Læreplan i samfunnsfag (SAF1-03)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Nye versjoner:
Samfunnsfag - SAF01-04
Samfunnskunnskap - SAK01-01

Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 21.06.2013

Gjelder fra: 2013-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2021-07-31T00:00:00 +2

Føremål

I eit demokratisk samfunn er verdiar som medverknad og likeverd viktige prinsipp. Sentralt i arbeidet med samfunnsfaget står forståing av og oppslutning om grunnleggjande menneskerettar, demokratiske verdiar og likestilling. Faget skal stimulere til og gje erfaring med aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking.

Menneska er prega av den kulturen dei veks opp i, og dette påverkar haldningar, kunnskapar og handlingar. Ei djupare forståing av forholdet mellom det personlege livet og samfunnslivet kan medverke til å erkjenne mangfaldet i samfunnsformer og levevis. I samfunnsfaget står forståing av likestilling og likeverd sentralt. I den samanhengen inngår kunnskap om kultur i Sápmi/Sábme/Saepmie og situasjonen til samane som urfolk. Kunnskap om andre urfolk og minoritetar i verda er òg viktig.

Som menneske inngår vi i ein historisk samanheng, og ei lang rekkje historiske hendingar har påverka utviklinga av samfunnet. I samfunnsfaget skal elevane lære om det kulturelle mangfaldet i verda i fortid og samtid, og lære seg å reflektere omkring det tradisjonelle og det moderne. Såleis skal faget medverke til medviten identitetsdanning og trygg forankring i eige samfunn og eigen kultur for alle elevar.

Som reflekterande og handlande individ og fellesskap kan menneska bidra til å forme seg sjølve, og både påverke og bli påverka av omgjevnadene sine. Som moralsk individ er mennesket ansvarleg for handlingane sine, også for handlingar som andre har teke initiativ til. Gjennom samfunnsfaget utviklar elevane medvit om korleis dei kan påverke det lokale og globale fellesskapet og sin eigen livssituasjon.

Kunnskap om samfunn og politikk har verdi i seg sjølv, og er samtidig ein føresetnad for demokratisk deltaking. Kunnskap om det politiske systemet i Noreg og i det internasjonale samfunnet gjer at ein blir medviten om at politikk er prega av samarbeid, konflikt, påverknad og bruk av makt i ulike former. Gjennom samfunnsfaget får elevane verktøy til å analysere og drøfte historiske og aktuelle samfunnsspørsmål, og til å identifisere og diskutere ulike maktrelasjonar.

For å oppnå berekraftig utvikling er det nødvendig å forstå forholdet mellom naturen og dei menneskeskapte omgjevnadene. Samfunnsfaget skal stimulere til auka medvit omkring samanhengar mellom produksjon og forbruk, og konsekvensar som ressursbruk og livsutfalding kan ha på natur, klima og ei berekraftig utvikling. Gjennom arbeid med faget vil elevane lettare forstå verdien av og utfordringar knytte til teknologi og entreprenørskap, og dei vil utvikle kunnskap om arbeidsliv og global, nasjonal og personleg økonomi.

Samfunnsfaget er delt inn i ulike hovudområde som utgjer ein heilskap. Faget skal fremje evna til å diskutere, resonnere og løyse problem i samfunnet ved å påverke lysta og evna til å søkje kunnskap om samfunn og kulturar. Gjennom kunnskap om samfunnet omkring seg blir elevane undrande og nysgjerrige og stimulerte til refleksjon og skapande arbeid. Slik kan den einskilde forstå seg sjølv og andre betre, meistre og påverke verda vi lever i, og bli motivert til ny innsikt og livslang læring.

Hovudområde

Samfunnsfaget er eit gjennomgåande fag i grunnopplæringa og eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast til dei ulike utdanningsprogramma.

Faget er strukturert i hovudområde med tilhøyrande kompetansemål. Alle hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng. Utforskaren er eit hovudområde som grip over og inn i dei andre hovudområda i faget, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

I grunnskolen omfattar samfunnsfag hovudområda utforskaren, samfunnskunnskap, geografi og historie.

I vidaregåande opplæring omfattar faget hovudområda utforskaren, individ, samfunn og kultur, arbeids- og næringsliv, politikk og demokrati og internasjonale forhold. Geografi og historie blir vidareførte som fellesfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Samfunnskunnskap blir integrert i kvart hovudområde.

