Veksling - avslutninga i ekstern barnehagevurdering

Som avslutning overrekker vurderarane ei skriftleg utgåve av rapporten til styraren og barnehageeigaren. Dette er eit symbol på vekslinga mellom den eksterne vurderinga og utviklingsarbeidet i etterkant av vurderinga.

Vurderarane overrekker stafettpinnen ved å gje styraren og barnehageeigaren ansvar for

Det er viktig at styraren og barnehageeigaren forpliktar seg til å fylgja opp vurderingane i rapporten for kvalitetsutvikling i barnehagen. Styraren og barnehageeigaren må prioritera og ta eigarskap for utviklingsarbeidet.

Styraren har ansvar for å seia noko om vegen vidare, gangen i utviklingsarbeidet og motivera personalet for arbeidet.

Etter at styraren har fått rapporten, både papirutgåve og elektronisk utgåve, har barnehagen ein til to veker på seg til å gi endeleg tilbakemelding til vurderarane om det er faktafeil i rapporten. Etter ei eventuell justering vert rapporten offentleg og skal til dømes leggast ut på barnehagen si heimeside.

I nokre regionar samarbeider kommunar om ekstern vurdering og legg alle rapportane offentleg på regionen si heimeside. Styraren har ansvar for at alle informantar og involverte partar får tilgang til rapporten.

I nokre kommunar skal styraren etter seks månadar legga fram rapporten, barnehagen sin plan for utviklingsarbeidet og korleis arbeidet har gått så langt for kommunestyret.

Merk: Etter at vurderinga er gjord, og rapporten er skriven og lagd fram, markulerer vurderarane alle notata frå samtalar, observasjonar og eventuell annan sensitiv informasjon.

Avvik som kan verta avdekte undervegs

Dersom vurderarane opplever lovbrot knytt til einskildpersonar eller sjølve barnehagen, eller at barn formidlar sensitive ting, skal vurderarane informera styraren og barnehageeigaren. Vurderarane må òg vurdera informasjonen knytt til opplysningsplikt til barnevernet. Eventuelle saker skal meldast direkte til styraren og til eigaren som internt notat. Dersom problemet er knytt til styraren, skal vurderarane ta direkte kontakt med bernehageeigaren. Slike saker skal ikkje koma fram i rapporten.

Styraren og barnehageeigaren må prioritera og ta eigarskap

Starten på dette arbeidet er å organisera utviklingsarbeidet. Det vil seia at styraren og eigaren må ta stilling til om dei skal involvera heile personalet i organiseringa eller ei utvald arbeidsgruppe.

Dersom dei vel ei utvald arbeidsgruppe, har deltakarane i gruppa ansvar for å inkludera resten av personalet i arbeidet, gjerne avdelingsvis. Det er òg viktig å hugsa at eigaren og foreldrerepresentantane skal delta i det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagen. Det er ofte storleiken på banehagen og barnehagen si organisering som avgjer organiseringa av utviklingsarbeidet. Uansett er det ei viktig forankring at personalet og foreldra får delta i arbeidet med å reflektera over, drøfta og analysera innhaldet i rapporten. Dette er grunnlaget for vidare arbeid.

Ei viktig oppgåve for styraren og barnehageeigaren vil vera å få med seg dei tilsette på tolkinga av innhaldet i rapporten. Jo mindre semje det er om innhaldet, jo større motstand vil endringsleiaren møta. Dersom fleirtalet opplever endringsforslaga eller utviklingsområda som unyttige, dumme, truande eller tvilsamme, vil reaksjonen truleg vera motstand. Dersom fleirtalet opplever endringsforslaga eller utviklingsområda som nyttige og relevante, og at dei kan medverka til utviklinga, kan leiinga kan få god hjelp av interne drivkrefter.

Viktige spørsmål kan vera

  • Kva seier eigentleg rapporten?
  • Kva er det viktigaste å gripa fatt i?
  • Korleis kan ein oppnå at alle tilsette kjenner til utviklingsområda og behov for endring?
  • Korleis utarbeida ein plan for utviklingsarbeidet med synleggjering av prioriteringar, mål, tiltak, ansvar og tidsfristar?
  • Korleis vert barnehagen sine mål, visjon og verdiar sikra i drøftingar om framtidsbildet, utviklingsområda i rapporten og mål og tiltak for utviklingsarbeidet?
  • Kva slags praksis ønskjer barnehagen?
  • Korleis skal fokus og praksis vera på leik, læring og utvikling for barna?
  • Korleis er barnehagen sitt fokus på prosessmål i arbeidet med barna: i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av det pedagogiske innhaldet – og korleis synleggjera dette for brukarane?
  • Korleis vert barnehagen ein lærande organisasjon?
  • Kva tiltak verkar og engasjerer dei tilsette?
  • Korleis kan barnehagen ta i bruk eksisterande kompetanse?
  • Kva treng barnehagen av spesifikk kompetanseutvikling knytt til utviklingsarbeid, endring, mål og tiltak?

Referansar

Det kan vere nyttig for leiaren og styraren å lesa om endringsleiing.

Referansar for vidare lesing om leiing og motivasjonsteoriar:

  • Gotvassli Kjell-Åge, Boka om ledelse i barnehagen, Universitetsforlaget 2013
  • Jacobsen Dag Ingvar, Organisasjonsendringer og endringsledelse, 2. utgave, Fagbokforlaget 2012
  • Strand Torodd, Ledelse, organisasjon og kultur, 3.opplag, Fagbokforlaget 2012
  • Bolman Lee G. og Deal Terrence E., Nytt perspektiv på Organisasjon og ledelse Struktur, sosiale relasjoner, politikk og symboler, Gyldendal akademisk 2009

  • Foss Elise, Geir Hyrve, Klages Wibeke og Sataøen Sven Ole, Lokalt utviklingsarbeid i barnehagen, Gyldendal akademisk 2001

Referanse for vidare lesing om opplysningsplikt

Opplysningsplikt til barnevernet og barn (regjeringen.no) 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!