«De fleste mennesker er i dag avhengige av å kunne bruke digital teknologi, for deltakelse i samfunnslivet og i arbeidslivet», skreiv dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i introduksjonen til den tidlegare omtalte strategiplanen som blei utvikla for digitalisering av skolen, Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021. Skolen, som samfunnet elles, utviklar og endrar seg gradvis ved at vi stadig oftare tar i bruk digitale løysingar både offentleg og privat. Det er ei utvikling som gir mange fordelar, men òg utfordringar, også med tanke på læremidla. Tilboda frå læremiddelutviklarane er mange og varierte når det gjeld både papirbaserte og digitale læremiddel og ein kombinasjon av dei. Ein del læremiddel kan vere papirbaserte med oppgåver og tilhøyrande digitale ressursar, medan andre kan vere heildigitale verk der fagstoffet berre ligg føre digitalt, og læremiddelet tar i bruk dei moglegheitene som digitale plattformer gir. Vi ser også at ein del internasjonale aktørar innanfor EdTech-bransjen etablerer seg i den norske marknaden i konkurranse med norske læremiddelutviklarar, samtidig som dei fleste norske fylkeskommunar samarbeider om digitale læremiddel gjennom Nasjonal digitalt læringsarena (NDLA).
Biletet er samansett også når det gjeld kor raskt digitaliseringa av skolen går. Fleire undersøkingar viser at stadig fleire kommunar no har såkalla 1:1-dekning, der kvar elev får tilgang til si digitale eining, men at det framleis er slik at papirbaserte og digitale læremiddel eksisterer side om side i det som Øystein Gilje kallar ein «blandingskultur» (Gilje, 2017, s. 68). Situasjonen utviklar seg raskt, og både skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar må derfor ha eit aktivt forhold til den teknologiske og pedagogiske utviklinga på feltet når dei skal vurdere og velje læremiddel.
Framtid, fornyelse og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen peiker på at digitale læremiddel opnar for mange moglegheiter både for eleven, læraren og skoleleiaren, og vi skal her trekke fram nokre av dei. Digitale læremiddel gjer universell utforming lettare, slik at alle elevar kan få tilgang til læremiddel som er tilpassa dei ulike faga, dei føresetnadene elevane har, og det nivået dei kan meistre. Vidare peiker meldinga på at teknologiar som AR (augmented reality ) og VR (virtual reality-simulering) kan brukast for eksempel ved simulering av yrkesutøving og bruk av moderne utstyr og maskiner, særleg innanfor fag- og yrkesopplæringa, i ein simulert reell praktisk situasjon. Digitale læremiddel kan også ved hjelp av desse teknologiane utvide ei estetisk oppleving og utnytte alle sansane til eleven i opplæringa. Eit eksempel kan vere at ein kan navigere i eit bilete, klikke på ulike punkt og få fram meir informasjon, lyd og anna utfyllande materiale. Vi kan òg ta med at digitale læremiddel gir høve til samarbeid om oppgåveløysing og samskaping på ein annan måte enn andre læremiddel.
For læraren peiker meldinga på at digitale læremiddel er til god hjelp når det gjeld å tilpasse lærestoff og oppgåver til kvar elev, og har eit større repertoar av undervisningsmetodar. Administrative digitale verktøy kan også vere tidssparande, og frigjord tid kan brukast både til undervisning og til fagleg oppdatering (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 12–13).
Bruk av digitale læremiddel gir også nokre utfordringar. Vi vil spesielt nemne adaptiv læring og læringsanalyse, og lesing på papir versus lesing på skjerm. Her er meiningane delte. Forskinga på området har ikkje komme langt og er til dels sprikande, og det er viktig at dei som vel og vurderer læremiddel, er merksame på desse utfordringane.
Det er brei einigheit om at utvikling av digitale læremiddel ikkje skal handle om å «sette straum på boka», men at ein i større grad skal utnytte dei moglegheitene som ikkje finst i tradisjonelle læremiddel. Ein ny generasjon teknologiske løysingar har i denne samanhengen fått mykje merksemd, og det er løysingane som bygger på digital læringsanalyse. Læringsanalyse refererer til at data frå elevarbeid blir samla og kopla saman i ulike typar kvantifiseringar for at læraren skal kunne sjå aktivitet, brukarmønster og måloppnåing i samanheng. Ofte er programma adaptive og tilpassar seg det nivået eleven er på medan dei er i bruk.