I grunnskolen har samfunnsfag kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget.

I vidaregåande opplæring har samfunnsfag kompetansemål etter Vg1 i utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi.

I utdanningsprogram for studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag har samfunnsfag kompetansemål etter Vg2.

I yrkesfaglege utdanningsprogram og i utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama har samfunnsfag kompetansemål etter Vg2.

Oversikt over hovudområda:

Årssteg

Hovudområde

1.–10.

Utforskaren

Historie

Geografi

Samfunnskunnskap

Vg1/Vg2

Utforskaren

Individ, samfunn og kultur

Arbeids- og næringsliv

Politikk og demokrati

Internasjonale forhold

Utforskaren

Hovudområdet grip over i og inn i dei andre hovudområda i faget, og difor skal ein arbeide med kompetansemåla i utforskaren samtidig med at ein arbeider med mål frå andre hovudområde. Hovudområdet handlar om korleis ein byggjer opp samfunnsfagleg forståing gjennom nysgjerrigheit, undring og skapande aktivitetar. Å stimulere til kritisk vurdering av etablert og ny samfunnsfagleg kunnskap ved å bruke kjelder og kjeldekritikk er sentralt. Utforskaren omfattar òg formidling, diskusjon og utvikling av samfunnsfagleg kunnskap og kompetanse.

Historie

Hovudområdet dreier seg om å utvikle historisk oversikt og innsikt, og å undersøkje og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida, og korleis dette innverkar på notida. Å stimulere til kritisk og reflektert deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.

Geografi

Hovudområdet omfattar lokalisering og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda, og skal stimulere til forståing av korleis og kvifor dei påverkar kvarandre. Kartlegging og diskusjon av endringsprosessar står sentralt, saman med refleksjon omkring berekraftig utvikling. Geografi handlar òg om å bruke kart og gjere greie for og forklare likskapar og skilnader mellom land og by, mellom nasjonar og mellom regionar.

Samfunnskunnskap

Hovudområdet omfattar emna sosialisering, politikk, økonomi og kultur, og handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit samtidsperspektiv. Samspelet mellom kulturelle normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og val på den andre er sentralt i hovudområdet. Verdien av likestilling, medborgarskap og utvikling av demokratiske ferdigheiter er viktige dimensjonar i samfunnskunnskap.

Individ, samfunn og kultur

Hovudområdet omfattar sosialisering, personleg økonomi, fleirkulturelle samfunn, religionen si rolle i kulturen, samlivsformer og kriminalitet. Det handlar òg om likestilling, urfolk, etniske og nasjonale minoritetar, korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast, og kven og kva som påverkar ungdom i dag.

Arbeids- og næringsliv

Hovudområdet handlar om næringar, bedrifter, etablering, yrkesval og arbeidsløyse. Det dreier seg òg om organisasjonane i arbeidslivet og lønnsdanning, og om arbeidslivet i dag og dei prinsippa og verdiane det byggjer på.

Politikk og demokrati

Hovudområdet omfattar det politiske systemet på alle nivå og velferdsstaten. Det handlar om dei politiske partia og kva som kan truge demokratiet. I dette hovudområdet blir det òg lagt vekt på samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar.

Internasjonale forhold

Hovudområdet omfattar internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, konfliktløysing og fredsarbeid. Det handlar òg om globalisering, fordeling av ressursar, berekraftig utvikling og Noregs rolle som internasjonal aktør.

Timetal

Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt:

BARNESTEGET

1.-7. årssteget: 385 timar

UNGDOMSSTEGET

8.–10. årssteget: 249 timar (256 timar for dei som fullfører 10. årssteg våren 2014)

UTDANNINGSPROGRAM FOR STUDIESPESIALISERING – PROGRAMOMRÅDE FOR REALFAG OG PROGRAMOMRÅDE FOR SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI

Vg1: 84 timar

YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM, UTDANNINGSPROGRAM FOR MUSIKK, DANS OG DRAMA, UTDANNINGSPROGRAM FOR IDRETTSFAG, OG UTDANNINGSPROGRAM FOR STUDIESPESIALISERING – PROGRAMOMRÅDE FOR FORMGJEVINGSFAG

