Trinn 3 i ekstern barnehagevurdering – innhenta og strukturera informasjon

Vurderarane samlar inn informasjon før vurderingsveka og i løpet av verderingsveka. Tyngdepunktet i barnehagevurderinga er vurderingsveka, tre til fire dagar med intervjuar og observasjonar.

Med utgangspunkt i det godkjende framtidsbildet, kvalitetsmål og teikn på god praksis, er neste trinn å planlegga og gjennomføra innhenting av data og informasjon.

Døme på tidsplan for arbeidet i vurderingsveka (docx)

Det er viktig for vurderarane å tenka gjennom kva slags data og informasjon dei bør ha tilgang til for å belysa, reflektera over, analysera og beskriva status i barnehagen innanfor vurderingstemaet – både kvantitative og kvalitative forhold. Vurderarane må vera kritiske til kva for informasjon dei vil ha nytte av, og avgrensa materiellet til det som kan fortelja noko om vurderingstemaet.

Innhenting av informasjon kan delast i fire hovudområde

  1. Eksisterande informasjon i form av dokument
  2. Ståstadsanalysen
  3. Brukarundersøkingar blant barn, føresette/foreldre eller personalgruppa
  4. Innhenting av kvalitative data i vurderingsveka

Innhenting av informasjon går føre seg både før vurderingsveka og i vurderingsveka.

Datainnsamling, kvantitativ og kvalitativ metode

Den kvantitative metoden gir data som kan målast i tal. Metoden uttrykker analysematerialet i variablar og kvantitative storleikar, medan den kvalitative metoden seier noko om det kvalitative, som det ikkje er mogeleg å talfesta. Desse undersøkingsmetodane konkurrerer ikkje med kvarandre, men utfyller kvarandre.

I samband med ekstern barnehagevurdering vert begge desse metodane nytta – kvalitativ metode dominerer arbeidet, men kvantitativ metode vert nytta i til dømes spørjeskjema.

Innhenting av informasjon før vurderingsveka

All informasjon som fortel noko om vurderingstemaet, og som kan skaffast før vurderingsveka ved hjelp av eller i tillegg til Ståstadsanalysen, vil hjelpa vurderarane til å få eit innblikk i pedagogisk praksis, læringsmiljø, verkemåte, kvardag og arbeid i barnehagen i tilknyting til vurderingstemaet. Vurderarane legg inn alt dei kan av fakta i rapporten før vurderingsveka.

Tidlegast mogeleg i vurderingsprosessen tar vurderarane kontakt med styraren og ber om å få tilsendt aktuell informasjon.

Aktuell informasjon kan til dømes vera

Fakta om barnehagen

  • pedagogisk profil og eigartilhøve
  • kor barnehagen er plassert, adresse og miljø
  • satsingsområde
  • bakgrunn for val av vurderingstema
  • barnetal
  • tal på tilsette/stillingar og årsverk
  • administrasjonsressurs
  • organisasjonskart
  • instruksar, reglar og retningslinjer
  • organisering
  • dagsrytme

Aktuelle planar

  • barnehagen si pedagogiske plattform
  • årsplan
  • verksemdsplan
  • fagplanar, progresjonsplanar
  • månadsplanar, vekeplanar
  • månadsbrev eller annan pedagogisk dokumentasjon
  • møteplan
  • kompetanseplan

Resultat frå brukarundersøkingar

  • foreldreundersøkingar
  • medarbeidarundersøkingar
  • barnesamtalar
  • miljøkartlegging: læringsmiljøet, relasjonar, struktur, organisering og samspel
  • andre relevante undersøkingar

Rapportar

  • årsrapporten til eigaren
  • eventuelt andre aktuelle rapportar

Merknadar til innhenting av data før vurderingsveka

Dersom barnehagen har nettside, er det gunstig at vurderarane får mellombels tilgang til denne sida. Som regel ligg det mykje informasjon om barnehagen der, og vurderarane kan fylgja med på barnehagedrifta i vekene før dei kjem til barnehagen. Årsplan, månadsplanar, vekeplanar og månadsbrev for dei ulike avdelingane gir ofte svært god informasjon. Der er difor nyttig at vurderarane har tilgang til og les desse i vekene før dei kjem til barnehagen.

