Persondata - kvalitet i fagopplæringa

Persondata er informasjon om eleven og lærlingen.

Kjenneteikn ved elevane/lærlingane som bakgrunn, karakterar, fråvær og motivasjon påverkar kvaliteten på og resultatet av opplæringa. Til dømes finn vi at korleis elevane presterte på grunnskolen, heng saman med kva for yrkesfagleg utdanningsprogram dei vel. Og at det er ein samanheng mellom utdanninga og innsatsen til foreldra og prestasjonane til elevane. Fråvær, resultat og gjennomføring heng òg saman.

Relevante kjenneteikn knytte til persondata kan vere:

  • Alder, kjønn og geografi
  • Elevens val av utdanningsprogram
  • Karakterar frå grunnskolen og vidaregåande
  • Fråvær grunnskole, Vg1 og Vg2
  • Korleis årskull gjennomfører over tid, kan gi eit bilete av opplæringsløpet
  • Sosial bakgrunn som utdanning og yrke til dei føresette

Statistikk og indikatorar

Statistikk om kjønn, geografi, utdanningsprogram og karakter i ulike fag i grunnskolen og i vidaregåande opplæring blir publisert i Skoleporten.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!