Trinn 4 i ekstern barnehagevurdering – analysera og gjera vurdering

Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har samla inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka. Dei samanheld informasjonen med det valde framtidsbildet og ser etter mønster.

Vurderingsprosessen undervegs i vurderingsveka

Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har samla inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka. Dei samanstiller og ser etter mønster i informasjonen, og held han opp mot framtidsbildet med teikn på god praksis. 

Mellom dei ulike intervjua og observasjonane drøfter vurderarane.

  • Kva såg me?
  • Kva høyrde me?
  • Kva område, kvalitetsmål og teikn på god praksis er godt dekkte?
  • Kva treng me å vita meir om?

Etter kvar dag i barnehagen er det nyttig å gå gjennom teikn på god praksis og drøfta korleis informasjonen fargar framtidsbildet så langt.

  • Kva har me tydeleg sett av god praksis
  • Kva er me usikre på?
  • Kva for område ser det ut til at barnehagen har utfordringar med?

Eksempel på drøftingsskjema (docx)

Refleksjonar og analysar baserte på fagleg forankring og formelle teoriar

Det er viktig at vurderinga bygger på fakta frå den totale informasjonen som er samla inn i vurderingsprosessen. Vurderarane må heile tida vera på vakt mot å gjera vurderingar ut frå eigne erfaringar, intuitive meiningar og tolkingar. Den eksterne vurderinga skal medverka til kunnskapsutvikling i barnehagen. Det krev kritiske refleksjonar og analysar baserte på fagleg forankring og formelle teoriar, ikkje eigne erfaringar.

Dokumentasjon av analysearbeidet vert gjord ved at vurderarane viser til kjeldene

  • Dette seier barnehagelova og rammeplanen for barnehagen
  • Dette har barnehagen scora på Ståstadsanalysen
  • Dette seier barna
  • Dette seier personalet
  • Dette seier foreldra
  • Dette har vurderarane observert
  • Dette står i barnehagen sine dokument
  • Dette står i eigaren sine overordna planar

Dag fire

Dag fire er den siste dagen i vurderingsveka, og denne dagen vert nytta til å skriva rapport. Etter at barnehagen er stengd, legg vurderarane fram rapporten. Dette vert beskreve i trinn fem.

Rapportskriving

Etter at vurderarane har reflektert over, drøfta og analysert det innsamla materialet og halde det opp mot framtidsbildet, fordeler vurderarane skrivearbeidet. Det er viktig at rapporten er overkomeleg. Målet er å trekka fram fire sterke sider og fire utviklingsområde. Ofte skriv den eine om sterke sider medan den andre skriv om utviklingsområdet. Resultata frå vurderinga skal skrivast i ein rapport med fastsett mal. I tillegg skal Power Point-presentasjonen ferdigstillast.

Rapportmal (docx)

Innhald i rapporten - barnehagen skal ha tilbakemelding på framtidsbildet

Vurderarane skal velja ut teikn på god praksis der det er tydelege funn via observasjonar, samtalar, dokument og undersøkingar – og dokumentera og grunngi dei.

Bruk gjerne framtidsbildet og merk teikn på god praksis med fargekodesystemet grøn, gul og raud frå Ståstadsanalysen (eventuelt berre raud og grøn: raud er utviklingsområde og grøn sterke sider). Dette kan gjerast ved å farga teksten som er notert i samtaleskjemaet og observasjonsnotatet, men ein kan òg nytta eigne skjema for strukturering av data.

  • Grøn: praksis er tilfredsstillande
  • Gul: praksis må betrast
  • Raud: praksis må endrast

Når endelege konklusjonar skal gjerast, må vurderarane ha tilgang til all informasjon som er henta inn før og i løpet av vurderingsveka. Det er ein fordel å ha informasjonen framfor seg i papirform. På den måten kan ein ta notat i dokumenta eller sjå notat som ein har gjort tidlegare, og ein kan sjå fleire dokument samstundes.

Innhald i rapporten - sterke sider

Rapporten byrjar med omtale av barnehagen sine sterke sider. Det kan setta i gang viktige refleksjonar hjå personalet: Kvifor og korleis har dette utvikla seg til sterke sider? Dette kan vera eit godt grunnlag for refleksjonar rundt utviklingsområda og etter kvart rundt utviklinga av handlingsplan og tiltak for det interne utviklingsarbeidet etter den eksterne vurderinga.

For at eit teikn på god praksis skal vera ei sterk side, må funna frå alle informasjonskjeldene samsvara: observasjonar, samtalar, dokument og undersøkingar.