Innhenting av informasjon i vurderingsveka (dag ein til tre)

Vurderarane er vanlegvis i barnehagen fire dagar, ofte frå måndag til og med torsdag. Dei tre fyrste dagane vart nytta til innhenting av informasjon. I løpet av desse dagane skal dei prøva å få best mogeleg informasjon om barnehagen sin praksis i høve til vurderingstemaet.

Dag ein

Den fyrste dagen i barnehagen vert nytta til å oppretta kontakt med barn og tilsette, og til observasjon og uformelle samtalar. Når vurderarane kjem til barnehagen, vanlegvis måndag morgon, har dei møte med styraren før dei byrjar arbeidet. Det kan vera praktiske spørsmål som må avklarast eller friskast opp, og det kan ha oppstått ting som det kan vera greitt å orientera om.

Presentasjon på avdelingane

Fyrste dagen i vurderingsveka tar styraren med seg vurderarane på ein kort presentasjonsrunde til kvar gruppe. At vurderarane får helsa på barna og personalet før dei går i gang med arbeidet, er positivt for arbeidssituasjonen resten av veka. På denne måten får alle vita kven som går rundt i barnehagen, og kvifor. Barn og personale kan få stilt spørsmål og koma med innspel til vurderarane. Vurderarane formidlar at dei kjem til å dukka opp att i ulike samanhengar, og at barn og personale berre skal halda fram med det dei vanlegvis gjer.

Presentasjon i samlingsstunda

Vurderarane deltar i samlingsstunda med dei eldste barna, barna som skal delta i formelle samtalar. Vurderarane fortel

  • kven dei er
  • kva dei heiter
  • at dei vanlegvis jobbar i ein annan barnehage
  • kvifor dei er i denne barnehagen no
  • kva som skal skje her

Barn og personale presenterer seg, og alder er greitt å vita om barna. Personalet presenterer også kva for barn som skal delta i formelle samtalar med vurderarane. Dette gir vurderarane høve til å starta kontakten med barna.

Kontakt med tillitsvalde

Vurderarane bør ta kontakt med dei tillitsvalde heilt i starten av vurderingsveka og oppmoda dei til å kontakta vurderarane, dersom det oppstår spørsmål eller noko som er uklart for personalet.

Observasjon

Vert gjennomført kvar dag i vurderingsveka, sjå omtale for dag 3.

Samtale med personalet – personalmøte

Etter at barnehagen er stengd, har vurderarane møte med personalet. Erfaring viser at ved å gjennomføra personalmøtet fyrste dagen er dei tilsette meir tilgjengelege for uformelle samtalar dei andre dagane. Mange har fått skuldrene litt ned og viser seg meir i praksis med barna.

For at alle tilsette skal få høve til å delta, verta sett og høyrt, og for å frigi tid til observasjon, vert alle tilsette kalla inn til personalmøtet. Ein av vurderarane leier møtet, medan den andre skriv.

Møtet startar med at vurderarane presenterer seg, fortel kvifor dei er i barnehagen, kva som er vurderingsområdet, korleis barnehagen har kome fram til dette vurderingsområdet og målet med ekstern vurdering: internt utviklingsarbeid for å auka kvaliteten i barnehagen. Vurderarane går kort gjennom metodikken og korleis møtet er lagt opp, og informerer om at dei som vurderarar har teie- og informasjonsplikt. Før ein går i gang med samtalane, vert informantane orienterte om at det som vert skrive, berre skal nyttast til internt bruk for vurderarane som ein del av grunnlaget for rapporten. Rapporten er eit offentleg dokument.

