Leiing i barnehagen

Styraren har ansvar for å leie utviklingsprosessar i barnehagens personalgruppe, slik at barnehagen kan gi eit kvalitativt godt tilbod til kvart barn. Her beskriv vi forventningar til ein styrar i barnehagen.

For at barnehagen skal ha eit læringsmiljø som utfordrar og utviklar barnehagens praksis, må styraren

  • syte for at det er gode vilkår for læring og utvikling i heile organisasjonen
  • ha god barnefagleg kunnskap og evne til å leie utviklings- og endringsarbeid i barnehagen
  • vere godt kjend med og følgje relevant lovverk med forskrift som regulerer barnehagens verksemd

Leiing i barnehagen

Staten set gjennom barnehageloven krav til at barnehagen skal ha ei forsvarleg pedagogisk og administrativ leiing. Leiing er å ta ansvar for å oppnå resultat saman med andre. Styraren leier gjennom andre og delegerer oppgåver og myndigheit, men ansvaret kan ikkje delegerast.

Barnehagens samfunnsmandat

Styraren som barnehagens øvste leiar har ansvar for utøving av barnehagens samfunnsmandat i samsvar med formål og innhald i barnehageloven.

Barnehagen som kunnskapsorganisasjon

Barnehagen kan beskrivast som ein kunnskapsorganisasjon der kompetansen til dei tilsette har mykje å seie for kvaliteten på barnehagetilbodet.

Personalgruppa i norske barnehagar er kjenneteikna ved å ha ulik utdanningsbakgrunn og barnehagefagleg kompetanse. At personalet har ulik kompetanse og utdanningsbakgrunn, kan gi moglegheiter i utforminga av innhaldet i barnehagen, samtidig som det kan opplevast som krevjande å leie utviklinga der personalet manglar relevant utdanning.

Styrarens evne til å leie utviklings- og læringsprosessar i ein barnehage, også der dei tilsette har ulik kompetanse, vil vere avgjerande for utviklinga av barnehagen som ein lærende organisasjon.

Forventningar til styraren i barnehagen

Forventningane til styraren er beskrivne med utgangspunkt i den nasjonale leiarutdanninga for styrarar i barnehagar. Kompetanseområda som er beskrivne, må tilpassast føresetnader for leiarskap hos den enkelte styraren.

Barns læring og utvikling - barnehagens omsorgs- og læringsmiljø

Styraren har ansvar for å tilby kvart enkelt barn eit inkluderande barnehagemiljø som støttar opp om ei allsidig utvikling, og som tek hand om behovet for omsorg og leik, læring og danning hos det enkelte barnet og i barnegruppa.

Styring og administrasjon

Styraren har ansvar for at barnehagens samfunnsmandat blir følgt opp. Det inneber at han eller ho handlar på vegner av sentrale og lokale myndigheiter og kjenner og følgjer loven, inkludert rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. Styraren skal òg syte for god intern administrasjon, styring og kontroll.

Samarbeid og organisasjonsbygging, rettleiing av personalet

Styraren har ansvar for at barnehagen fungerer godt som organisasjon og pedagogisk verksemd. Han eller ho skal samarbeide med andre aktørar og bidra i prosessar der målet er å støtte barns utvikling. Samarbeidspartnarar kan vere PP-tenesta, helsestasjonen, grunnopplæringa, barnevernet og BUP.

Etablere ein kollektiv kultur

Styraren må evne å involvere og engasjere tilsette og foreldre i arbeidet med å nå ei felles målsetjing. Han eller ho skal leie arbeidet med å etablere ein kollektiv kultur som fører til eit godt arbeidsmiljø der utviklinga av barnehagen gjennom kontinuerleg kompetanseutvikling står sentralt.

Utvikling og endring

Styraren har det overordna ansvaret for utvikling og endringsprosessar i barnehagen. Samfunnet, barnegruppa og foreldregruppa endrar seg over tid. Han eller ho har ansvar for å setje i verk tiltak som bidreg til at barnehagen er i stand til å møte ytre krav og forventningar til innhald og oppgåver.

Leiarrolla

Styraren skal ha eit avklart forhold til leiarrolla og sin eigen leiarskap, og må vere i stand til å definere og redefinere leiarrolla og eigne vilkår for å utøve god leiing dersom tilhøva krev det. Ein styrar må tydeleg kommunisere krav, forventningar og mål til dei tilsette. Styraren må også ha evne til å støtte og rettleie dei tilsette slik at dei blir trygge i arbeidssituasjonen, og slik at dei får brukt kompetansen sin på best mogleg måte.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!