Regelverket i grunnskolen - kva treng foreldre å vite?

Regelverket i grunnskolen

  • Rettane og pliktene er henta frå opplæringslova. Opplæringslova er felles for grunnskolen og vidaregåande opplæring. I teksten viser vi til kvar du kan finne dei forskjellige rettane og pliktene i opplæringslova. Formålet med opplæringa finn du i formålsparagrafen i opplæringslova. Formålet er overordna og grunnleggjande for all verksemd i skolen. Formålsparagrafen seier at elevane aktivt skal vere med i opplæringa, som skal leggjast til rette og gjennomførast slik det står i Kunnskapsløftet.

    Rett og plikt til grunnskole

    Alle barn og unge har både rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år og til dei har fullført det tiande skoleåret. Rett til grunnskoleopplæring inneber at alle barn og unge har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskole. Plikt betyr at elevane må delta i grunnskoleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skole. Du som er forelder, kan også velje ein privat skole eller heimeundervisning, altså at du underviser eigne barn heime.

    (Opplæringslova § 2–1 og § 2–13)

    Har du spørsmål?

    Har du spørsmål om regelverket, anbefaler vi at du tek kontakt med den skolen barnet ditt er elev ved. Dersom du ikkje får svar på det du lurer på, kan du kontakte kommunen som er skoleeigaren. Du kan også vende deg til Fylkesmannen i ditt fylke.

  • Å gå på ein skole i nærmiljøet

    Elevar har rett til å gå på den skolen som ligg nærmast heimen, eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Du som er forelder eller er elev som har fylt 15 år, kan søkje om å få gå på ein annan offentleg skole enn den han/ho soknar til.

    (Opplæringslova § 8–1)

    Utsett skolestart om barnet treng det

    Dersom du er i tvil om barnet ditt er komme langt nok i utviklinga til å starte på skolen, bør du kontakte kommunen i god tid før barnet skal starte på skolen. Det er kommunen som bestemmer om barnet skal utsetje skolestarten. Før kommunen tek avgjerda, må dei innhente ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og få samtykke frå deg som er forelder.

    (Opplæringslova § 2–1)

    Ei gratis grunnskoleopplæring

    Grunnskoleopplæringa skal vere gratis for elevane og foreldra. Det betyr at skolen ikkje kan krevje betaling frå deg som forelder for undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskolar, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

    (Opplæringslova § 2–15)

    Eit godt skolemiljø

    Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skolen skal arbeide aktivt og systematisk for å utvikle eit godt skolemiljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle. Elevane har rett til å delta i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skolemiljøet. Viss eleven ikkje er fornøgd med skolemiljøet, kan de be skolen om å setje i verk tiltak. Er ein elev for eksempel utsett for krenkjande ord eller handlingar, og eleven eller du ber om at noko blir gjort, så skal skolen behandle saka og gjere eit enkeltvedtak.

    (Opplæringslova kapittel 9a)

    Skyss når dei treng det

    Elevar har rett til gratis skyss viss

    • dei går på 1. årstrinn og bur minst 2 km frå skolen
    • dei går på 2.–10. årstrinn og bur minst 4 km frå skolen
    • skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, uavhengig av kor lang skolevegen er
    • dei må reise med båt

    Elevar med funksjonsnedsetjingar har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga (SFO), dersom dei trenger det, uavhengig av avstanden.

    (Opplæringslova kapittel 7)

    Fritak frå aktivitetar

    Viss du som forelder eller barnet ditt meiner at delar av opplæringa på skolen strir mot den religion eller det livssyn de har, skal eleven få fritak. De må melde frå skriftleg om dette til skolen. Eleven kan ikkje få fritak frå heile fag, men aktivitetar i fag.

    Faget religion, livssyn og etikk (RLE) er eit vanleg skolefag som normalt skal samle alle elevane. Faget skal gi kunnskap og forståing, ikkje vere forkynnande eller gi opplæring i ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn.

    (Opplæringslova §§ 2–3a og 2–4)

    Rådgiving

    Eleven har rett til å få rådgiving som skal bidra til at han eller ho finn seg til rette i opplæringa. Rådgivaren eller sosiallæraren kan også hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle forhold på skolen. Eleven skal få nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.