Vg2: 84 timar

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei er ein del av og medverkar til å utvikle kompetansen i faget. I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne forstå, beskrive, samanlikne og analysere kjelder og problemstillingar ved å bruke fakta, teoriar, definisjonar og fagomgrep i innlegg, presentasjonar og meiningsytringar. Munnlege ferdigheiter handlar òg om å lytte til, vurdere, gje respons på og vidareutvikle innspel frå andre. Utvikling av munnlege ferdigheiter i samfunnsfag går frå å lytte til og uttrykkje meiningar i enkle munnlege tekstar til å ytre seg med grunngjevne synsmåtar og lytte til andre med fagleg tryggleik. Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag blir oppøvde i ein prosess som begynner med refererande ytringar, ofte av personleg karakter, og blir utvikla til fagrelevante og fagspesifikke tankerekkjer med aukande grad av argumentasjon, drøfting og presis bruk av fagomgrep. Forståing for ulike syn, evne til perspektivtaking og evne til å uttrykkje usemje sakleg og med vørdnad for andre oppfatningar er òg ein del av munnlege ferdigheiter.

Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å kunne uttrykkje, grunngje og argumentere for standpunkt, og formidle og dele kunnskap skriftleg. Det inneber òg å samanlikne og drøfte årsaker, verknader og samanhengar. Vidare handlar det om å kunne vurdere verdiar i kjelder, hypotesar og modellar, og å kunne presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg. Evne til å vurdere og gjennomarbeide eigne tekstar er òg ein del av ferdigheita. Utvikling av skriveferdigheitene i samfunnsfag inneber gradvis oppøving, frå å formulere enkle faktasetningar og konkrete spørsmål, over evne til å kunne gje att og oppsummere tekstar, til å kunne formulere problemstillingar og strukturere drøftande tekst med bruk av kjeldetilvisingar. Oppøving i kritisk og variert kjeldebruk, i å kunne trekkje grunngjevne konklusjonar med aukande bruk av fagomgrep og stigande refleksjon omkring tema, er ein sentral del av prosessen.

Å kunne lese i samfunnsfag inneber å utforske, tolke og reflektere over faglege tekstar for å forstå eige og andre samfunn og andre tider, stader og menneske. Det inneber òg å kunne behandle og bruke informasjon frå bilete, film, teikningar, grafar, tabellar og kart, og å gjere målretta informasjonssøk, kritisk vurdering og medvitne val og bortval av kjelder. Utvikling av leseferdigheitene i samfunnsfag inneber gradvis oppøving, frå forståing av tekst og visuelle framstillingar, gjennom tolking og vurdering til utvikling av strategiar for kritisk kunnskapstileigning. Lesing for informasjonsinnhenting og kritisk lesing av kjelder tek til med å finne informasjon i enkle, tilrettelagde kjelder og å vurdere om informasjonen er nyttig. Seinare kjem oppøving av evna til å gjere eigne informasjonssøk, samanlikne informasjon frå ulike kjelder og kritisk vurdere deira relevans, truverd og formål.

Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne hente inn, arbeide med og vurdere taltilfang om faglege tema, og å framstille dette i tabellar, grafar og figurar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å bruke og samanlikne, analysere og presentere statistisk talmateriale som illustrerer utvikling og variasjon. Evna til å gjennomføre undersøkingar med teljing og rekning, bruke samfunnsfaglege databasar og kritisk tolke talmateriale er sentral. Det inneber òg å bruke målestokk, rekne med tid og bruke rekning til å forvalte pengebruk og personleg økonomi. Rekneferdigheitene blir gradvis oppøvde frå å finne og meistre strategiar for teljing, klassifisering, bruk og framstilling av data. Vidare blir evna til å samanfatte, samanlikne og tolke statistisk informasjon utvikla, og evna til analyse, kritisk bruk og vurdering av data. Arbeid med data som illustrerer utvikling og variasjon ved hjelp av statistiske mål, er sentralt.

Digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne bruke digitale ressursar til å utforske nettstader, søkje etter informasjon, utøve kjeldekritikk og velje ut relevant informasjon om samfunnsfaglege tema. Ferdigheitene omfattar òg å bruke digitale presentasjons- og samarbeidsverktøy til å utarbeide, presentere og publisere multimediale produkt. Digitale ferdigheiter vil vidare seie å kunne kommunisere og samarbeide digitalt om samfunnsfaglege tema, og å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, medrekna personvern og opphavsrett. Utvikling av digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å lære seg å bruke digitale verktøy og medium for å tileigne seg fagleg kunnskap, uttrykkje eigen kompetanse og forsterke faglege bodskapar. Digitale ferdigheiter i samfunnsfag blir oppøvde i ein prosess som begynner med å bruke digitale verktøy til å finne og gje att samfunnsfagleg innhald. Vidare blir evna til å bruke varierte søkjestrategiar utvikla, til å gjere kritiske val og til å uttrykkje fagleg refleksjon.

