Læreplan i valfaget reiseliv (RSL1-01)

Utgått


Denne læreplanen har utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 14.05.2013.

Gjelder fra: 2013-08-01T00:00:00 +2

Gjelder til: 2020-07-31T00:00:00 +2

Føremål

Valfaga skal medverke til at elevane, kvar for seg eller i fellesskap, styrkjer lysta til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal medverke til heilskap og samanheng i opplæringa.

Vi lever i eit globalisert samfunn. Meir fritid og moderne transportmiddel gjer det mogleg å kunne nå stadig nye reisemål i utlandet. Samtidig er det viktig å ta vare på og medverke til vidare bruk av lokale reisemål og å gjere det mogleg med fritidsaktivitetar på heimstaden. Samfunnet treng derfor kreative og samfunnsbevisste menneske som kan gjere sitt til å skape meiningsfullt innhald i ferie og fritid for seg sjølve og andre, og som er medvitne om kva ferie- og fritidsaktivitetar kan ha å seie når det gjeld å utvikle respekt, forståing og toleranse for andre, og for deira kultur og levekår.

Valfaget skal medverke til at elevane får kunnskap om sentrale reisemål lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Elevane skal kunne nytte informasjon frå ulike reiseaktørar lokalt og nasjonalt. Valfaget skal òg vere med på å gje innsikt i kulturelle særtrekk og levesett ved eigne og andre sine kulturar. Vidare skal elevane kunne presentere ulike reisemål og kostnader ved ulike reiser og reisemåtar.

Valfaget handlar om å planleggje og presentere ferie- og fritidsopplegg og reisemål i inn- og utland for ulike målgrupper. Bruk av engelsk og/eller andre framandspråk i arbeidet med innhenting av informasjon og/eller i presentasjonen er sentralt i faget. Berekning av kostnader ved reisa i ulike valutaer kan høyre med. Opplæringa skal vere praktisk innretta, og bruk av alternative læringsarenaer og samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet er ein del av opplæringa, når det er naturleg.

Faget hentar hovudelement frå faga samfunnsfag, norsk/samisk, engelsk og framandspråk, men kan òg hente element frå matematikk, naturfag, kunst og handverk/duodji og RLE.

Hovudområde

Valfaget er strukturert i to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre, og ein må sjå dei i samanheng.

Oversikt over hovudområda:

Hovudområde

Planlegging

Presentasjon

Planlegging

Hovudområdet handlar om å gjere seg kjend med ulike turistmål med tilhøyrande attraksjonar og moglege fritidsaktivitetar lokalt, nasjonalt eller i andre land. Kunnskap om kulturelle særtrekk og toleranse for andre og deira kultur og levekår inngår i hovudområdet. Vidare handlar det om å innhente informasjon om ulike reisemål ved å bruke digitale verktøy eller ved å kontakte lokale aktørar. Dialog med aktuelle målgrupper for å finne ut kva for ferie- og turopplegg dei ønskjer, er sentralt i hovudområdet.

Presentasjon

Hovudområdet inneber å velje ut eitt eller fleire aktuelle reisemål for ulike målgrupper. I hovudområdet inngår utarbeiding og presentasjon av forslag til ferdige reise- og aktivitetsopplegg, gjerne på fleire språk. Formidling av informasjon om kva som kjenneteiknar kulturen og særtrekk ved reisemålet inngår i hovudområdet.

Timetal

Valfaget reiseliv: 57 årstimar

Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla på premissane for faget.

Kompetansemål

Reiseliv

Planlegging

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke ulike kjelder for å hente informasjon om sentrale reisemål innanfor eitt eller fleire geografiske område
  • undersøkje kva som kjenneteiknar kultur og særtrekk i dei ulike reisemåla
  • utarbeide ei oversikt over kva ulike turistmål kan tilby av ferieaktivitetar og attraksjonar
  • undersøkje kva målgrupper som kan vere aktuelle for valt reisemål

Presentasjon

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere og velje reisemål og ferieaktivitetar som kan eigne seg for ulike målgrupper
  • presentere kulturelle kjenneteikn og særtrekk ved valde reisemål
  • bruke eigna verktøy for å presentere turistmål eller reiseopplegg for andre ved hjelp av tekst, bilete, film og lyd
  • presentere reisemål og ferieopplegg for andre, gjerne på ulike språk

Vurdering

Retningsliner for sluttvurdering:

Standpunktvurdering

Årssteg

Ordning

Når faget blir avslutta

Elevane skal ha ein standpunktkarakter

Eksamen for elevar

Årssteg

Ordning

Når faget blir avslutta

Det er ikkje eksamen i faget

Eksamen for privatistar

Årssteg

Ordning

Når faget blir avslutta

Det er ikkje privatistordning i faget

Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!