    (Opplæringslova § 9–2 og forskrift til opplæringslova kapittel 22)

    Leksehjelp i grunnskolen

    Kommunen skal ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskolen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.-10. årstrinn. Leksehjelpa er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa, og det er derfor frivillig om elevane ønskjer å delta. Leksehjelpa skal leggjast til rette slik at elevar med funksjonsnedsetjingar kan delta.

    (Opplæringslova § 13–7a og forskrift til opplæringslova kapittel 1A)

    Fysisk aktivitet på 5.-7. årstrinn

    Elevar på 5.–7. årstrinn har rett til jamleg fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøving. Formålet er å gi elevane ein meir variert og aktiv skoledag. Fysisk aktivitet er ein del av den obligatoriske grunnskoleopplæringa og skal inngå som ein del av skolekvardagen. Elevane skal aktiviserast, aktiviteten skal vere lystbetont og gi elevane ei moglegheit til å vere fysisk aktive uavhengig av funksjonsevne eller andre føresetnader.

    (Opplæringslova § 2–3 og forskrift til opplæringslova § 1–1a)

  • Er samisk?

    Elevar i samiske distrikt har rett til opplæring i og på samisk. Utanfor samiske distrikt har samiske elevar rett til opplæring i samisk og i nokre tilfelle også opplæring på samisk.

    Samisk i barnehage og skole

    (Opplæringslova kapittel 6 og forskrift til opplæringslova kapittel 7)

    Har kvensk-finsk bakgrunn?

    Elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved skolar i Troms og Finnmark har rett til opplæring i finsk når minst tre elevar krev det.

    (Opplæringslova § 2–7 og forskrift til opplæringslova kapittel 7)

    Har eit anna morsmål enn norsk og samisk?

    Elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring. Retten varer til elevane har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa på skolen. Om det er nødvendig, har dei også rett til morsmålsopplæring, opplæring i fag på to språk eller begge delar. Kommunen kan organisere opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Opplæring i slike tilbod kan etter samtykke frå dykk som foreldre vare i inntil to år.

    Les mer om minoritetsspråklige

    (Opplæringslova § 2–8)

    Treng teiknspråkopplæring?

    Elevar som har teiknspråk som førstespråk, har rett til opplæring i og på teiknspråk.

    Les mer om hørselhemmede

    (Opplæringslova § 2–6)

    Er sterkt svaksynt eller blind?

    Elevar som er sterkt svaksynte eller blinde, har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel.

    (Opplæringslova § 2–14)

    Har behov for alternativ kommunikasjon?

    Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, har rett til å få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

    Les mer om alternativ og supplerende kommunikasjon

    (Opplæringslova § 2–16)

    Treng spesialundervisning?

    Viss barnet ditt ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har han eller ho rett til spesialundervisning. Skolen har ansvaret for å vurdere om eleven treng spesialundervisning. Du kan sjølv ta initiativ og krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar for å finne ut om barnet ditt treng spesialundervisning. 

    Skolen skal be den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) om å utarbeide ei sakkunnig vurdering. Ho skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod skolen bør gi, og i kva omfang. Før skolen ber om ei vurdering, skal du samtykkje. Du skal også samtykkje før spesialundervisninga blir sett i verk. 

    Viss den sakkunnige vurderinga viser at eleven har behov for spesialundervisning, skal skolen utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP). Han skal, så langt som mogleg, utarbeidast saman med eleven og deg som forelder. 

    Du som er forelder, skal få informasjon undervegs om korleis spesialundervisninga går. Ein gong i året skal skolen lage ei skriftlig oversikt over opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven.

    Kort om spesialundervisning

    (Opplæringslova kapittel 5)

  • Skolen skal ha eit ordensreglement

    Ordensreglementet skal innehalde reglar for korleis elevane skal oppføre seg, og kva for reaksjonar som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglane.

    (Opplæringslova §§ 2–9 og 2–10)

    Kommunen skal syte for at elevane har ei ulykkesforsikring

    Kommunen har plikt til å syte for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gi eleven dekning for skade som skjer på skolen i skoletida, på veg mellom heim og skole, under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for. Forsikringa skal dekkje nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den grad slike ytingar ikkje er dekte av folketrygdlova.