Kompetansemål

Kompetansemål etter 4. årssteget

Utforskaren

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei
  • finne og presentere informasjon om samfunnsfaglege tema frå tilrettelagde kjelder, også digitale, og vurdere om informasjonen er nyttig og påliteleg
  • bruke grunnleggjande nettvett i digital samhandling og ha kunnskap om reglar for personvern i digitale medium
  • bruke metodar for oppteljing og klassifisering i enkle samfunnsfaglege undersøkingar og presentere enkle uttrykk for mengd og storleik i diagram og tabellar
  • skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep
  • skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår
  • gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og menneskeverd

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
  • samtale om korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar og fantasere om dei første menneska som kom til landet etter istida
  • beskrive sentrale trekk ved samisk kultur og levemåte fram til kristninga av samane
  • beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen og gjere greie for korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden
  • samtale om kvifor og korleis ein feirar 17. mai og 6. februar, og fortelje om nasjonaldagane i nokre andre land
  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
  • kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • plassere heimstaden, heimkommunen og heimfylket på kart
  • setje namn på og plassere landa i Norden, verdshava og verdsdelane og finne geografiske nemningar på kart
  • beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim
  • fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land
  • samtale om stader, folk og språk og planleggje og presentere ei reise
  • peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader
  • samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • samtale om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i familien
  • gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i kvardagen, og samtale om korleis forventningane kan opplevast
  • undersøkje pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk
  • samtale om tema knytte til seksualitet, grensesetjing, vald og respekt
  • lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske, og forklare konsekvensar ved å bryte normene
  • utforme og praktisere reglar for samspel med andre og delta i demokratiske avgjersler i skolesamfunnet
  • drøfte oppfatningar av rettferd og likeverd

Kompetansemål etter 7. årssteget

Utforskaren

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • formulere eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking
  • diskutere samfunnsfaglege tema med respekt for andre sitt syn, bruke relevante fagomgrep og skilje mellom meiningar og fakta
  • lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart
  • gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram
  • finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk
  • bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett
  • skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
  • gjere greie for korleis dei nordiske statane og Russland trekte grensene på Nordkalotten mellom seg fram til første halvdelen av 1800-talet, og korleis dette påverka kulturen og levekåra til samane og forholdet samane hadde til statane
  • gjere greie for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved rettane, historia og levekåra til dei nasjonale minoritetane
  • beskrive utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg
  • plassere tidlege elvekulturar på kart og tidsline og presentere sentrale trekk ved dei
  • finne informasjon om greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eiga tid
  • gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
  • framstille oppdagingsreiser europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dette kunne opplevast

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke atlas, hente ut informasjon frå papirbaserte temakart og digitale karttenester og plassere nabokommunane, fylka i Noreg, dei tradisjonelle samiske områda og dei største landa i verda på kart
  • registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet
  • forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
  • samanlikne likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar
  • gjere greie for klima- og vegetasjonssoner i verda og korleis menneske gjer seg nytte av dei
  • beskrive korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast
  • beskrive korleis Noreg brukar ressursar frå andre stader i verda
  • registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gje døme på og diskutere korleis kommersiell påverknad frå ulike medium kan verke inn på forbruksvanar og personleg økonomi
  • samtale om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering og samliv og familie og diskutere konsekvensar av manglande respekt for ulikskap
  • beskrive roller i eigen kvardag og undersøkje og samtale om forventningar som knyter seg til desse rollene
  • gje døme på korleis kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i ulike medium og diskutere dei ulike forventningane det kan skape
  • drøfte spørsmål omkring og konsekvensar av bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
  • gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
  • gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati
  • gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg
  • gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad
  • gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur
  • gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag
  • presentere ein aktuell samfunnskonflikt og drøfte forslag til løysing
  • diskutere formålet med FN og anna internasjonalt samarbeid, også urfolkssamarbeid, og gje døme på den rolla Noreg har i samarbeidet