Innhald i rapporten - utviklingsområda, praksis som kan verta betre

For praksis som kan verta betre, skal vurderarane visa til kva som kan verta betre. Utviklingsområda kan ha utgangspunkt i god praksis som er sett, og som kan utviklast til å gjelda heile barnehagen. Løysinga på korleis og kva som må til for å få til utvikling, kan vera mange og krev involvering, forankring, forplikting og oppfylging over tid. Vurderarane kjem difor ikkje med forslag til korleis barnehagen skal gripa fatt i utviklingsarbeidet, men dei bør stilla refleksjonsspørsmål for å hjelpa barnehagen i gang med prosessen. Det er styraren i samarbeid med eigaren som har ansvar for utviklingsarbeidet etter den eksterne vurderinga. Målet med utviklingsarbeidet er endring i praksis. Endring skjer ikkje momentant, men krev medviten og målretta leiing.

Stabiliser og ta vare på dei sterke sidene! Fortset å utvikla det barnehagen alt er god på. Den beste kvalitetsutviklinga skjer nødvendigvis ikkje ved å øva på dei største utfordringane!

Merknadar til rapport

For at eit teikn på god praksis skal vera ei sterk side, må funna frå alle informasjonskjeldene samsvara: observasjonar, samtalar, dokument og undersøkingar. Framtidsbildet med teikn på god praksis kan med fordel merkast med fargekodesystemet grøn, gul og raud frå Ståstadsanalysen i vurderingsprosessen, men det skal ikkje vera fargekodar i rapporten. Rapporten er offentleg, og vert levert til styraren og barnehageeigaren ved framlegging av rapporten, etter at barnehagen er stengd den fjerde og siste dagen i vurderingsveka. I tillegg legg ein ut rapporten offentleg på nettsida til barnehagen, barnehageeigaren eller regionen. Rapporten vert dokumentert ut frå dei ulike informasjonskjeldene: «barna sa...», «foreldra sa...», «personalet sa ...», «vurderarane observerte at...» Samtaleskjema skal ligga som vedlegg, men dei skal ikkje vera utfylte i rapporten.

Formålet med rapporten er at han skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen etter den eksterne vurderinga. Dersom barnehagen har mange sterke sider, er det ikkje eit problem å ta dei med i rapporten, men rapporten bør ikkje omtala meir enn fire utviklingsområde, altså teikn på praksis som kan verta betre. Erfaring viser at for mange utviklingsområde kan føra til at barnehagen vert handlingslamma. Det er lite motiverande og kan gjera det vanskeleg å vita kor ein skal begynna. Vurderarane må difor gjera ei grundig vurdering og velja teikn som er vesentlege for kvalitetsutvikling i retning av måla i framtidsbildet og for barnehagen som lærande organisasjon.

Vurderarane bør òg tenka på ei blanding av kortsiktige og langsiktige verkemiddel, noko som gir resultat innanfor ein kort tidsperiode, og noko som gir meir langsiktige resultat og har effekt på kulturen i barnehagen. Kortreiste resultat eller «lågt hengande frukter» kan gi leiinga og dei tilsette motivasjon og vilje til å fylgja opp langsiktige verkemiddel som krev kontinuerleg arbeid over tid. Dette aukar altså sjansen for iverksetting av utviklingsarbeid og kvalitetsutvikling i barnehagen.

Avgrensinga av utviklingsområde medfører ofte at det er teikn som ikkje vert omtalte i rapporten. Dette bør nemnast og grunngivast med kvifor nettopp dette utvalet er gjort, og kvifor dei andre teikna ikkje vert omtalte.

I rapporten kan vurderarane gjera barnehagen merksam på at dei sterke sidene kan nyttast i arbeidet med utviklingsområda. Det barnehagen er god på, kan òg kanskje nyttast og utviklast i arbeidet med kvalitetsutviklinga i tida framover.

Det kan vera sprik i personalet, til dømes mellom leiinga og andre tilsette, i tolking og oppfatning av pedagogisk praksis, verdiar og synet på kvalitet. Dette handlar om barnehagen som lærande organisasjon, felles visjonar, mål, gruppelæring og deling av god praksis. Ekstern vurdering kan medverka til ei felles erkjenning av at det er behov for å endra praksis i barnehagen.

Rapporten skal bidra til å utvikla barnehagen til ein lærande organisasjon og sikra samanhengen mellom pedagogisk praksis og heilskapleg barnehageutvikling.

Bruk av foto

Bruk av foto som pedagogisk dokumentasjon i rapporten kan vera nyttig og estetisk fint, men det er viktig å ha fokus på innhaldet i rapporten og ikkje bruka opp tida på dette. Dersom de vel å bruka foto som pedagogisk dokumentasjon, er det viktig å gjera det i samsvar med personvernlova og datatilsynet sine råd om bruk av bilde av barn og unge.

Tema barn, unge og skole (Datatilsynet)

Bilder av barn på nett (Datatilsynet)

Personvern (Lovdata)

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!