Mal for tilstandsrapport
Vi har laga ein mal som er frivillig å bruke. Føremålet med malen er at det skal vere lett å finne relevante tal og data. Malen finn de når de loggar dykk inn i Skoleporten, Det er meininga at de skal redigere i dokumentet som blir generert i Skoleporten, og at de bruker valmoglegheitene i malen slik at han blir eit godt verktøy lokalt.
Mal for tilstandsrapport og andre verktøy i Skoleporten
Kjenneteikn ved gode tilstandsrapportar
Ein årleg tilstandsrapport som gir godt grunnlag for skoleutvikling, har desse kjenneteikna.
Tilstandsrapporten
- er forankra hos politikarane,utdanningsadministrasjonen og skoleleiinga i kommunen og fylkeskommunen
- er resultatet av ein felles prosess
- analyserer resultata frå skolane i lys av lokale føresetnader. I innleiinga til rapporten kan særtrekka ved kommunen,kommenterast for å setje resultata inn i ein kontekst
- gir gode og utfyllande vurderingar av resultata ved skolane
- legg fram data og informasjon på ein lettfatteleg og forståeleg måte
- formulerer mål og tiltak som er funderte i lokale føresetnader, eller viser til andre planar i kommunen/fylkeskommunen der det er utforma mål og tiltak som er relevante for rapporten
- argumenterer for kva som er relevante tiltak ut frå resultata som ligg føre, og ut frå forsking og faglitteratur på områda
- konkretiserer og prioriterer tiltak, slik at det blir lettare å behandle rapporten politisk og følgje han opp etter at vedtak er gjorde i kommunestyret/fylkestinget.
I 2009 blei § 13-10 i opplæringslova utvida med krav om at offentlege og private skoleeigarar skulle utarbeide og drøfte ein årleg rapport om tilstanden på områda læringsresultat, læringsmiljø og fråfall. Ein mal for tilstandsrapportar ligg i Skoleporten, men det er ikkje obligatorisk å bruke denne malen.