Trinn 1 i ekstern barnehagevurdering - velja tema for vurdering

Barnehagen skal velja tema for vurdering ut frå resultata av gjennomført Ståstadsanalyse. Barnehageeigaren og representantar frå foreldra bør vera med i drøftingane rundt val av tema.

Gjennomfør ståstadsanalysen

Barnehagen skal gjennomføra Ståstadsanalysen i god tid før den eksterne barnehagevurderinga, omlag fire til seks månadar før. Når Ståstadsanalysen er ferdig utfylt, lastar styraren ned resultata og kommentarane i ein rapport og sender han på e-post til dei eksterne vurderarane. Vurderingstema vil koma fram i den siste drøftingsdelen av Ståstadsanalysen.

Ståstadsanalysen for barnehage

Involver alle dei tilsette

Det er viktig at leiaren i barnehagen involverer alle dei tilsette, bruker nok tid og ressursar på dette arbeidet og skaper gode prosessar. Det kan ein få ved å drøfta og reflektera saman med personalet i alle fasane i Ståstadsanalysen. Styraren si oppgåve er å motivera dei tilsette, få dei til å sjå at endring er nødvendig og utvikla eit ønskje om oppnå endring.

Teori og erfaring viser at styraren i dei barnehagane som lukkast best

  • er positivt innstilt
  • står fram som drivkraft i arbeidet
  • legg til rette for brei deltaking i kartleggingsfasen
  • ser verdien av brei deltaking frå dei tilsette som jobbar på avdelingane med barna
  • lyttar til dei som ofte veit best kva som er dei sentrale problema og dei mest relevante løysingane
  • får fram eit nyansert bilde av organisasjonen

På den måten kan dei tilsette få eit eigarforhold til arbeidet, verta motiverte for endring, og verta den sentrale drivkrafta i kvalitetsutviklinga.

Vel eit tema der barnehagen har behov for utvikling

Ut frå sterke sider og utviklingsområde som kjem fram av denne analysen, vel barnehagen eit tema der dei ser at barnehagen har behov for utvikling.

Ikkje grip over for mykje på ein gong

Mange barnehagar vil mykje og har lett for å gripa over for mykje på ein gong. Vurderingstemaet må vera avgrensa, konkret og presist for å vera til hjelp i det praktiske arbeidet. Dersom barnehagen foreslår eit for stort eller for smalt tema, kontaktar vurderarane barnehagestyraren slik at dei kan justere temaet saman.

Moment for val av tema for vurdering

Tema må ha innverknad på det pedagogiske innhaldet og barna sitt læringsmiljø. Det kan vere

  • kvalitet i relasjonane
  • organiseringa
  • tilrettelegging av tid 
  • kvalitet i tilrettelegging av rom og materiell

Tema skal vera eit av barnehagen sine utviklingsområde, ikkje noko som barnehagen veit dei er gode på. Tema skal heller ikkje ha fokus på enkeltpersonar.

Sentralisert val av vurderingstema

Primært bør barnehagane velja tema ut får resultata av Ståstadsanalysen, men einskilde barnehageeigarar gjer sjølv eit val av vurderingstema i samband med nye satsingsområde. Då er det uansett viktig å gjennomføra Ståstadsanalysen for å ha kunnskap om barnehagens sin ståstad før ein går i gang med utviklingsarbeidet.

Når ein vel vurderingstema sentralt, er det spesielt viktig å gjera eit grundig forankringsarbeid, skapa forståing for at endring er nødvendig, syta for motivasjon, engasjement og lyst til å endra slik at personalet vert drivkrefter og ikkje motkrefter i utviklingsarbeidet.

Foreldremedverknad

Når personalet har gjennomført Ståstadsanalysen, bør foreldra informerast om resultatet av analysen, og få reell innverknad på val av tema. Det er lovfesta at foreldra skal trekkast med i vurderingsprosessar og ha høve til reell påverknad.

Døme på korleis foreldra kan trekkast med i arbeidet

Alle foreldra vert informerte om ekstern vurdering

  • på felles foreldremøte
  • på oppslag i garderobane
  • i e-post med møteinnkalling og saksliste

Foreldrerepresentantane i samarbeidsutvalet og tillitsvalde foreldre for kvar avdeling vert kalla inn til arbeidsmøte i lag med personalet. På møtet vert dei informerte om resultatet av Ståstadsanalysen, drøftar det og foreslår mål og tiltak for det vidare arbeidet i barnehagen. Gruppas forslag skal med i rapporten som skal sendas til dei eksterne vurderarane.

Referansar

Vidare lesing om brei deltaking og drivkrefter for å lukkast med prosessen og kvalitetsutviklinga:

  • Gotvassli Kjell-Åge, Boka om ledelse i barnehagen, Universitetsforlaget 2013
  • Jacobsen Dag Ingvar, Organisasjonsendringer og endringsledelse, 2. utgave, Fagbokforlaget 2012

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!