Personalet har fått samtaleguide eller skjema med spørsmåla om lag ei veke på førehand for individuell refleksjon. På møtet vert personalet delt inn i grupper, mellom anna etter utdanning eller stilling. Vurderarane snakkar òg med styraren før møtet for å få informasjon om kven av dei tilsette som vanlegvis snakkar mykje, og kven som snakkar lite. Ut frå desse to kriteria deler vurderarane personalet inn i grupper der dei skal legga fram sine individuelle refleksjonar knytte til eit og eit teikn på god praksis. Deretter skal deltakarane i gruppa drøfta og reflektera over dei ulike innspela og koma fram til kva gruppa meiner om barnehagen sin praksis. Ein av deltakarane i gruppa får i oppgåve å skriva ned det gruppa kjem fram til, og legga fram gruppa sine innspel i plenum. Personalet får om lag ein time til drøfting i gruppa.

Vurderarane er tilgjengelege for spørsmål medan dei tilsette arbeider i grupper. Det kan òg vera lurt at vurderarane går litt rundt for å visa at dei er tilgjengelege. Dersom vurderarane opplever at ei gruppe sit litt fast, kan det vera lurt å stilla enkle spørsmål til gruppedeltakarane, til dømes «Kva oppleving har du av dette vurderingstemaet?» eller «Kva meiner du er det viktigaste barnehagen kan gjera for å koma nærmast mogeleg opp mot framtidsbildet?»

Vurderaren som leier møtet, byrjar med å la ei av gruppene presentera kva dei har kome fram til på det fyrste spørsmålet, teiknet på god praksis. Før ein går vidare til neste teikn, skal alle gruppene få høve til å legga fram for si gruppe. Dersom gruppene ikkje har noko å føya til det som alt er sagt, går ein vidare til neste teikn. Kva for gruppe som får presentera fyrst, bør rullera, og dette styrer vurderaren som leier møtet. Den andre vurderaren skriv ned det personalgruppene formidlar. Dette vert fortløpande presentert på projektor, slik at personalet kan kvalitetssikra det som vert skrive, og vurderarane kan vera sikre på at det var dette personalet sa.

Dag to

Den andre dagen byrjar dei formelle barnesamtalane

Før vurderingsveka har vurderarane laga eit samtaleskjema med utgangspunkt i framtidsbildet og teikn på god praksis, og dei tar berre med teikn som dei meiner at barna kan seia noko om. Samtaleguiden skal vera open for at barna kan nytta eigne ord om vurderingstemaet.

Vurderarane bør tenka gjennom korleis dei organiserer rommet, og korleis dei plasserer seg og barna før dei byrjar samtalane. Den eine vurderaren skriv ned samtalen på pc, medan den andre gjennomfører samtalen med barnet. Den som skriv, kan godt sitta litt i bakgrunnen, men vaksne og barn bør plasserast på same nivå.

Før ein går i gang med samtalen om vurderingstemaet, bruker vurderarane tid på å etablera kontakt med barnet der målet er å oppnå tillit. Vurderarane prøver å gi barnet oversikt og struktur ved å informera om kva som skal gå føre seg, og om rollene til dei som er i rommet. Deretter går vurderarane over til å introdusera temaet, det vurderarane vil vita noko om.

Når barnet har fått oversikt over temaet, hender det at barnet byrjar å fortelja. Då er det viktig at vurderarane lyttar til barnet og ikkje henger seg opp i om informasjonen kjem strukturert i tilknyting til teikn på god praksis eller samtaleskjemaet. Barna formidlar ofte meir i den frie forteljinga enn når vurderarane stiller spørsmål etter spørsmål.

