Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 8. juni 2012.
Gjelder fra: 2012-08-01T00:00:00 +2
Gjelder til: 2020-07-31T00:00:00 +2
Føremål
Valfaga skal medverke til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrker lysta til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valgfaga er tverrfaglege og skal medverke til heilskap og samanheng i opplæringa.
Samfunnet treng skapande menneske som ser moglegheiter for nye og framtidige arbeidsplassar som kan sikre vidareføring og utvikling av velferd og velstand. Valfaget produksjon av varer og tenester skal medverke til å utvikle ein kultur for entreprenørskap og eit samfunn der skapartrong, kreativitet og innovasjon blir verdsette. Valfaget skal medverke til å auke forståinga for det lokale ressursgrunnlaget, og vise korleis dette kan utnyttast på ein miljømessig berekraftig måte.
Opplæringa skal medverke til å utvikle kreativitet og skaparglede ved å stimulere interessene til elevane og styrkje deira sjølvtillit og motivasjon for å lære. Opplæringa skal medverke til at elevane ser moglegheiter og utfordringar i lokalmiljøet, og inspirere dei til å bruke kompetansen i og utanfor skolen. Elevane skal få praktisk trening i idéutvikling og med dei prosessane som er nødvendige for å ferdigstille og tilby ei vare eller ei teneste.
Gjennom praktisk arbeid skal elevane få grunnleggjande erfaring med entreprenørskap, og dei skal samarbeide om å etablere ei verksemd som omfattar prosessen frå idé til ferdig produkt. Bruk av ulike læringsarenaer og samarbeid med ulike aktørar i lokalsamfunnet er ein del av opplæringa, der det er naturleg. Evne til samarbeid og kommunikasjon skal utviklast i praktisk samhandling med medelevar og evt. andre aktørar. Elevane skal øve opp evna til kritisk tenking gjennom dei vala dei må ta for å gjere ferdig ei vare eller ei teneste.
Valfaget hentar hovudelement frå kunst og handverk/duodji og frå mat og helse. Element frå norsk/samisk, matematikk og samfunnsfag kan også inngå.
Hovudområde
Valfaget er strukturert i to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre, og ein må sjå dei i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Hovudområde | |
Idéutvikling | Produksjon |
Idéutvikling
Prosessen frå å utvikle ein forretningsidé til å etablere ei verksemd er sentralt i hovudområdet. Elevane skal identifisere behova for varer og tenester i lokalsamfunnet og vurdere korleis dei kan tilfredsstillast gjennom eit nytt produkt, eller ved å vidareutvikle eit produkt som allereie eksisterer.
Produksjon
Hovudområdet handlar om prosessen med å planleggje, produsere og marknadsføre varene eller tenestene fram til dei kan leverast. Hovudområdet omfattar erfaring med å bruke lokale ressursar i tillegg til budsjettering og rekneskap.
Timetal
Valfaget produksjon av varer og tenester: 57 årstimar
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla på premissane for faget.
Kompetansemål
Produksjon av varer og tenester
Idéutvikling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne- identifisere behova for varer og tenester på skolen eller i lokalsamfunnet
- vurdere korleis behova kan tilfredsstillast gjennom nye varer og tenester eller ved å vidareutvikle dei som allereie eksisterer
- utvikle ein forretningsidé og etablere ei verksemd
Produksjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne- planleggje, produsere, marknadsføre og tilby ei vare eller teneste til ei definert målgruppe
- setje opp eit enkelt budsjett og ein enkel rekneskap for arbeidet
- utnytte ressursar i lokalsamfunnet på ein føremålstenleg måte
Vurdering
Retningsliner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Årssteg | Ordning |
10. årstrinn eller det trinnet faget blir avslutta på | Elevane skal ha ein standpunktkarakter |
Eksamen for elevar
Årssteg | Ordning |
10. årstrinn eller det trinnet faget blir avslutta på | Det er ikkje eksamen i faget |
Eksamen for privatistar
Årssteg | Ordning |
10. årstrinn eller det trinnet faget blir avslutta på | Det er ikkje privatistordning i faget |
Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.