    (Opplæringslova § 13–3b og forskrift til opplæringslova kapittel 8)

    Skolen kan gi eleven permisjon i inntil to veker

    Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Dei einaste tilfella der fråvær er tillate, er viss eleven har fått godkjent permisjon av skolen, eller viss han eller ho er sjuk. 

    Skolen kan gi ein elev permisjon frå opplæringa i inntil to veker. Føresetnaden er at det er forsvarleg å gi eleven fri. Om det er forsvarleg eller ikkje, kan for eksempel komme an på kva han eller ho mistar på grunn av fråværet, og om eleven får opplæring i permisjonstida. 

    Hovudregelen er at alt fråvær på ungdomstrinnet skal førast på vitnemålet. For inntil 10 skoledagar per skoleår kan ein elev likevel krevje at fråvær ikkje skal førast på vitnemålet. Dette gjeld berre dersom fråværet kjem av helsegrunnar som er dokumenterte ved legeerklæring, eller at skolen har godkjent permisjon. 

    Når elevar har stort fråvær, kan det føre til at læraren ikkje får eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag. Dette kan for eksempel innebere at eleven ikkje får standpunktkarakterar.

    (Opplæringslova § 2–11 og forskrift til opplæringslova kapittel 3)

    Skolen skal ta dykk med på råd

    Alle elevar har rett til å medverke på skolen. I Elevundersøkinga som blir gjennomført kvart år, har elevar frå 5. årstrinn til Vg3 moglegheit til å medverke ved å seie si meining om skolemiljøet sitt. Skolen er forplikta til å gjennomføre denne undersøkinga på 7. årstrinn, 10. årstrinn og Vg1. Eksempel på andre arenaer der elevar og foreldre har moglegheit til å påverke eigen skolekvardag, er gjennom elevrådet, foreldrerådet og skolemiljøutvalet. 

    Alle skolar med elevar på 5.–10. årstrinn skal ha eit elevråd. Elevrådet skal fremje interessene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg og komme med forslag i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. 

    Alle foreldra ved ein skole utgjer foreldrerådet. Blant desse vel ein foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) og representantar til samarbeidsutvalet og skolemiljøutvalet, eventuelt driftsstyret. Desse utvala gir også gode moglegheiter for samarbeid, påverknad og informasjon. 

    Alle skoler skal ha eit skolemiljøutval som består av elevar, foreldre og dei tilsette. I skolemiljøutvalet kan de påverke skolemiljøarbeidet på skolen. Mange skolar gjennomfører Foreldreundersøkinga. I denne undersøkinga kan foreldra svare på spørsmål om korleis dei oppfattar barnets læringsmiljø på skolen, og korleis samarbeidet mellom heim og skole fungerer.

    (Opplæringslova kapittel 11, § 14–4 og forskrift til opplæringslova § 20–1)

    Skolen skal halde kontakt med dykk

    Du kan alltid kontakte dei tilsette på skolen om barnas skolegang eller skolearbeid. Minst to gonger i året skal du ha ein planlagd og strukturert samtale med elevens kontaktlærar, gjerne saman med eleven. Samtalen skal dreie seg om elevens faglege og sosiale læring og utvikling, og skal avsluttast med ei oppsummering der de blir einige om kva eleven skal jobbe ekstra med framover. 

    • skolen skal syte for at du som forelder får varsling om fråværet til eleven
    • informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova med forskrifter
    • annan viktig informasjon om eleven

    I tillegg skal du få skriftleg

    • varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og åtferd
    • varsling dersom det er fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller åtferd

    (Forskrift til opplæringslova § 3–7)

  • Grunnskolen er delt inn i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.–7. årstrinn, og ungdomstrinnet omfattar 8.–10. årstrinn. Elevane si opplæring skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. For grunnskolen består læreplanverket av ein generell del, prinsipp for opplæringa, læreplanar for fag og fag- og timefordelinga.

