Skolefakta - kvalitet i fagopplæringa

Skolefakta handlar om forhold ved skolen som kan påverke kvaliteten i fagopplæringa.

Skolefakta er mellom anna storleiken på skolen, plasseringa og korleis skolen er utstyrt. Desse faktorane kan avgrense kva for utdanningsprogram skolen kan tilby, og kva for ressursar skolen kan bruke på dei ulike programma. Utdatert utstyr kan påverke opplæringa, og tilgang til moderne maskinar og utstyr kan vere viktig for fagopplæringa i skolen.

Skolefakta er

  • Skolestorleik, talet på yrkesfaglege elevar ved skolen
  • Korleis elevane fordeler seg på dei ulike utdanningsprogramma
  • Talet på undervisningspersonell
  • Økonomi og rekneskap

Meir informasjon

Andre kjenneteikn knytte til skolefakta som kan vere relevante, er arbeidsmiljøet ved skolen, utover det som går under læringsmiljø.

Talet på elevar fordelt på studieretning og utdanningsprogram blir publisert på skolenivå i Skoleporten, mens talet på lærarar og talet på årsverk for undervisningspersonell blir publisert på fylkesnivå.

I KOSTRA finst det statistikk om ressursbruk, mellom anna driftsutgifter og lønnsutgifter per elev per utdanningsprogram. Noko av dette blir òg publisert i Skoleporten. Men det finst ikkje statistikk på lågare nivå enn fylkesnivå.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!