi tydelege på kva som er oppdraget til skulen, og korleis skulen og heimen kan samarbeide om læringa og utviklinga til eleven.
  3. På skulen vår legg vi vekt på at eleven, læraren og foreldra har ein god dialog om trivsel, læring og utvikling i elevsamtalane (grunnskulen).
  4. På skulen vår har vi gode rutinar for at både heimen og skulen kan ta kontakt med kvarandre ved bekymring eller usemje.
  5. Skulen nyttar digitale plattformer for å styrkje skule–heim-samarbeidet.
  6. Skuleleiinga gir foreldreutvalet (FAU) eit tydeleg mandat.
  7. Skuleleiinga presenterer resultat frå Elevundersøkinga og dei nasjonale prøvane for foreldreutvalet og opnar for innspel.
  8. Skulen samarbeider med foreldra om å utvikle og ta vare på eit inkluderande læringsmiljø.
  9. Ved skulen vår gir vi foreldra høve til å påverke skulekvardagen.
  1. På skulen vår har vi ei felles forståing for kva dei grunnleggjande ferdigheitene har å seie for læring og utvikling.
  2. På skulen vår jobbar vi systematisk for at elevane skal utvikle grunnleggjande ferdigheiter i alle relevante fag.
  3. Vi bruker undervegsvurdering systematisk for å fremje utviklinga av grunnleggjande ferdigheiter.
  4. Elevane bruker munnlege ferdigheiter i utforskande samtalar for å utvikle og dele kunnskap i alle fag.
  5. Lærarane legg til rette for at elevane får utvikle munnlege ferdigheiter ved å lytte til andre og forstå og vurdere munnleg tekst.
  6. Lærarane legg til rette for at elevane får drøfte problemstillingar og øve på å uttrykkje eigne meiningar.
  7. Lærarane og elevane bruker ulike arbeidsmåtar for å utvikle dei munnlege ferdigheitene til elevane.
  8. Lærarane arbeider med omgrepsforståing i alle fag.
  9. Lærarane legg til rette for leselyst og leseglede i alle fag.
  10. Lærarane legg vekt på lesing som reiskap for læring i alle fag.
  11. Elevane bruker ulike lesestrategiar som er tilpassa formålet med lesinga.
  12. Elevane lærer seg å lese kjeldekritisk i alle fag.
  13. På skulen vår bruker elevane biblioteket både som ein læringsarena og som ein ressurs.
  14. Elevane på skulen vår kan kjenne igjen rekning i ulike faglege samanhengar.
  15. Elevane bruker rekning som reiskap for refleksjon og læring i alle fag.
  16. Lærarane legg til rette for skriving i alle fag på faget sine premissar.
  17. Lærarane modellerer strategiar som støttar skrivinga til elevane.
  18. Lærarane førebur elevane på ulike skrivesituasjonar dei vil møte seinare i livet.
  19. På skulen vår har vi ei felles forståing av kva digitale ferdigheiter er.
  20. På skulen vår bruker elevane digitale ferdigheiter som reiskap for læring i alle fag.
  21. Elevane våre får utvikle digitale ferdigheiter ved å bruke ulike arbeidsmåtar og ressursar.
  22. Lærarane legg til rette for at elevane får bruke digitale verktøy kreativt, skapande og formålstenleg.
  23. På skulen vår jobbar vi systematisk med å utvikle den profesjonsfaglege digitale kompetansen til lærarane.
  1. På skulen vår bruker vi aktivt læreplanane i matematikk og naturfag når vi planlegg for utviklinga av elevane sin kompetanse i realfag.
  2. Lærarane og elevane bruker kjerneelementa i matematikk og naturfag til å prioritere kva det er viktigast å lære for å meistre faga.
  3. På skulen vår legg vi til rette for god og tydeleg progresjon i realfaga (vi veit til dømes kva elevane kan frå før, og kvar dei skal).
  4. På skulen vår legg vi til rette for at elevar med høgt læringspotensial og elevar som presterer lågt, opplever meistring og får faglege utfordringar i realfag.