Det vil variera i kor stor grad dei barna som vurderarane møter i barnesamtalen, er tilgjengelege for ein samtale. Dette er avhengig av barna sine relasjonserfaringar, tilknyting og tillit. Nokre barn har erfaring med trygge tilknytingspersonar og samtale med vaksne, andre ikkje. Barn har variert språkutvikling, ordbruk og erfaring med å uttrykka seg om sin situasjon. Barna si evne til å ha tillit til og stola på andre menneske betyr mykje når det gjeld barn sine føresetnadar for å etablera relasjon i ein samtalesituasjon. Uavhengig av barna sine føresetnadar for å delta i ein samtalesituasjon er det viktig at barna får høve til å kommunisera sine erfaringar om vurderingstemaet. Barna si stemme er viktig for å kunna vurdera kvaliteten i barnehagen, kva som er barnehagen sine sterke sider, og kva som er utviklingsområde. Det handlar om å ta samtalesituasjonen og din samtale- og relasjonskompetanse som vaksen alvorleg. Barn ned til fireårsalderen kan formidla seg presist og detaljert når dei møter godt kvalifiserte vaksne som samtalepartnar. Nokre barn er ikkje i stand til å fortelja, og då er det viktig at dei eksterne vurderarane aksepterer det, men likevel takkar for hjelpa og tilbyr å fylgja barnet attende til gruppa.

Samtalar med barn, og barn som informantar, gir etiske utfordringar og dilemma som krev medvitne og kvalifiserte vurderingar og refleksjonar. Barn som informantar er sårbare med deira avgrensa føresetnadar for å vurdera og reflektera over konsekvensar, og kva som vil vera det beste over tid – barn er ofte her og no.

Fri forteljing

Nytt ope spørsmål, fortel meg om ..., men ha alltid med spørsmålsguide, og nytt observasjonar som er gjorde på førehand. Desse skal likevel vera spissa mot temaet. La barna fortelja si forståing av ulike omgrep knytt til temaet, til dømes medverknad. "Fortel meg om ..."Merk deg nøkkelord i barna si forteljing.

Vurderarane må sikra seg at barna fortel om temaet innafor alle dei tre innhaldsnivåa.

  • Kontekst: Kvar, kven, når
  • Handling: Kva skjedde, korleis
  • Oppleving: Fortel korleis du har det då

Når barnet har fortalt, er det ein fordel å ta ein runde med utdjuping og avklaringar dersom det er nødvendig i tilknyting til teikn på god praksis. Dette er med på å sikra at det ikkje oppstår misforståing, eller at vurderarane sit att med utydeleg eller sjølvmotseiande innhald i notata.

Før vurderarane avsluttar samtalen, les dei høgt gjennom det som er skrive. På den måten kan barnet korrigera eventuelle misforståingar.

Samtale med foreldra

Barnehagen sin storleik avgjer kor mange foreldre som vert kalla inn til foreldremøte med vurderarane. I store barnehagar er det gjerne FAU, SU, vararepresentantane og eventuelt tillitsvalde for kvar avdeling som vert inviterte. I mindre barnehagar vert ofte alle foreldra inviterte.

Mal for innkalling til foreldremøte (docx)

Mal for presentasjon på foreldremøte (ppt)

Møtet er om kvelden etter at barnehagen er stengd. Styraren kallar inn til møtet og kan gjerne vera med for å ønskja foreldra velkomne og introdusera vurderarane, men må gå etterpå. Ingen av dei tilsette er med på møtet. Dersom det er tilsette som har dobbeltrolle, som tilsett og forelder, bør den andre av foreldra møta.

Foreldremøtet vert gjennomført på same måte som personalmøtet. Det startar med at vurderarane presenterer seg, fortel kvifor dei er i barnehagen, kva som er vurderingsområde/tema, korleis barnehagen har kome fram til dette vurderingstemaet, og målet med den eksterne vurderinga: setta barnehagen i gang med eit utviklingsarbeid for å auka kvaliteten i barnehagen. Vurderarane går kort gjennom metodikken og korleis møtet er lagt opp, og dei informerer om at dei som vurderarar har teie- og informasjonsplikt. Før ein går i gang med samtalane, vert informantane orienterte om at det som vert skrive, berre skal nyttast til internt bruk for vurderarane. Og da som ein del av grunnlaget for rapporten som er eit offentleg dokument. Ein av vurderarane leier møtet, medan den andre skriv.

