Trinn 2 i ekstern barnehagevurdering – laga framtidsbilde

Vurderarane «skreddarsyr» eit framtidsbilde til kvar barnehage. Framtidsbildet er utgangspunktet for barnehagevurderinga og beskriv ønskt situasjon innan vurderingstemaet ut frå lov om barnehage, forskrifter og fagleg, pedagogisk kunnskap. 

Framtidsbildet legg vekt på løysingsorientering og involverer mange til å tenka positivt rundt korleis praksis skal vera. Det vert laga ut frå barnehagen sin ståstad.

Framtidsbildet består av

1. Kvalitetsmål

Det skal vera fire kvalitetsmål i eit framtidsbilde som til samen gjer fire perspektiv:

  • barneperspektivet
  • personalperspektivet
  • foreldreperspektivet
  • barnehagen som lærande organisasjon

2. Teikn på god praksis

Her bryt ein ned kvart kvalitetsmål til maks fire teikn på god praksis. Teikna skal vera positivt ladde og så konkrete at det er mogeleg å svara ja eller nei på om det er slik i barnehagen i dag. Det skal òg vera mogeleg å observera eller få informasjon om frå andre kilder.

Ein viktig funksjon ved framtidsbildet er å konkretisera overordna visjon, mål og omgrep som elles ofte vert opplevde som abstrakte og lite forpliktande. Teikn på god praksis vert forma som påstandar, og dei skal og ta utgangspunkt i nasjonale føringar i barnehagelova og rammeplanen for barnehage. Ein kan òg nytta påstandar frå Ståstadsanalysen, sidan desse er henta frå rammeplanen.

Når ein bryt ned kvalitetsmåla til teikn på god praksis, er det vitig å ta omsyn til barnehagen sin ståstad, lokal tilpassing og barnehagen sin profil.

Utforming av framtidsbildet

Vurderarane eller barnehagen startar prosessen med å utvikla framtidsbildet så snart som mogeleg etter at barnehagen har valt vurderingstema. Det er vurderarane som avgjer den endelege utforminga av framtidsbilde.

Alternativ 1 – vurderarane lagar framtidsbildet

Etter at vurderarane har utvikla framtidsbildet, skal det sendast til barnehagen. Styraren har ansvar for å få deltakarane, tilsette, eigaren og foreldra aktivt med på refleksjonar og grundig drøfting av framtidsbildet. Det vil auka forankringa og gi alle høve til å førebu seg til vurderingsveka.

Barnehagen får inntil to veker til å drøfta framtidsbildet. Deretter sender styraren tilbakemelding til vurderarane om framtidsbildet er godkjent som det er, eller om barnehagen ønskjer justeringar. Dersom barnehagen foreslår språkjusteringar som gjer framtidsbildet meir forståeleg for dei tilsette, bør det som hovudregel godkjennast. Det same gjeld dersom barnehagen ønskjer å ha med eit ekstra teikn på god praksis.

Ikkje alle innspel til endring frå barnehagen vert godkjende utan vidare. Det kan vera forankring i lovverket eller faglege grunnar til at eit bestemt kvalitetsmål eller teikn på god praksis bør eller ikkje bør vera med.

Etter at barnehagen har uttalt seg, lagar vurderarane den endelege utgåva av framtidsbildet og sender det til barnehagen.

Alternativ 2 – barnehagen lagar framtidsbildet

Styraren har ansvar for å få tilsette aktivt med i prosessen med å utvikla framtidsbildet, og å legga framtidsbildet fram for foreldra til drøfting, refleksjon og eventuelle innspel. Barnehagen får inntil to veker til å laga framtidsbildet.

Når framlegget til framtidsbildet er ferdig, skal styraren senda utkastet til vurderarane. Dei vil vurdera om framtidsbildet har forankring i lovverket, og kan gjera justeringar. Barnehagen vert informert om eventuelle justeringar eller endringar, og endeleg utkast vert sendt til barnehagen. Styraren formidlar det endelege framtidsbildet til dei involverte partane.

Spørsmål til refleksjon og drøfting i personalgruppa

  • Er dette eit bilde av ønskt framtid for vår barnehage?
  • Er det område som personalet saknar?
  • Er det noko de meiner at vurderarane har tatt ut av samanhengen?
  • Kva seier barnehagelova og rammeplanen for barnehage om temaet?
  • Kva for fire kvalitetsmål vil de prioritera i dette framtidsbildet?
  • Korleis kan de bryta ned kvart kvalitetsmål til fire teikn på god praksis – kva seier lovgrunnlaget, forskrifter, lokale planar og føringar?
  • Korleis vil de ta i vare barnehagen sin profil?

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!