Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk

Lesetilvising

Dette kunnskapsgrunnlaget er utarbeidd for å grunngi og utdjupe kvalitetskriterium i ein digital rettleiar som Utdanningsdirektoratet har utvikla til hjelp i arbeidet med å vurdere og velje læremiddel. Kunnskapsgrunnlaget og rettleiaren er ei konkretisering av tiltak 7 i oppdragsbrev 15-18 om «Den teknologiske skolesekken» frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet. Oppdraget lyder: «Utdanningsdirektoratet skal vurdere og etablere tiltak for utvikling av kvalitativt gode læremidler, jf. omtale i Meld. St. nr 28 og oppdragsbrev, herunder vurdere behov for kvalitetskriterier i flere fag.» I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornyelse av Kunnskapsløftet går det fram at det skal utviklast kvalitetskriterium for læremiddel og rettleiingsmateriell til bruk for lærarar og læremiddelutviklarar i matematikk. Dette blir no utvida til også å gjelde engelsk og norsk og skal danne grunnlag for påstandane i den digitale rettleiaren, som er eit verktøy for vurdering av kvalitet i læremiddel i dei to faga. Kunnskapsgrunnlaget og den digitale rettleiaren utgjer dermed samla det rettleiingsmateriellet som Kunnskapsdepartementet etterspør. Rettleiingsmateriellet er utforma til bruk i kollektivt arbeid i ein profesjonsfellesskap. Utforminga av den digitale rettleiaren er basert på at alle kategoriar og påstandar skal vere med i ei fullstendig vurdering av eit læremiddel. Materiellet kan brukast både til å vurdere kvaliteten på læremiddel som skolen eller skoleeigaren allereie har, og til å vurdere nye læremiddel som skal kjøpast inn.

Dokumentet har éin del som omhandlar læremiddel meir generelt, og éin del som gjeld norskfaget/engelskfaget spesielt. Det er fordi mange av spørsmåla som gjeld vurdering og val av læremiddel, er dei same for alle fag i skolen, og dermed også for norsk og engelsk. Desse to faga er dessutan begge språkfag, noko som gjer at dei har mykje felles. Samtidig er det forskjellar mellom dei. Den generelle delen er nokså lik for dei to faga, men vi har utdjupa eller korta ned på enkelte tema og konklusjonar og henta eksempel frå dei respektive faga for å gjere stoffet mest mogleg relevant for det enkelte faget. I den fagspesifikke delen tar vi utgangspunkt i læreplanane i norsk og engelsk og i forsking om læring og læremiddel i dei to faga.

Kunnskapsgrunnlaget vender seg først og fremst til lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar, som alle er involverte i arbeidet med å vurdere og velje læremiddel til det daglege arbeidet i skolen, men også til læremiddelutviklarar, lærarstudentar og forskarar i faga norsk og engelsk i lærarutdanningane. Dette er ei samansett målgruppe, og kunnskapsgrunnlaget ligg derfor føre på to nivå. Den som treng tilvising til bakgrunnsstoff som rapportar, utdjupingar og forskingsoversikter om enkeltemne, kan finne det ved å gå til tekstane som er merkte «Utdjupande tekst». For dei som ikkje ønsker å lese heile dokumentet, har kvart kapittel ei kort oppsummering med konklusjonar som har særleg relevans for læremidla. Desse oppsummeringane er samanfatta og presenterte i ei avsluttande oversikt som dannar utgangspunkt for den digitale rettleiaren.

Heilt til slutt i dokumentet er eit samandrag av Best European Learning Materials Awards, https://www.belma-award.eu/ og Kvalitetskriterier for digitale læringsressurser (SIKT 2017). Dette er oversikter over kvalitetskriterium for vurdering av læremiddel som har vore brukte i utarbeidinga av dette dokumentet. I tillegg finn ein ei oppsummering av to rapportar om norsk og internasjonal læremiddelforsking.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!