Undersøkingar og fleire medieoppslag viser at lærarar har behov for kunnskap om korleis dei på best mogleg måte skal handtere eleven sin tilgang til datamaskiner/nettbrett i undervisninga.
8 av 10 elevar i vidaregåande skule (vg2) meiner til dømes at bruk av digitale einingar i undervisninga både gjev meir kunnskap og aukar lærelysta (Monitor 2013). Samstundes opplever mange at full tilgang til datamaskiner med Internett er forstyrrande, fordi det går med mykje tid til ikkjefaglege ting. Dette er eit problem også på ungdomstrinnet, men i noko mindre grad.
Rettleiaren er utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og er utarbeidd av Senter for IKT i utdanninga (no ein del av Utdanningsdirektoratet) saman med røynde lærarar som har prøvd ut gode døme på bruk av IKT.
Først delt på iktsenteret.no i 2015.
Veileder for klasseledelse i teknologirike omgivelser (bokmålsversjon)