Trinn 5 i ekstern barnehagevurdering - spegla tilbake til barnehagen

Vurderarane legg fram ein rapport for tilsette, banehageeigar, foreldrerepresentantar og eventuelt andre inviterte. Rapporten skal vera eit godt utgangspunkt for kvalitetsutvikling i barnehagen etter ekstern barnehagevurdering.

Siste del av dag fire, rapportframlegging

Rapporten vert lagd fram fjerde dagen etter at barnehagen er stengd. Tidsramma er ein til ein og en halv time.

Rapporten skal presenterast for

  • heile personalgruppa
  • SU/FAU-representantane i barnehagen, og ev. vararepresentantane og tillitsvalde
  • barnehageeigaren
  • eventuelt andre inviterte, som spesialpedagog, PPT med fleire

Rommet for rapportframlegging bør vera eit anna enn pauserommet og ha god plass til alle, både dei rapporten skal presenterast for og vurderarane. Rommet må ha projektor.

Førebu styraren på rapportframlegginga

Det er ein fordel om styraren får rapporten som pdf-fil på e-post for å lesa gjennom han så snart vurderarane er ferdige med å skriva rapporten. Ein til to timar før rapportframlegging går vurderarane gjennom rapporten med styraren, som kan velja å ha med seg andre frå leiargruppa til denne gjennomgangen. Styraren har fått informasjon frå vurderarane etter kvar dag, så ferdig rapport bør ikkje koma som noka overrasking.

Målet med å gå gjennom rapporten med styraren før dei andre, er at styraren skal kunna retta opp konkrete faktafeil, stilla spørsmål til innhaldet, og både praktisk og mentalt vera førebudd på å møta personalet sine reaksjonar.

Styraren skal òg ha litt tid til å førebu seg på å seia noko etter rapportframlegginga med mål om å etablera drivkrefter for arbeidet med kvalitetsutviklinga etter den eksterne vurderinga. Med andre ord skal styraren arbeida for å få ei personalgruppe som har forståing for at endring er nødvendig, og vilje, lyst og motivasjon til å gjennomføra endringar.

Framlegging av rapporten

Som støtte for vurderarane når dei skal legga fram rapporten, kan dei lage ein PowerPoint-presentasjon som gjer kort greie for korleis rapporten er bygd opp istadenfor å visa heile rapporten. Målet med framlegginga er å gi leiinga og personalet motivasjon til å ta for seg rapporten og lesa detaljar. Dette kan òg medverka til at vurderarane må tenka nøye gjennom analysar, refleksjonar og vurderingar dei har gjort for å kunna formulera seg kort og meiningsfullt. 

Personalet er ofte svært spente på resultatet og ofte mest opptatt av utviklingsområda. Erfaring viser at det er viktig å innleia framlegginga av rapporten med kva som er målet med den eksterne vurderinga, nemleg igangsetting av eit lokalt utviklingsarbeid. Deretter går vurderarane direkte til resultatet av vurderinga dei har gjort. Ein av vurderarane legg fram barnehagen sine sterke sider, medan den andre legg fram barnehagen sine utviklingsområde. Det er viktig å minna personalet på å reflektera over barnehagen sine sterke sider. Korleis dei kan nytta desse sidene, kan vera springbrettet for å koma i gang med refleksjonar rundt utviklingsområda og tiltaks- og handlingsplanen for kvalitetsutvikling i barnehagen.

Ein idé til tydeleggjering kan vera å setta inn eit par bilde i presentasjonen som viser praksis. Det kan medverka til lyst, motivasjon og mot til å setta i verk utviklingsarbeidet

Tid til spørsmål og kommentarar

Til vanleg kjem ikkje innhaldet i rapporten som eit sjokk på personalet sidan dei har gitt mykje av informasjonen sjølve, men det er viktig å vera merksam på at det kan vera sprik i tolkinga av pedagogisk praksis og dei tilsette sitt syn på kvalitet. Det bør difor settast av noko tid til oppklarande spørsmål og eventuelle kommentarar. Erfaring viser at særleg utviklingsområde som handlar om barnehagen som lærande organisasjon, kan skapa spørsmål og kommentarar. Dette handlar ofte om at barnehagen ikkje har felles pedagogisk praksis, og kvaliteten varierer gjerne frå avdeling til avdeling eller frå person til person. Kommentarane kjem ofte frå tilsette som meiner eigen praksis er god. Dei hevdar gjerne at vurderarane ikkje har observert nok sidan dei ikkje har sett dette, og sidan dette teiknet er med som utviklingsområde. I slike tilfelle har vurderarane, eventuelt styraren, god mogelegheit til å forklara at det er ein del av observasjonane og dermed av grunnlaget for at det har vorte eit utviklingsområde, og kvifor dei vurderer det slik.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!