Foreldra får samtaleskjemaet med relevante spørsmål ut får framtidsbildet med teikn på god praksis for individuell refleksjon minst ei veke før foreldremøtet. På møtet vert foreldra delte inn i grupper der dei får drøfta spørsmåla i ca. 30–45 minutt etter behov. I gruppa får foreldra legga fram sine individuelle refleksjonar, deretter drøfter og reflekterer gruppa saman. Ein av deltakarane i gruppa får i oppgåve å skriva ned det gruppa kjem fram til, og legga fram gruppa sine innspel i plenum etterpå.

I tillegg til spørsmåla knytte til framtidsbildet vert foreldra bedt om å kommentera fylgjande påstandar, dersom det er tid til det etter at dei har drøfta dei andre spørsmåla:

  1. Dette er sterke sider ved barnehagen 
  2. Dette kan barnehagen verta betre til
  3. Dette kan foreldra verta betre til

Tilbakemeldingane i plenum vert skrivne ned og vist på skjerm på same måte som på personalmøtet. Til slutt rullar vurderarane gjennom det som er skrive slik at foreldra kan koma med rettingar, og vurderarane kan vera sikre på at «dette sa foreldra».

Samtale med styrar, og eventuelt assisterande styrar

I store barnehagar der det er både styrar og assisterande styrar, kan det vera viktig å ha ein samtale med desse kvar for seg, mellom anna for å drøfte den einskilde si rolle.

I den formelle samtalen med styraren vert det viktig å få informasjon om styraren sin kjennskap til korleis barnehagen har jobba med vurderingstemaet fram til no, og korleis styraren får innsikt i arbeidet til dei ulike gruppene. Vidare skal styraren sitt syn på eiga rolla og på rollefordelinga i barnehagen avklarast. Det same gjeld for den formelle samtalen med assisterande styrar.

Samtalar med andre tilsette eller enkeltpersonar

Det er vurderingsområdet som avgjer om vurderarane skal kalla inn andre tilsette til intervju. Ved einskilde vurderingstema kan det vera aktuelt å ha samtalar med til dømes reingjeringspersonell, vaktmeister, tillitsvald, verneombod, PPT, spesialpedagog.

Det kan òg vera aktuelt å kalla inn assistentar eller fagarbeidarar til individuelle samtalar. Denne personalgruppa arbeider ofte mykje med barna, og med barn med spesielle behov. Dei har ofte svært god oversikt på mange område og er ofte nyttige informantar. Gjennom samtalen er det viktig å få informasjon om deira rolle i arbeidet med barna, samarbeidet med pedagogisk leiar og eventuelt spesialpedagog. Det er òg viktig å få informasjon om deira refleksjonar og haldningar til det daglege arbeidet knytt til vurderingstemaet.

Vurderarane må vera opne for samtalar dersom einskildpersonar ber om det.

Uformelle samtalar

Den uformelle samtalen som skjer mellom tilsette og vurderarane i løpet av dagen i barnehagen, skal ikkje undervurderast. Praten med personalet på avdelingane, ute, på pauserommet, spørsmål i garderoben – alt kan gi nyttig informasjon, og av og til kan spørsmål som dukkar opp, avklarast på denne måten. I tillegg er det kontaktskapande.

Tilsvarande kan vurderarane få nyttig informasjon frå føresette ved levering og henting av barn.

Uformelle samtalar med barna i naturlege situasjonar er like viktig som dei formelle samtalane. Ved å vera til stades og observera ulike situasjonar kan ein stilla spørsmål knytte til vurderingstemaet når barna er opptatt av temaet. Dersom eit av teikna på god praksis handlar om reglar, og ein høyrer at barn snakkar om kva som er lov og ikkje lov, kva som er reglane, kan vurderarane nytta høvet til å få barna til å fortelja om reglane i barnehagen. Det same kan ein gjera uansett tema - om språkstimulering, vaksenrolla i leik, medverknad, deltaking i vaksenstyrte aktivitetar, osv. På den måten kan ein møta barna der dei er og få spontane svar.

