Høveleg bruk av IKT i klasserommet

Denne rettleiaren rettar seg i hovudsak mot lærarar som underviser på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Hovudfokuset er knytt til klasserommet, og målsetjinga er å hjelpe til høveleg og systematisk bruk av IKT i undervisinga på ein måte som fremjar læring.

 

I tillegg til å vere ein rettleiar for læraren, vil rettleiaren vere ein ressurs for skoleleiarar og skoleeigarar i arbeidet med prioriteringar, planar og kompetanseutvikling. Bruken av digitale einingar i undervisinga har auka sterkt det siste tiåret, særleg i vidaregåande skole. Dette har gjort at mange lærarar har måtte tilpasse seg ein ny, digital skolekvardag.

Dei fleste elevane og lærarane meiner at bruk av IKT styrkar motivasjonen, fører til auka variasjon og kan forsterke læring. Samtidig peikar eit fleirtal av både elevar og lærarar på at IKT kan verke forstyrrande og ta fokus vekk frå læring og fagleg arbeid (Monitor 2013). Dette viser at skolane må ha klåre køyrereglar tilpassa sine pedagogiske planar for bruk av digitale verktøy.

Det er store forskjellar mellom skolar når det gjeld omfang av IKT-bruk, både på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Overgangen mellom skoleslaga kan vere stor for mange elevar.

Lærarane rapporterer at dei opplever til dels stor grad av utanomfagleg bruk av datamaskin på vidaregåande trinn. Nær halvparten av dei spurde lærarane i SMIL-undersøkinga (2013) meiner at den utanomfaglege bruken til elevane av IKT går utover læringsarbeidet og elevane sitt læringsutbyte. Tilsvarande resultat vart avdekte i Monitor 2013.

Når utanomfagleg bruk av digitale einingar i klasserommet blir oppfatta som så forstyrrande i undervisings- og læringsprosessen, er det nærliggjande å vurdere tiltak for å avgrense elevane sin IKT-bruk. I somme tilfelle kan det vere eit riktig val ikkje å bruke IKT i undervisisingsøkta. Denne vurderinga er det viktig at læraren gjer basert på kva som høver best for læringsarbeidet. Elevane sin bruk av IKT på fritida treng ikkje å gje kompetanse til bruk av IKT som kan overførast i læringssamanheng. Digital kompetanse i skolefagleg samanheng fordrar ei profesjonell og planlagd tilnærming.

IKT i skolen er meir enn digitale læremiddel. Det omfattar også bruk av digitale verktøy og tenester, og tilgang til digitale ressursar som ikkje treng vere utvikla til læringsføremål (som oppslagsverk, videoklipp, nettaviser, bloggar). Skolen bør ha ein plan for innkjøp og forvaltning av digitale læremiddel, samt planar for kompetanseutvikling for lærarar knytt til bruken av læremidla.

Del 1 og 2 av denne rettleiaren skildrar rammevilkåra for god bruk av IKT og kva det har å seie at dette får sterkare fokus. Dette fell i hovudsak inn under ansvaret til skoleeigar eller skoleleiar.

Del 3 og 4 er retta mot læraren. Her blir det gjeve råd om korleis ein kan jobbe systematisk med IKT slik at digitale einingar ikkje blir forstyrrande i klasserommet. Til slutt blir det presentert ei oversikt over tilrådde nettbaserte tenester og rettleiingsmateriell for vidare arbeid i klasserommet

Hensiktsmessig bruk av IKT i klasserommet (bokmålsversjonen)