    Læreplanar for fag

    Alle fag i grunnskolen har ein læreplan. Kvart fag er delt inn i hovudområde og inneheld kompetansemål og fem grunnleggjande ferdigheiter. Kompetansemål i fag viser kva elevar skal meistre etter f.eks. 2., 4., 7. og 10.trinn. Kompetansemåla seier kva elevane skal kunne etter desse trinna. Skolane skal lage meir detaljerte planar for kva elevane skal jobbe med. 

    Dei grunnleggjande ferdigheitene skal bidra til å utvikle elevane sin fagkompetanse. 

    Dei grunnleggjande ferdigheitene er:

    • å kunne uttrykkje seg munnleg
    • å kunne lese
    • å kunne uttrykkje seg skriftleg
    • å kunne rekne
    • å kunne bruke digitalt verktøy

    Læreplanverket

    Fag- og timefordeling

    Fag- og timefordelinga er ei oversikt over fordeling av timane for faga i grunnskolen. Timetalet er fastsett som minimum som den enkelte eleven har rett til å få, og som kommunen har plikt til å gi. Timane er førte opp i klokketimar. 

    Skoleeigaren kan omdisponere inntil fem prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget. Denne moglegheita kan brukast til å styrkje andre fag for anten heile klassar, grupper eller årstrinn.

    (Opplæringslova § 2–3 og forskrift til opplæringslova kapittel 1)

    Tidleg innsats

    Tidleg innsats handlar om at skolen legg til rette for at alle elevar blir inkluderte tidleg i gode læringsprosessar. Den tilpassa opplæringa i norsk, samisk og matematikk på 1. til 4. årstrinn skal blant anna vere prega av særleg høg lærartettleik, og skal vere spesielt retta mot dei elevane som treng ekstra oppfølging i lesing og rekning.

    (Opplæringslova § 1–3)

    Tilpassa opplæring

    Skolen har plikt til å tilpasse opplæringa slik at alle elevar får faglege utfordringar og får brukt sine evner og føresetnader, for å få best mogleg utvikling både fagleg og personleg. 

    Dette kjenneteiknar tilpassa opplæring:

    • Skolen tek omsyn til at barn og unge lærer på forskjellige måtar og i ulikt tempo, og at dei har forskjellige behov på ulike alderstrinn.
    • Realistiske krav og forventningar på den eine sida, og nok utfordringar på den andre sida, slik at elevane alltid har noko å strekkje seg etter.
    • Eit læringsmiljø som legg til rette for elevane sine moglegheiter for medverknad og evner til å ta bevisste val.

    Tilpasset opplæring

    (Opplæringslova § 1–3)

    Elevar på ungdomstrinnet kan få moglegheit til å ta fag frå vidaregåande

    Elevar på ungdomstrinnet som har god nok kompetanse i grunnskolefag til å følgje opplæringa i eitt eller fleire fag på vidaregåande nivå, kan få moglegheit til det. Elevar på ungdomstrinnet kan ta både fellesfag og programfag frå vidaregåande opplæring.

    (Forskrift til opplæringslova § 1–15)

  • Alle elevar har rett til å få jamleg vurdering undervegs og når det nærmar seg slutten av opplæringa i faget. Vurderinga undervegs skal bidra til å fremje elevane si læring og skal gi grunnlag for tilpassa opplæring. Sluttvurderinga skal gi informasjon om nivået til eleven ved avslutninga av opplæringa i faget. Elevane skal også gjennomføre obligatoriske prøver som nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

    (Forskrift til opplæringslova kapitla 2 og 3)

    Vurdering undervegs

    Gjennom undervegsvurderinga får lærar og elev informasjon om fagleg progresjon og ståstad hos eleven. Undervegsvurderinga skal ein gi løpande og systematisk, og tilbakemeldingane kan vere munnlege eller skriftlege. 

    Undervegsvurdering gjeld for alle trinn og inneber at

    • elevane får vite kva som er måla for opplæringa
    • elevane får vite kva det blir lagt vekt på i vurderinga
    • elevane får vurdert og grunngitt kompetansen sin i fag og i orden og åtferd
    • elevane får informasjon om kva som må til for å bli betre i faget
    • elevane vurderer eigen kompetanse, eige arbeid og eiga fagleg utvikling
    • elevane får ein samtale med kontaktlæraren sin om fagleg utvikling minst ein gong kvart halvår
    • elevane har ein pågåande dialog med læraren om andre forhold rundt opplæringa
    • elevane får halvårsvurdering utan karakter i fag og i orden og åtferd 

    Frå 8. årstrinn har alle elevar også rett til å få karakter i samband med halvårsvurderinga i fag, i orden og i åtferd.