Slike teknologiar byr på ei rekke moglegheiter. Dei kan tilby differensierte og interaktive oppgåver med direkte tilbakemelding og kan slik vere motiverande for eleven. Læraren kan skaffe seg detaljert informasjon om korleis eleven meistrar oppgåver, noko som gir grunnlag for individuell oppfølging og for å tilpasse oppgåver til nivået eleven er på. Læringsanalyse gir også høve til å samanlikne genererte data på elev-, lærar-, fag- og skolenivå, og kan slik vere eit nyttig administrativt verktøy i heile utdanningssektoren.
Samtidig er det nokre utfordringar knytte til læringsanalyse, og dei mest omfattande dreier seg om personvern. Både Datatilsynet, Senter for IKT i utdanninga (no del av Utdanningsdirektoratet) og andre sentrale aktørar har peikt på at bruk av læringsanalyse i skolen utfordrar personvernlovgivinga på ei rekke område, og at innhausting av store mengder brukardata reiser viktige spørsmål rundt innsamling, eigarskap, lagring, samankopling og vidare bruk. Eit forslag til ny opplæringslov er no ute på høyring, og her blir situasjonen karakterisert som uoversiktleg og «mer preget av tilbydernes tilbud enn vurderinger av hva grunnopplæringen og elevene er tjent med» (Kunnskapsdepartementet, 2019a, s. 408). Utvalet bak forslaget tilrår derfor ei utgreiing om den rettslege reguleringa knytt til læringsanalyse i skolen så snart som mogleg.
Utfordringane med slike teknologiar handlar ikkje berre om personvern, dei har også pedagogiske implikasjonar. På lik linje med papirbaserte læremiddel bygger digitale læremiddel på bestemte syn på elevar og lærarar, på kva innhaldet i skolen skal vere, og korleis undervisinga skal gå føre seg. Ifølge strategidokumentet for digitalisering i grunnopplæringa vil det vere «særlig utfordrende for lærere å vurdere hvilke forhåndsdefinerte valg som gjøres i et adaptivt læremiddel, for eksempel hva som måles, hvilket elev- og læringssyn som legges til grunn», osv. (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 19). Adaptivitet i digitale læremiddel er basert på ideen om at ein kan designe og til dels kontrollere læringsløp og til og med spå korleis ein elev vil prestere i framtida. Utvalet bak forslaget til ny på peiker på at medan læringa blir monitorert og tilpassa av systema, er det dei enkle og tilgjengelege dataspora som blir analyserte. Læringsanalyse vil dermed kunne auke merksemda på det som er målbart, og legge føringar for lærestoffet, slik at det blir utforma for å passe ein kvantifiseringslogikk. Utvalet minner om at «det kan være mange sammensatte og meningsfylte indikatorer for kvalitet og progresjon som ikke fanges opp i den digitale læringsanalysen» (op.cit., s. 406).
Både lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar må derfor, i tillegg til å vurdere dei tekstfaglege, didaktiske og tekniske kvalitetane i læremidla, spørje om dei bygger på eit elev- og læringssyn som er i tråd med intensjonane og det overordna verdigrunnlaget i læreplanverket. Det er mykje som tyder på at dette blir særleg viktig når det gjeld læremiddel som baserer seg på digital læringsanalyse.
Om elevane les betre på papir enn på skjerm, er omdiskutert, og forskarar frå ulike fagdisiplinar har arbeidd mykje med dette spørsmålet. Det er utarbeidd fleire metastudiar om effekt og implikasjonar av lesing på skjerm.
