Kvalitetskriterium i PP-tenesta

For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke til kvalitetsutvikling i PP-tenesta.

Kvart kriterium inneheld rettleiande punkt som forklarer korleis PP-tenesta, kommunar, fylkeskommunar, barnehagar og skolar kan arbeide og samarbeide for å utvikle god kvalitet i tenesta.

Omgrepet skoleeigar refererer til kommunen og fylkeskommunen som skoleeigar. Omgrepet barnehagemyndigheit referer til kommunen. Kvalitetskriteria gjeld òg for friskolar så langt det følgjer av friskolelova § 3-6. 

Innhold

Heimlar i opplæringslova og barnehagelova

PP-tenesta tek hand om mange oppgåver i barnehage, skole og opplæring

Oppgåvene for barn under opplæringspliktig alder er heimla i barnehagelova § 19 c

  • PP-tenesta skal syte for at det blir utarbeidd sakkunnige vurderingar der regelverket krev det.
  • PP-tenesta skal hjelpe barnehagen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje til rette barnehagetilbodet for barn med særlege behov.

Oppgåvene i skole og opplæring er heimla i opplæringslova § 5-6

  • PP-tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov.
  • PP-tenesta skal syte for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering i dei tilfella der regelverket krev det.

Oppgåvene til PP-tenesta knytte til sakkunnig vurdering gjeld for barn under opplæringspliktig alder, elevar, lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

PP-tenesta er ei fagleg kompetent teneste

PP-tenesta hjelper barnehagen og skolen med å leggje til rette tilbodet for barn og unge. 

PP-tenesta skal ha kompetanse til

  • å utføre sakkunnig arbeid for barn, unge og vaksne
  • å hjelpe barnehagen og skolen i arbeidet med organisasjons- og kompetanseutvikling

For å utføre desse lovpålagde oppgåvene er det viktig at PP-tenesta har den nødvendigenaudsynte kompetansen. Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for at PP-tenesta har denne nødvendige kompetansen.

Desse punkta kan liggje til grunn for å støtte opp under dette kriteriet

  • PP-tenesta har fagkunnskap om allmennpedagogikk og spesialpedagogikk, organisasjons- og kompetanseutvikling, utfordringar som kan føre til at barn, elevar og vaksne har eller kan få behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, kva for konsekvensar nedsett funksjonsevne og andre utfordringar kan ha for læring og utvikling, og behov for tilrettelegging, rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen, Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06) og godkjende læreplanar for friskolar, grunnleggjande ferdigheiter som trengst og bør haldast ved like i eit vaksenliv, individuell vurdering (undervegs- og sluttvurdering) og barnehagelova og opplæringslova med forskrifter, og anna relevant regelverk
  • PP- tenesta bruker kunnskap, teori og forsking i arbeidet.
  • Tilsette i PP-tenesta har gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Kommunar og fylkeskommunar har eit system for kompetanseutvikling for PP-tenesta.
  • Kommunar, fylkeskommunar, PP-tenesta, barnehagane og skolane har avklart kva som er ei god sakkunnig vurdering.
  • PP-tenesta har kunnskap om miljøet for barna i den enkelte barnehagen, om skolemiljøet på den enkelte skolen, og dei kjenner faktorar som har noko å seie for å fremje eit godt og trygt barnehage- og skolemiljø.
  • Kommunar, fylkeskommunar, PP-tenesta, barnehagane og skolane har ei felles forståing av at PP-tenesta har eit sjølvstendig ansvar og ei sjølvstendig rolle ved sakkunnig vurdering. 

 

PP-tenesta er tilgjengeleg og medverkar til heilskap og samanheng

PP-tenesta skal vere tilgjengeleg for sine målgrupper og medverkar til heilskap og samanheng i tiltak for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Å være tilgjengeleg inneber å bidra med kompetanse, rettleiing, råd og hjelp. PP-tenesta gir òg informasjon til målgruppene, slik at dei veit korleis dei kan få hjelp, og når dei kan vente å få hjelp. Dei får vite kva for moglegheiter dei har til å påverke og gi tilbakemelding om kvaliteten på tilbodet som dei får.

Desse punkta kan liggje til grunn for å støtte opp under dette kriteriet:

  • PP-tenesta har ei avklart rolle i den kommunale og fylkeskommunale organisasjonen.
  • PP-tenesta har tid og ressursar til å utføre organisasjons- og kompetanseutvikling og sakkunnig arbeid innan rimeleg tid.
  • Kommunar, fylkeskommunar, PP-tenesta, barnehagane og skolane har rutinar for PP-tenesta sitt arbeid med organisasjons- og kompetanseutvikling i barnehagane og på skolane.
  • Kommunen og fylkeskommunen har gode rutinar for overgangar mellom fasar i utdanningsløpet, og PP-tenesta deltek aktivt i samarbeidet.
  • PP-tenesta bidreg med kompetanse, rettleiing, råd og hjelp til barn, elevar, lærlingar, lærekandidatar, vaksne, foreldre, skolar, barnehagar og andre kommunale og fylkeskommunale tenester.
  • PP-tenesta er tydeleg på når og kvar ein kan nå dei, kva dei kan bidra med, og når dei kan gi hjelpa.
  • PP-tenesta har felles rutinar med barnehagane og skolane for samhandling om organisasjons- og kompetanseutvikling, samhandling om sakkunnig arbeid, oppfølging av sakkunnige vurderingar og samhandling med andre kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar
  • Kommunen og fylkeskommunen har avklart og tydeleggjort kva som er PP-tenesta sitt ansvar, ansvaret til andre tenester og forventningar om samarbeid mellom dei ulike tenestene. Andre tenester kan mellom anna vere Statped, NAV, helsetenesta, SFO, psykisk helsevern og habiliteringstenesta.
  • PP-tenesta følgjer opp eller deltek i vurderinga av arbeidet som blir gjort for barn som får spesialpedagogisk hjelp.
  • PP-tenesta følgjer opp eller deltek i vurderinga av arbeidet som blir gjort for dei som får spesialundervisning.