Dag tre

Dag tre er siste dagen vurderarane samlar inn informasjon i barnehagen. Dagen vert prioritert til observasjonar og til å sikra god nok bakgrunn for endelege konklusjonar. Det er viktig at vurderarane har klart for seg om det er noko dei treng å vita meir om, og eventuelt undersøker dette denne dagen.

Når vurderarane går frå barnehagen, byrjar det endelege arbeidet med å reflektera over, drøfta, analysera og vurdera alt materialet opp mot framtidsbildet. Vurderarane fordeler arbeidet og kan byrja å skriva rapport.

Observasjon

Vurderarane samlar inn data på ulike måtar, men observasjon er ein viktig metode i arbeidet med å samla inn og tolka materialet for å gjera ei vurdering av kvaliteten i barnehagen. Dei pedagogiske prinsippa barnehagen bygger på, legg vekt på omsorg, danning, utvikling, leik og læring i samhandling, relasjonar mellom barn, og mellom barn og tilsette. Dette krev at vurderarane set av tid til observasjon, samhandling, relasjon, refleksjon og kommunikasjon i barnehagekvardagen.

Det ideelle er at vurderarane får gå fritt rundt på alle avdelingane for å observera i korte eller lengre periodar. Dei må på førehand få oversikt over dagsrytmen og aktivitetsplanar for dagane dei er i barnehagen. Leiinga i barnehagen bør tenka over kva for aktivitetar dei legg opp til desse dagane, slik at det ligg til rette for at vurderarane får observert aktivitetar knytte til vurderingstemaet. Avdelingane bør til dømes ikkje planlegga heile turdagar og vera vekke frå barnehagen dersom vurderingstemaet er vaksenrolla i leik inne eller på uteområdet i barnehagen.

Observasjonar kan gå føre seg inne, ute eller på turar. Det er vurderingstemaet og barnehagen sin verkemåte som avgjer kva som er relevant. Ulike tema krev observasjon av ulike sider ved barnehagekvardagen. For å få med seg mest mogeleg av innhaldet i barnehagen deler vurderarane seg for å observere ulike avdelingar, grupper og aktivitetar. Dei bør før vurderingsveka drøfta, gjerne saman med styraren, kva for observasjonar som er viktige i tilknyting til vurderingstemaet og barnehagen sin praksis. Nokre gongar kan det vera nyttig å laga seg eit observasjonsskjema, andre gongar er det nok å ha med seg framtidsbildet der ein har laga plass for notat ved kvart teikn på god praksis. Uansett er det viktig at vurderarane noterer det dei ser og høyrer, sidan dette er dokumentasjon som må hentast fram når rapporten skal skrivast.

Observasjon kan gjerast både i formelle og uformelle aktivitetar. I formelle aktivitetar kan det vera aktuelt å observera start, gjennomføring og avslutning av aktiviteten, presentasjon av aktiviteten, målet med aktiviteten, barna sin medverknad i prosessen, involvering av barna, arbeidsformer, tilrettelegging, organisering, samarbeid, relasjonar, samspel, pedagogisk dokumentasjon, bruk av tid, rom og materiell, osv.

I uformelle aktivitetar kan det vera aktuelt å observera vaksenrolla som støttande stillas for barna, korleis ressursane vert nytta til å legga til rette, støtta, utvikla og dokumentera det pedagogiske innhaldet, osv.