Evolution of Reading in the Age of Digitisation (E-READ) er ei forskargruppe med nærmare 200 forskarar frå ulike fag frå heile Europa som har forska på effektar og implikasjonar av digitalisering av lesing. I 2018 møttest dei i Stavanger, der dei summerte opp forskingsresultata sine frå dei siste fire åra og utforma det som blei kalla «Stavanger-deklarasjonen». Her blir det peikt på at digitale medium gjer det mogleg på mange måtar å tilpasse tekstar til ønske og behov hos lesaren, men at lesing på skjerm også byr på utfordringar. Forskarane kjem med fleire tilrådingar som også er relevante for vurdering av læremiddel:
Dei siste åra har lesing på skjerm blitt stadig meir vanleg i norske klasserom, og det kan vere mange gode grunnar til det. Samtidig finst det som nemnt forsking som peiker på problematiske sider. Særleg i tekstfag, som engelsk og norsk, som gjerne arbeider med lange og samansette tekstar, er det viktig å vere merksam på dette når ein skal vurdere og velje læremiddel.
Sjølv om det kanskje er mykje vi enno ikkje veit når det gjeld lesing i digitale medium, veit vi at digitale medium er komne for å bli. Skolen må derfor gi opplæring i tekstarbeid både på papir og på skjerm. Vidare må den som vurderer læremiddel, ta omsyn til om media som er valde, og dei tekniske og tekstlege løysingane som høyrer til, er veleigna med tanke på kva ein skal oppnå med lesinga. Elevane treng opplæring i ulike lesestrategiar som eignar seg for lesing både på papir og på skjerm, og læremidla kan støtte læraren i dette arbeidet.
Digitalisering gir nye moglegheiter for språkleg tilrettelegging av læremiddel og for språkmøte, både med store og med små språk. For mindre brukte språk representerer digital språkteknologi ein ressurs når det gjeld å få produsert tekstar slik at språkbrukarane får møte språket sitt. Samtidig har det vist seg å vere ei utfordring å få program, appar og nettstader frå kommersielle aktørar på mindre brukte språk, som nynorsk og samisk.
Retten til læremiddel på eige skriftspråk er slått fast i forskrift til opplæringslova §17-1 (digital lenking til side 14) og er ein premiss for det norske læremiddelregimet.
Samtidig kan det sjå ut som om digitaliseringa av feltet har skjedd på ein slik måte at det digitale læremiddeltilbodet har blitt dårlegare og mindre til nynorskelevar enn til bokmålselevar – i alle fag. Det går mellom anna fram av forslaget til ny opplæringslov, NOU 19: 23, som slår fast at tilgangen på læremiddel er stor, men langt mindre på nynorsk enn på bokmål (s. 390).
Det følger av lova at skoleeigaren har ansvar for at elevane får dei læremidla dei har krav på. Når Utdanningsdirektoratet lyser ut tilskot til utvikling av digitale læremiddel for årskull på meir enn 300 elevar, blir det stilt krav om universell utforming og språklege parallellutgåver på bokmål og nynorsk. Ved vurdering og val av digitale læremiddel må skoleeigaren sørge for at dette kravet er oppfylt.
Digitaliseringa av skolen gir mange moglegheiter for varierte pedagogiske tilnærmingsmåtar og for eit utvida tilfang av tekstar og oppgåver som er tilpassa den enkelte eleven. Bruk av digitale verktøy og læremiddel kan legge til rette for arbeid med faget gjennom skriftlege, munnlege og multimodale tekstar og bidra til å gjere bruk av tekstkompetanse som elevane har med seg frå aktivitetar utanom skolen. Digitale læremiddel gjer tilpassa opplæring mogleg gjennom eit stort repertoar av lærestoff og arbeidsmåtar og ved å ta i bruk fleire sansar hos eleven. Digitale ferdigheiter er ein av dei grunnleggande ferdigheitene elevane skal utvikle, og da må dei få erfaring med ulike digitale verktøy og digitale arbeidsmåtar og høve til å utvikle det som læreplanen omtaler som «digital dømmekraft».
Læremiddel som støttar læraren i dette arbeidet,
I tillegg må digitale læremiddel vurderast ut frå krava om tekstleg, fagleg, pedagogisk og didaktisk kvalitet som gjeld alle læremiddel. Verdiar og mål for faget og føresetnader og behov hos kvar elev må ligge til grunn for valet av læremiddel anten dei er papirbaserte eller digitale.