Dimensjonering - kvalitet i fagopplæringa

Dimensjonering er samsvaret mellom talet på skoleplassar, elevens val og læreplassar, og det framtidige behovet for kompetanse i samfunnet. Vurdering av tilbodsstrukturen er òg ein del av dimensjoneringsområdet.

Dimensjonering handlar om det enkelte programområdet på Vg2 sett i forhold til søkjartalet, talet på tilgjengelege elevplassar og behovet i bransjen.

Dimensjonering påverkar måloppnåinga for fagopplæringa

Fylkeskommunen avgjer kvart år, etter tilrådingar frå yrkesopplæringsnemnda, kor mange klassar som skal starte opp i dei ulike utdanningsprogramma og programområda. Det hjelper ikkje med god tilgang til læreplassar dersom ingen vil søkje, fordi det er søkjaren som sjølv avgjer kva for tilbod han eller ho søkjer. Verktøy som kan brukast i dimensjoneringsarbeidet, er lokale studiar, framskrivingar, spørjeundersøkingar og intensjonsavtalar om læreplassar i bedriftene.

Kva påverkar dimensjoneringa?

Informasjon som kan brukast i dimensjoneringsarbeidet, kan vere:

  • Den delen av søkjarane som får godkjend kontrakt.
  • Forholdet mellom skoleplassar og læreplassar.
  • Lærlingar i skole versus i bedrift. Søkjarar til læreplass som ikkje får læreplass, kan få eit tilbod om opplæring i skole.
  • Statistikk over talet på elevar som har fått sitt førsteval.

Talet på elevar og lærlingar fordelt på utdanningsprogram finst i Skoleporten. Med utgangspunkt i dette kan vi finne forholdet mellom talet på skoleplassar og talet på lære-plassar.

Spørsmål til vurdering:

  • Er talet på skoleplassar for skoleåret xx tilpassa forventa tilgang på læreplassar?
  • Er talet på skoleplassar for skoleåret xx tilpassa det langsiktige behovet i det lokale arbeidslivet?
  • Korleis samarbeider fylkeskommunen med Y-nemnda om dimensjonering?

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!