Beredskapsplan for barnehage- og skoleeiere

Skole- og barnehageeigarane skal sørgje for at alle skolar og barnehagar har ein beredskapsplan.

Skolar og barnehagar blir kvart år ramma av kriser som på ulikt vis påverkar barn/elevar eller heile barnehagar/skolar. Formålet med ein beredskapsplan er å førebyggje, avgrense og handtere ein potensiell situasjon, og samstundes sikre at alle barn/elevar har eit trygt og godt tilbod i samsvar med opplæringslova og barnehagelova. Det er skoleeigar og barnehageeiar som har ansvaret for beredskapsarbeidet, men handteringa bør skje på lågast mogleg nivå, dvs. i kvar skole og barnehage.

Beredskapsplanen må mellom anna innehalde:

  • ein oppdatert analyse av tryggleiks- og risikofaktorar
  • rutinar for handtering av ulykker og faresituasjonar
  • ein plan for samarbeid med andre aktuelle instansar
  • rutinar for å involvere og informere tilsette, elevar og foreldre
  • ein plan for auka eller endra bemanning

Trafikklysmodellen som ein beredskapsrettleiar

Beredskapsplanar har i koronapandemien vore viktig for å sikre eit godt tilbod i skolar og barnehagar trass i smitteverntiltak. Trafikklysmodellen gjeld ikkje lenger nasjonalt, men kommunen (som smittevernstyresmakt) kan bruke han som ein beredskapsrettleiar når det er nødvendig og høveleg å innføre tiltak, jf. smittevernlova 4-1.

Beredskapsplanen skal gjere det mogleg å innføre trafikklysmodellen og veksle mellom dei ulike nivåa (grønt, gult og raudt) Særleg på gult og raudt nivå bør ein planleggje for

  • kontaktreduserande tiltak
  • forsterka reinhald
  • ulike oppmøte- og hentetider (om det er aktuelt)
  • nok rom og lokale
  • nok digitalt utstyr
  • skoleskyss
  • matservering

Beredskap: smittevernveiledere