Kva er ekstern barnehagevurdering?

Ekstern barnehagevurdering er ein metode for å hjelpa barnehagen med å vurdera og vidareutvikla kvaliteten på tilbodet til barna i barnehagen. Metoden bidrar med eit eksternt blikk frå to «likemenn» og tar eit utgangspunkt i ståstadsanalysen for barnehage. Metoden for ekstern bernehagevurdering består av fem trinn.

Kvalitet i barnehagen

Ekstern barnehagevurdering er eit verkty for å støtta barnehagar i deira utviklingsarbeid.

Kvalitet i barnehagen

Fem trinn

  • Velja område for vurdering
  • Laga framtidsbilde
  • Innhenta og strukturera informasjon
  • Analysera og gjera vurdering
  • Spegla tilbake til barnehagen

Ved slutten av den eksterne barnehagevurderinga skjer det ei veksling. Det inneber at barnehageeigaren og styraren overtar ansvaret for å starta og gjennomføra eit utviklingsarbeid for å heva kvaliteten i barnehagen.

Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåvar ligg til grunn for ekstern barnehagevurdering. Metoden gir rom for at barnehageeigaren kan gjera lokale tilpassingar.

Se foredrag av Beret Bråten om ekstern barnehagevurdering

Verktøy for kvalitetsutvikling i barnehagen

Ekstern barnehagevurdering er eit verktøy for å vurdera og vidareutvikla kvaliteten på tilbodet for barna i barnehagen. Dersom den eksterne vurderinga skal vera føremålstenleg, er det difor avgjerande at vurderinga vert fylgd opp internt i barnehagen i etterkant.

Evaluering viser at barnehagane opplever at ekstern barnehagevurdering kan vera ein god måte å vurdere kvalitet i arbeidet, sjå evalueringsrapport om ekstern barnehagevurdering.

Evaluering viser òg at ekstern vurdering i stor grad medverkar til utvikling dersom vurderinga vert fylgd opp, sjå evalueringsrapport om ekstern skolevurdering.

Barnehagen vert vurdert ut frå eit framtidsbilde. Framtidsbildet skal visa korleis barnehagen ønsker at barnehagen skal vera. Den ønskte tilstanden skal bygga på rammeplanen.

I ekstern vurdering skal barna, føresette og heile personalgruppa innvolverast. Verktøyet skal bidra til refleksjon og drøfting av mål, innhald og oppgåver – og på kvaliteten på barnehagetilbodet.

Ekstern barnehagevurdering bidrar til eit eksternt blikk på kvaliteten i barnehagen med utgangspunkt i ein ståstadsanalyse, Vurderinga skal fylgjast opp med lokalt utviklingsarbeid i barnehagen.

I Rammeplan for barnehagens innhold og oppgåver, kapitel 7, er det ei beskriving av kvifor og korleis barnehagens praksis skal vurderast. «Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Vurderingsarbeidet skal byggje på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i.»

Kvifor det eksterne blikket?

Det eksterne blikket kan skapa debatt og refleksjon i barnehagen rundt måla, det pedagogiske innhaldet, barnehagen si prioritering av oppgåver, og kvaliteten vurdert opp mot barnehagelova og rammeplanen. Det eksterne blikket kan bryta med ein etablert kultur og gi barnehagen ny innsikt i eigen praksis. Det kan få tilsette til å sjå behovet for å endra praksis og motivera dei til å arbeida målretta med kvalitetsutvikling i eigen barnehage.

Det eksterne blikket kan òg støtta det barnehagen eller leiinga i barnehagen anar frå før, og på den måten hjelpa barnehagen til å prioritera og setta i gang eit målretta utviklingsarbeid. At ekstern vurdering peiker på tilhøve som er kjende frå før, er ikkje i seg sjølv negativt. Tvert imot kan det gi nødvendig framdrift til ein endringsprosess.

Ekstern vurdering kan peika på nye område der utvikling er nødvendig, i tillegg til å styrka barnehagen sitt eige verkelegheitsbilde.

Vurderarane sin kompetanse – likemannsprinsippet

Barnehagevurderinga vert gjennomført av «likemenn». Likemenn vil seia ein som har utdanning og erfaring med arbeid i barnehagen. Den eksterne vurderinga kan gjennomførast av for eksempel barnehagelærarar, styrarar eller pedagogiske leiarar. Barnehagevurderinga vert gjennomført av to eksterne vurderarar med brei erfaring og variert pedagogisk bakgrunn. Dei må vera reflekterande pedagogar med kunnskap om:

  • Barnehagelova med forskrift
  • Årsplan og anna planarbeid i barnehagen
  • Vurdering av barnehagens praksis
  • Barnehagen som organisasjon
  • Barnehagen som ein del av utdanningssystemet
  • Dei ulike trinna i ekstern vurdering
  • Metodar for datainnsamling og bruken av dei
  • Ståstadsanalysen for barnehage
  • Analyse, samanstilling av data og skriving av rapport
  • Legga frem rapport, kommunisera funn og gi tilbakemelding som grunnlag for å utvikla barnehagens praksis

Det er viktig å understreka at ekstern barnehagevurdering ikkje er eller skal pregast av kontroll eller tilsyn, men vera eit verkty for å vurdera barnehagen sin praksis.

I mindre kommunar med få barnehagar kan ein samarbeida med andre kommunar på tvers av kommunegrenser, slik at ein får eit eksternt blikk på barnehagens praksis.

Barnehagen som lærande organisasjon

Barnehagen som lærande organisasjon er eit viktig utgangspunkt for arbeidet med ekstern vurdering. Når barnehagens praksis skal vurderast ved bruk av ekstern barnehagevurdering, bør hele personalgruppa delta for å skapa engasjement og oppslutning om utviklinga.

I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, kapitel 2, er barnehagen presisert som ein lærande organisasjon.

«Barnehagen er ein lærande organisasjon der heile personalet skal reflektere rundt faglege og etiske problemstillingar, oppdatere seg og vere tydelege rollemodellar.»

«Barnehageeigaren og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i dei erfaringane og den kompetansen dei har.»

Utviklingsarbeid inneber endring av praksis og korleis personalgruppa jobbar saman. For å få til utvikling er det nødvendig å skapa kultur for læring.

Styraren er ein viktig pådrivar når det gjeld å utvikla barnehagen. I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, kapittel 2, står det blant anna at «Styraren leier og følgjer opp arbeidet med å planleggje, dokumentere, vurdere og utvikle innhaldet i og arbeidsmåtane til barnehagen og sørgjer for å involvere heile personalgruppa.»

Metodikken og hovudmålgruppa

Verktyet som vert presentert her, kan sjåast på som ein modell med mogelegheiter for lokale tilpassingar. Modellen er basert på ein metodikk utvikla og brukt over fleire år i Hardanger-/Voss-regionen. Etter kvart har andre regionar tatt i bruk metodikken, eller variantar av denne metodikken.

Metodikken er også revidert i tilknyting til

  • Utdanningsdirektoratet si utvikling av metodikken sidan han vart tatt bruk i skuleutviklingsprogrammet Kunnskapsløftet – frå ord til handling i 2006
  • evaluering av ordninga med ekstern skulevurdering gjennomført av Oxford Research AS i 2015
  • evaluering av ordninga med ekstern barnehagevurdering i regionar som har tatt i bruk metodikken, gjennomført av FAFO i 2016

Hovudmålgruppa for verktyet er barnehagepersonalet, barnehageeigarar og eksterne vurderarar.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!