Undervisningsvurdering – ein rettleiar for elevar og lærarar

Til elevar og lærarar

Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Vi ønskjer at rettleiaren "Undervisningsvurdering – ein rettleiar for elevar og lærarar" skal medverka til at lærarar og elevar saman reflekterer over kva som skaper god læring. Vi veit at mange klassar allereie i dag gjennomfører undervisningsvurdering. Rettleiaren kan likevel medverke til at arbeidet blir meir systematisk, og at fleire kjenner seg trygge på dette viktige arbeidet.

Både i den generelle delen i læreplanen og i prinsippa for opplæringa er det lagt vekt på at elevane deltek i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Undervisningsvurdering går føre seg i klassen, men er noko anna enn vurdering for læring. Vurdering for læring er ein del av denindividuelle vurderinga der det er elevane sin kompetanse i fag, orden eller åtferd som blir vurdert. Undervisningsvurdering har som føremål å forbetre opplæringa i klassen. Desse to formene for vurdering utfyller og støttar kvarandre. Rettleiaren handlar om vurdering av opplæringa i fag.

Skoleleiinga har det overordna, pedagogiske ansvaret for opplæringa på skolen. Før de begynner å arbeide med rettleiaren, må de ha avklart om resultata av vurderinga skal brukast i klassen/gruppa, eller om de også skal rapportere resultata til skoleleiinga og/eller til kommunen/fylkeskommunen.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!