    (Forskrift til opplæringslova kapittel 3)

    Eigenvurdering

    Alle elevar skal vere med og vurdere seg sjølve som ein del av undervisningsvurderinga. Elevane skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, kompetanse og fagleg utvikling.

    (Forskrift til opplæringslova § 3–12)

    Sluttvurdering

    Sluttvurdering i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, orden og åtferd, og som skal førast på vitnemålet som elevane får etter 10. trinn. Grunnlaget for standpunktkarakterar i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget. Kompetanse som eleven viser undervegs i opplæringa, er ein del av den samla vurderinga læraren gjer når standpunktkarakteren blir fastsett. Eleven skal ha moglegheit til å forbetre kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett.

    (Forskrift til opplæringslova kapittel 3)

    Nasjonale prøver og kartleggingsprøver

    På ulike trinn i opplæringa skal skolen gjennomføre prøver og undersøkingar som har til formål å skaffe informasjon om elevane som skal brukast til å forbetre opplæringa. Her beskriv vi nokre prøver elevane gjennomfører i grunnskolen.

    (Forskrift til opplæringslova kapittel 2)

    Nasjonale prøver

    Nasjonale prøver er obligatoriske og skal gi informasjon om elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning på tvers av fag, og i lesing på engelsk. Skolen bruker resultata til kvalitets-utvikling og som grunnlag for tilpassa opplæring. Prøvene skal gjennomførast om hausten på 5. og 8. årstrinn. Prøvene i lesing og rekning blir òg gjennomførte på 9. årstrinn.

    Kartleggingsprøver

    Kartleggingsprøver skal brukast til å undersøkje kva for elevar som treng ekstra oppfølging i utvalde ferdigheiter og fag. Skolen bruker resultata i arbeidet med tidleg innsats og tilpassa opplæring. Kartleggingsprøver er utarbeidde for lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter. Prøvene blir gjennomførte om våren på 1., 2. og 3. og 4. årstrinn. 

    Prøvene i lesing er obligatoriske frå 1. til 3. årstrinn. I talforståing og rekning er prøva obligatorisk på 2. årstrinn. Prøvene i talforståing og rekning på 1. og 3. årstrinn, engelsk på 3. årstrinn og i digitale ferdigheiter på 4. årstrinn er frivillige.

  • Klagerett

    Det er klagerett på alle vedtak som gjeld elevane sine rettar, for eksempel vedtak om elevens psykososiale miljø, standpunkt- eller eksamenskarakterar, bortvising av ein elev, spesialundervisning, særskild språkopplæring, skyss eller skoleplassering. 

    Klagen din bør være skriftleg. Viss klagen ikkje er skriftleg, vil skolen skrive ned klagen. Du bør grunngi klagen samtidig med at du nemner kva for endring du ønskjer. Fylkesmannen i ditt fylke er klageinstans, men klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket, vanlegvis skolen. Klagefristen er tre veker. Har du fleire spørsmål om korleis du skal gå fram for å klage, kan du spørje skolen din. 

    Du kan la ein advokat eller ein annan fullmektig hjelpe til og representere deg på alle trinn i saka. Ein annan fullmektig kan vere ein myndig person eller ein organisasjon som du er medlem av. Fullmektig som ikkje er advokat, må leggje fram skriftleg fullmakt.

    (Opplæringslova § 15–2)

    Ansvar og tilsyn

    Kommunen har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring for alle som er busette i kommunen. Dette inneber blant anna at kommunen har ansvaret for at opplæringa til det enkelte barnet er i samsvar med regelverket. Kommunen må syte for at skolane har dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

    Fylkesmannen i kvart fylke fører tilsyn med grunnskolane, og kan gi kommunen pålegg om å rette på forhold ved skolane som er i strid med lova og forskriftene.

    (Opplæringslova §§ 13–1, 13–10 og 14–1)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!