PP-tenesta skal hjelpe barnehagen og skolen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dei legg til rette barnehagetilbodet for barn med særskilde behov, og opplæringa for elevar med særskilde behov.
Førebyggjande arbeid inneber at PP-tenesta bidreg til at barnehagar og skolar kjem i forkant av problem og lærevanskar ved å setje i gang tiltak. Det kan vere universelle tiltak eller spesielle tiltak for barnehagar eller skolar med utfordringar.
Desse punkta kan liggje til grunn for å støtte opp under dette kriteriet:
- PP-tenesta bidreg med råd og rettleiing knytte til pedagogisk leiing, klasseleiing, skolemiljø og spesialpedagogiske og didaktiske spørsmål.
- Kommunen og fylkeskommunen har i samarbeid med PP-tenesta, barnehagane og skolane konkretisert det ansvaret og dei rollene PP-tenesta har i det førebyggjande arbeidet.
- Det førebyggjande arbeidet inngår i felles rutinar for PP-tenesta, barnehagar og skolar.
- Barnehagemyndigheit, barnehageeigar, PP-tenesta og barnehagane har ei felles forståing av ein inkluderande barnehage og eit godt miljø for læring og utvikling for alle barn i barnehagen
- Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har ei felles forståing av inkluderande opplæring, tilpassa opplæring og tilfredsstillande utbytte av opplæringen
- Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har avklart det ansvaret og den rolla PP-tenesta har i arbeidet med skolemiljøet (opplæringslova kap. 9a).
- Barnehagemyndigheit, barnehageeigarar, skoleeigar, barnehagane, skolane og PP-tenesta har felles rutinar for bruk av kartleggingsverktøy.
- PP-tenesta og barnehagane har rutinar for korleis PP-tenesta kan gjere seg kjend med dokumentasjon i barnehagane.
- Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har rutinar for korleis PP-tenesta kan gjere seg kjend med skolebasert vurdering.