  5. Når skulen oppdagar at ein elev har svak fagleg progresjon i realfag, får eleven raskt ekstra støtte for å komme over i eit positivt læringsløp.
  6. På skulen vår legg vi til rette for at elevane får utforske, samtale om og diskutere realfaglege tema.
  7. På skulen vår har vi utstyr og digitale verktøy i realfag som gjer at elevane kan utforske samanhengar i og mellom faga.
  8. På skulen vår samarbeider lærarane for å sjå samanhengar i og mellom realfaga og andre fag.
  9. På skulen vår legg vi til rette for samarbeid og ein god delingskultur i realfag.
  10. På skulen vår arbeider vi med kollektiv kompetanseutvikling i realfagsdidaktikk.
  11. På skulen vår har vi nok kompetanse innanfor teknologi, programmering og algoritmisk tenking.
  12. Vurderingspraksisen i realfag på skulen vår bidreg til å fremje læringa til elevane.
  13. På skulen vår legg vi til rette for at elevane kan forstå og bruke matematiske omgrep.
  14. På skulen vår er vi opptekne av at elevane skal utvikle god talforståing som utgangspunkt for den vidare matematikklæringa.
  15. På skulen vår legg vi til rette for at elevane skal bruke digitale verktøy for å utforske og forstå matematiske samanhengar.
  16. På skulen vår er vi opptekne av å bruke feilsvar og misforståingar i matematikk aktivt i opplæringa for å auke forståinga til elevane.
  17. På skulen vår er vi opptekne av at elevane skal forstå og bruke ulike representasjonar i matematikk og omsetje mellom dei.
  18. På skulen vår legg vi til rette for at elevane kan forstå og bruke naturfaglege omgrep.
  19. På skulen vår legg vi til rette for at elevane skal bruke digitale verktøy for å utforske og forstå naturfaglege samanhengar.
  20. På skulen vår arbeider elevane med naturfaglege problemstillingar knytte til lokalmiljøet.
  21. På skulen vår arbeider vi systematisk for at elevane skal kunne planleggje og gjennomføre eigne undersøkingar og eksperiment.
  22. På skulen vår er vi opptekne av at elevane skal forstå og bruke ulike representasjonar og modellar i naturfag.
  23. På skulen vår legg vi til rette for at elevane skal kunne lese og forstå ulike typar naturvitskaplege tekstar.
  1. Opplæringa i fellesfaga er relevant for opplæringa i programfaga.
  2. Opplæringa i skulen er relevant for arbeidet i bedrift.
  3. Fellesfaga er relevante for arbeidet i det framtidige yrket.
  4. Det er god samanheng mellom programfaga og fellesfaga.
  5. Opplæringa integrerer kompetansemål frå fellesfaga og programfaga.
  6. Skulen vurderer jamleg yrkesrettinga av fellesfaga.
  7. Programfaglærarane og fellesfaglærarane kjenner kvarandre sine kompetansemål.
  8. Programfaglærarane og fellesfaglærarane samarbeider om å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa.
  9. Skulen har sett av møtetid til samarbeid og erfaringsdeling mellom programfaglærarane og fellesfaglærarane.
  10. Programfaglærarane legg vekt på grunnleggjande ferdigheiter i opplæringa.

11. Skulen har sett av tid til samarbeid mellom lærarane og bedriftene om yrkesretting av opplæringa.

12. Lærarane har kompetanse til å sikre elevane ei yrkesrelevant opplæring.

13 Skulen samarbeider med bedrifter om kompetanseutvikling for elevar og lærarar.

14 Skulen samarbeider med bedrifter om utplassering av elevar.

15 Skulen samarbeider med bedrifter om hospiteringsordningar for lærarar.

16 Skulen og bedrifta har god dialog om den faglege utviklinga til elevane.

17 Skulen gjer bedriftene kjende med kompetansemåla i dei aktuelle faga.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!