PP-tenesta arbeider førebyggjande

PP-tenesta skal hjelpe barnehagen og skolen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dei legg til rette barnehagetilbodet for barn med særskilde behov, og opplæringa for elevar med særskilde behov.

Førebyggjande arbeid inneber at PP-tenesta bidreg til at barnehagar og skolar kjem i forkant av problem og lærevanskar ved å setje i gang tiltak. Det kan vere universelle tiltak eller spesielle tiltak for barnehagar eller skolar med utfordringar.

Desse punkta kan liggje til grunn for å støtte opp under dette kriteriet:

  • PP-tenesta bidreg med råd og rettleiing knytte til pedagogisk leiing, klasseleiing, skolemiljø og spesialpedagogiske og didaktiske spørsmål.
  • Kommunen og fylkeskommunen har i samarbeid med PP-tenesta, barnehagane og skolane konkretisert det ansvaret og dei rollene PP-tenesta har i det førebyggjande arbeidet.
  • Det førebyggjande arbeidet inngår i felles rutinar for PP-tenesta, barnehagar og skolar.
  • Barnehagemyndigheit, barnehageeigar, PP-tenesta og barnehagane har ei felles forståing av ein inkluderande barnehage og eit godt miljø for læring og utvikling for alle barn i barnehagen
  • Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har ei felles forståing av inkluderande opplæring, tilpassa opplæring og tilfredsstillande utbytte av opplæringen
  • Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har avklart det ansvaret og den rolla PP-tenesta har i arbeidet med skolemiljøet (opplæringslova kap. 9a).
  • Barnehagemyndigheit, barnehageeigarar, skoleeigar, barnehagane, skolane og PP-tenesta har felles rutinar for bruk av kartleggingsverktøy.
  • PP-tenesta og barnehagane har rutinar for korleis PP-tenesta kan gjere seg kjend med dokumentasjon i barnehagane.
  • Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har rutinar for korleis PP-tenesta kan gjere seg kjend med skolebasert vurdering.

 

PP-tenesta bidreg til tidleg innsats

Tidleg innsats kan vere innsats på eit tidleg tidspunkt i eit barns liv og å gripe inn tidleg når problem oppstår eller blir avdekte før opplæringspliktig alder, eller i løpet av grunnopplæringa. 

PP-tenesta, saman med kommunen, fylkeskommunen, barnehagen og skolen, bidreg til å setje inn tiltak ved å utarbeide sakkunnig vurdering innan rimeleg tid.

Desse punkta kan liggje til grunn for å støtte opp under dette kriteriet:

  • Barnehageeigar, skoleeigar, PP-tenesta, barnehagane og skolane har avklart kva tidleg innsats inneber, og har konkretisert ansvar og roller ut frå dette.
  • PP-tenesta, saman med barnehagen og skolen, bidreg til å setje inn tiltak raskt når barn, unge og vaksne er tilviste til PP-tenesta.
  • Barnehageeigar, skoleeigar, PP-tenesta, barnehagane og skolane samarbeider om pedagogisk og organisatorisk tilrettelegging for tidleg innsats. Samarbeidet kan dreie seg om: organiseringa av barnehagetilbodet og opplæringa for elevar, arbeidsmåtar eller undervisningsmetodar, læremiddel og læringsressursar, progresjon i barnet si utvikling og eleven si opplæring og observasjon og undervegsvurdering
  • Skoleeigar, PP-tenesta og skolane har felles rutinar for kva skolane skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut av tiltak før tilvising til sakkunnig vurdering av behovet for spesialundervisning, og for korleis PP-tenesta bør involverast i dette arbeidet (opplæringslova § 5-4).
  • PP-tenesta hentar inn eksisterande dokumentasjon frå foreldra, barnehagen, skolen og andre relevante instansar som bakgrunn for sitt sakkunnige arbeid.
  • PP-tenesta, barnehagen, skolen, kommunen og fylkeskommunen samarbeider med foreldra, eleven, lærlingen, lærekandidaten og den vaksne i prosessen med den sakkunnige vurderinga.
  • Dersom PP-tenesta sjølv ikkje har nok fagkunnskap i ei sak, må dei hente inn nødvendig kompetanse utanfrå.
  • PP-tenesta, saman med barnehagen og skolen, har gode rutinar for når det er nødvendig å tilvise barn og elevar til PP-tenesta på nytt, dersom det blir avdekt endra behov.

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!