Vurderarane kan òg sjå etter

  • kva for metodar og materiell som vert nytta
  • korleis barnehagen planlegg det pedagogiske innhaldet (er det fokus på metodar, organisering, aktivitetar, det pedagogiske innhaldet eller ein kombinasjon?)
  • kva barnehagen legg vekt på i sin dokumentasjon (krev samtykke)
  • kva som heng på veggane - dekorasjon eller pedagogisk dokumentasjon? 
  • korleis romma er organiserte
  • korleis rom og organisering stimulerer til trivsel, leik, læring og utvikling
  • om det fysiske miljøet er lagt til rette for at barna skal lukkast i samhandling med andre
  • korleis læringsmiljøet er på uteleikeplassen
  • korleis barna samhandlar ute, om alle barna med i leik
  • om uteområdet er lagt til rette for variert leik og ulike interesser
  • kva vaksenrolla er ute

Når vurderarane har sikra at dei har felles forståing av kva det er viktig å observera, kan dei ein og ein gå på observasjonsrunde. Nokre gongar er det viktig å vera til stades gjennom heile aktivteten, andre gongar er det nok å vera innom ei stund. Oppstart, avslutning og overgangar er ofte viktige å få med seg.

Erfaring og forsking viser at dei tilsette ønskjer å verta sett, og dei legg observasjonstida til grunn for om dei opplever vurderingsrapporten som truverdig. Forsking viser også at det er breidda i datatilfanget som gir metodikken legitimitet. For vurderarane er det viktig å legga vekt på observasjon, men også dei andre kjeldene for datainnsamling. 

Merknadar til innhenting av data

Oppsummering av dagen, og førebu neste dag

Kvar dag etter informasjonsinnhenting reflekterer vurderarane over informasjonen dei har fått, og speglar den opp mot teikn på god praksis i framtidsbildet

Gjennomføring av samtalar

I sjølve samtalen kan vurderarane utdjupa spørsmåla, og på grunnlag av observasjon kan det vera nødvendig å stilla andre eller oppklarande spørsmål. Det kan òg vera grunnlag for å utelata spørsmål dersom ein alt har fått nok informasjon.

Kvar dag har vurderarane samtale med styraren

Styraren skal leia utviklingsarbeidet etter at den eksterne vurderinga er gjennomført. Difor avsluttar vurderarne arbeidet i barnehagen kvar dag med eit oppsummeringsmøte med styraren og ev. den/dei styraren ønskjer å ha med seg. På dette møtet vert styraren informert om kva vurderarane har sett og høyrt så langt. Styraren får høve til å koma med innspel til vurderarane og førebu seg på innhaldet i rapporten. Dette kan gi leiinga eit godt utgangspunkt for å leia utviklingsarbeidet når vurderarane har reist.

Tidsplan for samtalar

Dersom vurderarane skal gennomføra samtalar med enkeltpersonar, assisterande styrar og andre tilsette i tillegg til personalgruppa, foreldra, barna og styraren, må vurderarane reflektera over og setta opp ein gjennomtenkt tidsplan for dette. Det er ikkje plass til alle desse samtalane på dagtid den andre dagen. Denne dagen har hovudfokus på barnesamtalar.

Observasjon

Dag tre vert prioritert til observasjonar, men observasjonar vert gjennomførte kvar dag vurderarane er i barnehagen.

Referansar

Referansar til vidare lesing om datainnsamling, kvalitativ og kvantitativ metode

Befring Edvard, Forskingsmetode, etikk og statesikk, Det Norske Samlaget 2002

Referansar til vidare lesing om profesjonelle barnesamtalar

Gamst Kari Trøften, Profesjonelle barnesamtaler Å ta barn på alvor, Universitetsforlaget 2011

Referansar til vidare lesing om observasjon

Gjøsund Peik og Husbeby Roar, I fokus - Observasjonsarbeid i barnehagen, NKS-Forlaget 2000

Løkken Gunvor og Søbstad Frode, Observasjon og intervju i barnehagen, Universitetsforlaget 2006

Referansar til vidare lesing om leiing og endringsarbeid

Gotvassli Kjell-Åge, Boka om ledelse i barnehagen, Universitetsforlaget 2013

Jacobsen Dag Ingvar, Organisasjonsendringer og endringsledelse, 2. utgave, Fagbokforlaget 2012

Strand Torodd, Ledelse, organisasjon og kultur, 3.opplag, Fagbokforlaget 2012

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!