Kompetansemål etter 10. årssteget

Utforskaren

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg
  • bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre
  • bruke statistiske kjelder til å berekne og beskrive tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdere om statistikken gjev påliteleg informasjon
  • vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
  • reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene
  • identifisere samfunnsfaglege argument, fakta og påstandar i samfunnsdebattar og diskusjonar på Internett, vurdere dei kritisk og vurdere rettar og konsekvensar når ein offentleggjer noko på Internett
  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar
  • skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar

Historie

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  • drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv
  • presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå midt på 1800-talet til i dag og konsekvensar av fornorskingspolitikken og samanes kamp for rettane sine
  • presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
  • gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag
  • gjere greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
  • gjere greie for idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og beskrive følgjer dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg
  • gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering
  • drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet
  • drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar

Geografi

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar
  • lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart, målestokk og kartteikn
  • gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
  • utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
  • undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling
  • undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt
  • samanlikne storleik, struktur og vekst i befolkningar og analysere befolkningsutvikling, urbanisering og flytting i nyare tid
  • kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling

Samfunnskunnskap

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette til aktuelle samfunnsspørsmål og argumentere for eige syn
  • gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og deira rollefordeling og samanlikne dei med institusjonar i andre land
  • gje døme på kva samarbeid, medverknad og demokrati inneber nasjonalt, lokalt, i organisasjonar og i skolen
  • gjere greie for hovudprinsippa i FN-pakta, FNs menneskerettserklæring og sentrale FN-konvensjonar, mellom anna ILO-konvensjonen om urfolks rettar, vise korleis dei kjem til syne i lovgjeving, og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar
  • gje døme på korleis oppfatningar om forholdet mellom kjærleik og seksualitet kan variere i og mellom kulturar
  • analysere kjønnsroller i skildringar av seksualitet og forklare skilnaden på ønskt seksuell kontakt og seksuelle overgrep
  • gje døme på korleis eit lovbrot er behandla, diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet og forklare korleis rettsstaten fungerer
  • gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme
  • gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg, og gjere greie for rettane til forbrukarane
  • beskrive utvikling og konsekvensar av tobakks- og rusmiddelbruk i Noreg og diskutere haldningar til rusmiddel
  • beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis han heng saman med den globale økonomien

Kompetansemål etter Vg1/ Vg2

Utforskaren

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar
  • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep
  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene
  • bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling
  • drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg

Individ, samfunn og kultur

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje og diskutere trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
  • gjere greie for rettane ein har som forbrukar, og diskutere forbrukarens etiske ansvar
  • rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
  • analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettsstaten fungerer
  • definere omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
  • beskrive trekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
  • diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar
  • drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette

Arbeids- og næringsliv

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • finne informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar ho kan reduserast på
  • diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet
  • gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønns- og arbeidsvilkår
  • vurdere moglegheiter for og utfordringar ved å etablere ei bedrift og trekkje ut hovudlinene i ein resultat- og balanserekneskap
  • drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad

Politikk og demokrati

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad
  • gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, mellom anna representasjon frå urfolk og minoritetar
  • diskutere korleis makt og innverknad kan variere på grunnlag av etnisitet og sosioøkonomiske forhold
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet
  • analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved den økonomiske politikken i Noreg
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor
  • diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei

Internasjonale forhold

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
  • definere omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  • gjere greie for EUs mål og styringsorgan og diskutere Noregs forhold til EU
  • finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere
  • gjere greie for ulike forklaringar på kvifor det finst fattige og rike land, og diskutere tiltak for å redusere fattigdommen i verda
  • diskutere kjenneteikn på og årsaker til terrorisme

Vurdering

Retningsliner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane skal ha éin standpunktkarakter.

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for formgjevingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og utdanningsprogram for musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane skal ha éin standpunktkarakter.

Eksamen for elevar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Elevane kan trekkjast ut til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for formgjevingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og utdanningsprogram for musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane kan trekkjast ut til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Årssteg

Ordning

10. årssteget

Sjå ordninga som gjeld for grunnskoleopplæring for vaksne.

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2 utdanningsprogram for studiespesialisering – programområde for formgjevingsfag

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag og utdanningsprogram for musikk, dans og drama

Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistane skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!